Strammar inn

Digital undervising og heimekontor i to veker

Det sosiale livet skal setjast på vent i to veker, undervisinga vert digital og alle som kan bør ha heimekontor, sa statsministeren under ein pressekonferanse sundag kveld.

Statsminister Erna Solberg under pressekonferansen sundag 3. januar
Statsminister Erna Solberg under pressekonferansen sundag 3. januar
Publisert Oppdatert

Bur du åleine, så har du lov til å få besøk av ein eller to personar. Alle andre må setja det sosiale livet på vent i to veker.

Det sa statsminister Erna Solberg under ein pressekonferanse i regi av regjeringa sundag kveld.

For universitets- og høgskulesektoren gjeld fylgjande koronaråd og -oppmodingar framover:

  • All undervising og alle planlagde arrangement vert gjort digitale fram til 18. januar
  • Alle som kan ha heimekontor bør ha det
  • Utandørsaktivitetar kan gjennomførast, dersom det er råd å halda minst éin meters avstand
  • Studentane bør utsetja å reisa tilbake til studiestaden

I tillegg til at alle må setja det sosiale livet på vent, vert det innført forbod mot å samla fleire enn fem personar til private arrangement utanfor heimen dei neste to vekene.

Orienterte sektoren seint laurdag

Seint laurdag kveld vart universitets- og høgskuleleiarane informerte om at regjeringa ber studentane om ikkje å reise tilbake til studiestaden sin før 18. januar. Målet med tiltaket er å dempa smittetrykket.

Kunnskapsminister Guri Melby forsvarte under pressekonferansen at dette rådet fyrst kom så seint som det gjorde.

— Det er slik at vi heile tida gjer vurderingar av tiltaka ut ifrå smittesituasjonen. Vi skulle gjerne ha vore tidlegare ute med både tiltak, råd og tilrådingar, men vi meiner at det ikkje er rett å koma med slike råd og tiltak før vi har før me faktisk har den kunnskapen som tilseier at dette er rette tiltak, sa ho.

Kunnskapsminister Guri Melby under pressekonferansen 3. januar.
Kunnskapsminister Guri Melby under pressekonferansen 3. januar.

— Vi håpar at med å gje rådet alt laurdag, slik at det kom i forkant av pakken som kom i dag, ville nå fram til flest mogleg. Vi håpar at dei som ynskjer å bli verande heime, fekk sjansen til det, sa Melby.

Rektorane reagerer

Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen var ein av dei som reagerte, og understreka i ei melding på Facebook at nye studentar ved UiO er velkomne frå måndag 4.januar.

Rektor ved UiT Noregs arktiske universitet Anne Husebekk, kalla informasjonen som kom via pressa og på e-post for «veldig spesiell».

— Det er sterkt kritikkverdig, og eg likte det ikkje. Vi ventar oss meir enn dette. Så langt ut i pandemien venter vi litt meir av regjeringa enn det vi gjorde i mars i fjor, sa Husebekk til Khrono sundag ettermiddag.

I eit innlegg på Twitter skriv NSO-leiar Andreas Trohjell sundag mellom anna:

«Jeg frykter vi får skyhøye frafallstall, en generasjon med svært stor gjeld, og en gruppe som mister tro på at velferdssamfunnet skal ta vare på dem i krisetid. Og en ensom generasjon. For ikke å snakke om en generasjon med store psykiske helseutfordringer - der er vi allerede på vei.»

Statsministeren seier at tiltaka vert vurderte på nytt om to veker.

Powered by Labrador CMS