Debatt ● Kristoffer M. Egset
Det nyttar ikkje snu trenden ved å utfordre oss til å symje i eit badekar
Kjære førebilete, lektorar og professorar, Takk for forståinga! Men har de eigentleg forstått det?
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det er ei god historie om landslagslaget i symjing. Det kan vere ei god samanlikning med professorar som forskar, men eg ser ikkje at eksempelet speglar studentane sin kvardag. Vi set veldig pris på tilrettelegging og forståing for situasjonen vår. Vi hadde aldri klart dette utan dykk. Studentane er veldig interesserte i moglegheitsrommet, som mange utnyttar, men det er ikkje alle studentar som har meir tid, moglegheit og kapasitet å dedikere til studiekvardagen. Her trengst det ein god gammaldags «reality check».
Eg trur ikkje landslaget hadde hatt like godt utbytte, om dei brukte si dedikerte tid i eit badekar.
Kristoffer Myklebust Egset
De les rapportar om kor utfordrande det er å vere student. Det er fordi det har vore, og framleis er veldig utfordrande. Det er ikkje noko meir utfordrande berre fordi vi får vite resultata. Det er heller ei stadfesting på at fleire studentar føler det same. Mange studentar har halde pusten lenge, akseptert å bli forskjellsbehandla og kome ganske dårleg ut av det heile, men vi har eitt mål for auge – å gjere det så godt som mogleg på studiet.
«Vi kan alle lære av svømmerne!» Einig. Landslaget i symjing er mindre sosiale og har meir tid til å fokusere og dedikere til symjetrening. Like eins kan ein forskar isolere seg i stua, loftet, kjellaren, hytta, og dedikere meir fokus til forskingsarbeidet. Men studentane har ikkje dei same moglegheitene eller utgangspunktet som de førespeglar. Det er det vi har lært.
Eg trur ikkje landslaget hadde hatt like godt utbytte, om dei brukte si dedikerte tid i eit badekar.
Slik er det for mange studentar. Symjarane kan bruke symjehall, professorar fekk arbeidsstasjon heime. Men studentar har sett at senga kan brukast til nye ting, og at zoom krev oppgradering av wifi. Opp på alt dette her så har studentane opplevd økonomisk uføreseielegheit, alternative eksamenar og førelesingar, mindre kontakt med førelesarar og studiekameratar. Ein uføreseieleg og dynamisk kvardag – det gjer det vanskeleg å lage vekeplan.
Sjølv om det slo meg som litt nedverdigande at de vil fortelje meg når eg skal stå opp om dagen, så løfter det oss kanskje til landslagsnivå i studering, om de gir oss den støttefunksjonen landslaget i symjing har. Det ser ut som om de har mykje å kome med, men eg ser ikkje konkrete eksempel på det i innlegget. Sidan de har fått så mykje meir kapasitet som nemnd, kan de kanskje lage studieplanar éin til éin til kvar einaste student då? Eg ser fram til ei slik innkalling.
Viss studenten kunne frigjere seg frå bekymringar, belastningar og vanskelege økonomiske plikter, så kunne vi kanskje utnytta den nye kvardagen like bra som landslaget. Det er ikkje berre å dedikere meir fokus når det er så mykje anna støy og utfordringar som MÅ prioriterast.
Ein kort periode kan alle klare. Vi har jo alle skrive notat på trikken eller på toget, forseinka til ei førelesing, eller sete ein heil dag med ein dataskjerm i senga, for å pugge inn den siste formelen til eksamen. Slik som rapportane de referer til seier, så er det meir enn berre studiet som utfordrar studenten.
Den sjølvforsterkande spiralen om utfordringane det er å vere student, kan det vere at han kjem av at studentane rett og slett har sumt litt lenge i badekaret? Eg er einig i at moglegheitene er der, og at mange studentar klarer dette her veldig fint. Men denne utfordrande studiekvardagen har for mange vorte ein einaste lang innspurt, og mange studentar begynner å få syre i armane. De samanliknar studentane med toppidrettsutøvarar, som «endeleg» har fått mindre tid til venner og fritid, som har ført til meir fokus og dedikasjon i treningsarbeidet. Den enkelte student er ikkje toppidrettsutøvar. Mange studentar er avhengige av å kome seg ut av den tronge hybelen, møte venner, vere sosial og utvikle seg sjølve. Arbeidsplassar (samanlikn det gjerne med symjehallen) har heller ikkje vore like tilgjengeleg.
Dersom symjetrenarane hadde ropt «nesten der, siste innspurt» til symjarane, om og om igjen, gjennom heile treningsøkta på ni månader, så hadde det truleg ført til eit utslått landslag til slutt.
Vi må gjere meir enn berre å snakke om moglegheitene. Eg trur at på lik linje som landslaget, så har de faglege meir tid til å betre førelesingane på heimekontoret i stua, hytta eller kjellaren, sidan de ikkje brukar så mykje tid i kantina, kontoret eller på reiser. Vi studentar har definitivt meir tid til å betre våre akademiske prestasjonar, men då må vi ta eit oppgjer med anna støy og distraksjonar. Vi bur i små kollektiv, mange med berre éi seng, felles kjøkken og bad og handlar billig mat for å få råd til pensum bøker. Desse kvardagane kan ikkje samanliknast med førelesar- og landslagtreningsrutinar.
Kort sagt: Vi vil gjere bli utfordra til å utnytte moglegheitsrommet, men skal de snu trenden ved å utfordre oss til å symje i eit badekar, kan det føre til at studenten droppar meir enn live-førelesinga.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut