Uroa over kompetansekrav

Kunnskapssynet som gjer seg gjeldande når førstelektor- og dosent-kompetanse står på dagsorden gir grunn til uro, skriv dekan ved Høgskulen på Vestlandet, Anne-Grethe Naustdal.

Publisert Oppdatert

I 2015 og 2016 har førstelektor og dosentar sitt faglege ansvar og fullmakter vorte søkt snevra inn av regjering, universitet og høgskular. Samstundes har førsteamanuensar og professorar sin posisjon blitt tilsvarande styrka og utvida.

Retningsgjevande vedtak vert gjort utan grunnlag i gjeldande regelverk og utan omsyn til at nye forskrifter om ulike kvalifiseringsvegar og kompetanseformer i høgare utdanning er i støypeskeia.  Dermed vert det hegemoniet til universiteta og deira tradisjonelle verdsetjing av kunnskap som vert formande. Satt på spissen kan ein seie at teoretisk kunnskap vert høgt akta og institusjonalisert og at praktisk kunnskap vert oversett og utestengd.

Norsk høgare utdanning har sidan 1995 hatt to karrierevegar. I samband med innføring av høgskulereforma i 1994 var det behov for ein felles stillingsstruktur for undervisnings- og forskarstillingar (KUF 1995). Ny forskrift i 2006 presiserte kompetansekrava og at det skulle vere to likeverdige karrierevegar. 

Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger seier at stillingar som førsteamanuensis/førstelektor og professor/dosent, skal sjåast som å vere på same nivå, men med ulike innretningar (KD, 2006). Førstelektor-/dosentvegen har meir fokus på forskings- og utviklingsarbeid mot profesjons- og yrkesfeltet, og omfattande pedagogisk utviklingsarbeid, medan førsteamanuensis-/professorvegen følgjer eit formalisert forskarprogram med fokus på disiplinbasert og vitskapeleg forskarkompetanse (UHR, 2006:3).

Men kvalifiseringsordninga er sett under nasjonal debatt. Ei arbeidsgruppe nedsett av Universitets- og høgskulerådet (UHR) konkluderte i 2012 med at førstelektorordninga bør avviklast og heller  leggast inn i ei utvida ph.d.-ordning (Vøllstad et.al, 2012).

Berre eitt syn på kva som er legitim vitskap og verdfull kunnskap synest vere rådande. 

Anne-Grethe Naustdal

UHR fekk brei støtte i høyringsprosessen. Ei innstilling vart sendt til Kunnskapsdepartementet (KD) i 2013. I 2015 kom det revidert Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, der det ikkje er gjort endringar i karrierevegane. Eit likeverdig nivå mellom dei to karrierevegane er såleis stadfesta (KD, 2015a). I Meld.St:18 om strukturreforma er også dei fire førstekompetansestillingane beskrive som likeverdig indikator på høg kompetanse i fagmiljøet (KD, 2015b: 28).

Til tross for uendra formelle krav til førstestillingskompetanse, ser vi likevel ei endring i praksis:

Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA) la i 2012 sitt eige førstelektorprogram på is. I 2014 avvikla styret ved HiOA heile kvalifiseringsordninga, som då hadde vart i 10 år. Utgreiinga som låg bak styret si avvikling trakk fram usikkerheita knytt til førstelektor som karriereløp (Osland & Jarning, 2014).

Ein UHR-rapport frå 2012 tilrår at all kvalifisering til førstestillingsnivå samlast under ei Ph.d.-ordning (Vøllestad et.al, 2012: 39). Men rapporten gjer lite greie for organiseringa av ei slik Ph.d.-ordning og kva som eventuelt skal skje med dei som i dag har stillingar som førstelektor og dosent.

Kunnskapsdepartementet kom i november 2015 med framlegg til endringar i Forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning (KD, 2015c). Departementet foreslo at dosentar ikkje lenger skal sidestillast med professorkompetanse og slik ikkje lenger telje som toppkompetanse ved akkreditering av masterutdanningane. Denne endringa vart ikkje vedteken i endeleg forskrift, men gav likevel signal om departementet si tenking..

I februar 2016 kom ein rapport frå ei arbeidsgruppe ved NTNU og UiT Norges arktiske universitet, med forslag til meritteringssystem for undervisning (Grepperud et.al, 2016). Den professortunge arbeidsgruppa drøftar om det er tenleg å ha to karrierespor. Arbeidsgruppa tilrår å  satse på at universitetslektorar, førsteamanuensar og professorar kan oppnå status som «merittert underviser» ved å fylle bestemte kriterier. Dei som oppfyller krava vil få auka status, tre lønnstrinn i auke og kanskje ein utdanningstermin.

Førstelektorar og dosentar er ikkje foreslått inn i ordninga, med grunngjeving i at undervisningskompetansen frå før ligg på høgt nivå i desse stillingane. Arbeidsgruppa finn det ikkje hensiktsmessig å etablere eit eige meritteringssystem for ei gruppe tilsette som etter fusjonar mellom universitet og høgskular berre utgjer 5,6 prosent, det vil seie  172,6 årsverk førstelektorar og 33, 3 årsverk dosentar (Grepperud  al., 2016:40-43).

Andre universitets- og høgskuleinstitusjonar utgreier no eit tilsvarande meritteringssystem for førsteamanuensar og professorar.

Innan faglege leiarstillingar ser vi eksempel på at førstelektorar og dosentar sin kompetanse vert underkjent. Styret ved den nyleg fusjonerte Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN) vedtok i styremøte i januar 2016 at førstelektorar og dosentar ikkje er kvalifiserte søkjarar til dekanstillingar (Khrono, 2016b).

Nord universitet må etter fusjonen heve kompetansen til 100 av sine fagtilsette for å klare å behalde universitetsstatusen. Dei vil nedprioritere førstelektor-/dosentvegen med grunngjeving i at fleire professorar og førsteamanuensar vil vege tyngre i søknadsprosesser og dermed få størst ringverknadar også økonomisk (Khrono, 2016c).

Rapporten til NTNU/UiT avviklar langt på veg kvalifiseringsløpet til førstelektor-/dosent. Dei skriv mellom anna følgjande:

«Dette til tross mener arbeidsgruppen at førsteamanuensis- og professorstillingene har en viss forrang, med den forskjell i status mellom de to karriereveiene som det medfører. Det er f.eks. ingen oppgaver eller ansvarsområder som er forbeholdt førstelektor- eller dosentkategoriene og som slik sett kunne ha styrket deres status og legitimitet. Dette gjør at opprykk til slike stillinger mer handler om lønnsøkning enn om nye oppgaver eller utvidet ansvarsområde» (Grepperud et.al 2016:41).

Det vert uttrykt «sympati» for grunngjeving for etablering av kvalifiseringsvegen, men ein ser det som uheldig med ei todelt karriereordning kor undervisning vert prioritert i det eine sporet og forsking i det andre. Ei slik forenkla framstilling av kva førstelektor-/dosentvegen er, tek lite omsyn til kva kunnskap ein faktisk byggjer ved å ta denne kvalifiseringa. Forskrifta sine krav om «omfattende forsknings- og utviklingsarbeid rettet mot profesjons- og yrkesfelt, og omfattende pedagogisk utviklingsarbeid», er instruktive for den som vil ta denne kunnskapen på alvor

I eit landskap der  mange snakkar og skriv førstelektor-/dosentvegen systematisk ned og bort, er det interessant å observere at rektor ved Norges største universitet, NTNU, samstundes går ut og framsnakkar førslektorane og dosentane.  

Gunnar Bovim seier at vi må gjere dei til noko meir enn «de som ikke har doktorgrad» (Khrono, 2016a). I same artikkel kan vi lese at rektor ved HiOA, Curt Rice, verdset bidraget frå førstelektorar-/dosentar like mykje som frå førsteamanuensar-/professorar. Han presiserer at bidraga er forskjellig, men «alle bidrar på gode og viktige måter til det universitetet vi skal bli» (Khrono, 2016a).

Det same konkluderte  den  grundige artikkelen «To karrierevegar – jamstilte, men ulike.» i 2009. Dei to karrierevegane representerer to sider ved vitskapleg og pedagogisk verksemd som utfyller kvarandre: «Skal høgre utdanning oppfylle sitt samfunnsmandat, dvs. produsere, utvikle og formidle kunnskap, må dei ulike oppgåvene få like mykje merksemd og plass.»(Bjørke & Braut (2009:49)

Kunnskapssynet som gjer seg gjeldande når førstelektor- og dosent-kompetanse står på dagsorden gir grunn til uro. På kvar sin måte og i ulike kontekstar vert det gjort vurderingar som set førstelektor og dosentar i eit meir underordna forhold i høve til førsteamanuensar og professorar, enn det forskrift og retningsliner gjev grunnlag for. 

Dette skjer utan noko reell vurdering av kva type kunnskap førstelektorar og dosentar representerer, korkje dei som er tilsette  i eigen institusjon eller nasjonalt. Når ein ikkje gjer seg flid med slike vurderingar vert den aktuelle kunnskapen gjort usynleg og  mindre viktig. Berre eitt syn på kva som er legitim vitskap og verdfull kunnskap synest vere rådande. Kva type akademiske institusjonar ser vi her konturane av?

Tempoet for å avklara stillingsstrukturane i høgare utdanning bør no skruast kraftig opp. Stillingsstrukturane må settast i takt med strukturreforma og endringar på institusjonsnivå. Ved Høgskulen på Vestlandet si Avdeling for samfunnsfag, der eg er dekan, er fleire godt i gang med sine førelektorkvalifiseringsløp og nokre står i startgropa. Alle involverte må vite at denne satsinga vil gje frukter, både den einskilde som legg ned mykje tid og krefter i å kvalifisere seg og for institusjonane som treng fyrstestillingskompetanse for å oppfylle sitt mandat.

Det herskar no eit utilbørleg stort spenn av ulike tolkingar og utvikling av ulike praksisar knytt til eit regelverk som framleis er fullt gjeldande. Sektoren har i tre tiår demonstrert at gjeldande praksis ikkje er fruktbar, verken fagleg eller organisatorisk.

 

Kjelder:

Bjørke, G. & Braut, G.S (2009): To karrierevegar – jamstilte, men ulike. Uniped 4/2009:40-50.

Engelsen, K.S; Moser, T. og Wittek, L.(2013):  «… på nivå og omfang med …» Førstekvalifisering gjennom førstelektorløp – en analyse basert på erfaringer fra lærerutdanningene. Uniped 04.

Grepperud, G. et.al . (2016) Innsats for kvalitet Forslag til et meritteringssystem for undervisning ved UiT Norges arktiske universitet og NTNU. Rapport frå en arbeidsgruppe frå UiT og NTNU.

KD (1996). Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

KD (2012) Meld. St. 13 (2011–2012) Utdanning for velferd. Samspill i praksis.

KD (2015a). Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

KD (2015b) Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren  

KD (2015c) Høring- forslag til endring i forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning. Oversendingsbrev frå Kunnskapsdepartementet 03.11.15

Khrono (2016a) Bovim framsnakker dosentene. Nettartikkel 6.mars 2016

Khrono (2016b) Krevende lederkabal i Sørøst. Nettartikkel 23.februar 2016

Khrono (2016c) Nord: Omfattende planer om opprykk for over 100 tilsatte. Nettartikkel 16.februar 2016.

KUF (1995). Rundskriv F-14-95. Felles stillingsstruktur for undervisnings- og forskningsstillinger ved høgskoler og universiteter. Reglementer for opprykk til førsteamanuensis, førstelektor og førstebibliotekar.

Osland, O. & Jarning, H. (2014) Førstelektorprogram og kvalifisering. Høgskolen i Oslo og Akershus

UHR (2006) Veiledende retningslinjer for søknad og vurdering av søknad om opprykk til førstelektor etter kompetanse. Oslo: Universitets- og høgskolerådet.

Vøllestad, N. K., Fretland, J. O., Fuglseth, A. M., Habib, L., Malterud, N., Ringdal, O., … Vinje, J.-W. (2012). Én ph.d.-grad for fremtidens behov? Kunnskap, ferdigheter, generell kompetanse. Oslo: Universitets- og høgskolerådet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!