Ni campus, ni hundre kilometer. Khrono køyrde gjennom Nord universitet:

Ida Maria Børli Sivertsen frå Nesna er ikkje lenger berre frontfigur på ei rockescene. No er ho frontfigur for eit distriktsopprør. Foto: Paul S. Amundsen

Det forbanna universitetet

Rektor har lagt fram ein plan for å sy saman eit meir robust Nord universitet. På grasrota raknar saumane sting for sting.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

1. Introduksjon

Stokmarknes-Bodø-Mo i Rana-Nesna-Sandnessjøen-Namsos-Steinkjer-Levanger-Stjørdal (Khrono): Ho er i eit helvetes humør, Ida Maria Børli Sivertsen, betre kjent som rockeartisten Ida Maria. Ho bur ikkje lenger i Los Angeles. No er ho ordførarkandidat i ein kommune på Helgeland med 1784 innbyggarar. Og klar for kamp.

— Då politiet endeleg rakk fram, med skjold og full utrustning og det heile, var alt pent rydda opp, flirer ordførarkandidaten.

For nokre veker sidan stod ho i spissen då bygdefolket sperra Fylkesveg 17 med traktorar og flammande oljetønner. Plakatane hadde påskrifter som «Mord universitet» og «Bodø dreper Helgeland».

Eg har ikkje utdanning, men eg har danning.

Ida Maria Børli Sivertsen

Dersom rektor og leiinga for Nord universitet i Bodø får viljen sin, blir sjølve hjørnesteinen lagt ned: Nord universitet, avdeling Nesna. Heile bygda er i kamp, alle har ein aksje i Campus Nesna: ei utdanning, ein jobb, ein mann, ei kone. Ida Maria har begge foreldra sine der.

Politiet i nabobyen Mo i Rana gjorde det klart at dei kom til å rydde fylkesvegen, men rakk ikkje fram.

— Ein herleg illustrasjon på konsekvensane av sentraliseringa, ikkje sant?

Latteren gjallar kring ein blågrå Volkswagen 2009-modell som har parkert utanfor hovudinngangen. Bak rattet, Hans Petter Sørensen, fotograf, miljøterapeut og i dag sjåfør for Ida Maria som har ein avtale ho kjem for seint til. Han brukar det han har, det var han som tok bilda av aksjonen på fylkesvegen, som gjekk landet rundt.

— Eg vil redde bygda mi, seier han.

Han er halvstudert røvar. Ida Maria er ikkje eingong halvstudert, hennar day job, som ho kallar det, har vore å spele rockekonsertar. Men no handlar alt om kampen.

— Eg har ikkje utdanning, men eg har danning. Fordi denne akademiske institusjonen finst her, seier ho.

Ida Maria skiftar snus. Hans Petter sjekkar likes. Facebook-gruppa «Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland» har bikka 20 000 medlemmer.

Dei er i eit helvetes humør.

1.2 Indikator for attraktivitet

«Konsentrasjon for kvalitet», sa kunnskapsministeren. Færre og større einingar, befalte Stortinget. Dermed vart Nord universitet skapt, gjennom ein fusjon mellom Universitet i Nordland i Bodø og høgskular i nordreTrøndelag og på Helgeland i 2016.

Frå Stokmarknes i nord til Stjørdal i sør er det nesten 900 kilometer. Det er omtrent dobbelt så langt som distansen mellom Oslo og Bergen. Nord er Noregs lengste, i alle fall mest avlange, og for tida mest trøblete.

Sidan starten har det vore eit strev å leve opp til nye krav til produksjon, gradar og poeng. Tilsynsorganet Nokut har meir eller mindre konstant trua med å trekke heile universitetsstatusen.

Ei etter kvart vanleg feilstaving ved Nord universitet. Foto: Paul S. Amundsen

Konsulenteselskapet PricewaterhouseCoo-pers (PwC) har hjelpt universitetsleiinga med å prøve å få terrenget til å stemme med kartet. I januar presenterte PwC ein rapport spekka med «strukturelle utfordringer». Ikkje lenge etter kom statsråden nordover for «å snakke alvor». Deretter gjekk dåverande rektor av.

I april presenterte konstituert rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, ein plan for ny struktur. Nord må bli meir «robust», ressursane må konsentrerast i Bodø og i Levanger, på to hovudcampusar. «Dagens studiestedsstruktur er ikke egnet til å fremme god måloppnåelse», heiter det i rapporten.

Det heiter det ikkje på Helgeland.

No står Nord universitet og rektor Hansen i ein posisjon som kan minne om den som oppstår når eine foten står på kaia og den andre på båten, som glir ifrå.

Den 26. juni skal styret ved Nord universitet ta stilling til framtida for Stokmarknes, Bodø, Mo i Rana, Nesna, Sandnessjøen, Namsos, Steinkjer, Levanger og Stjørdal, pluss fagfolk plassert i Verdal og på Leknes i Lofoten — og kanskje også for rektor.

Kven skal ut?

2. Universitetet på Stokmarknes

— Nix, seier praksiskoordinator Hanne-Vibeke Jensen, ho kjem ikkje til å flytte. Ho ser ikkje heilt fordelane med å flytte å flyge inn lærarar og rettleiarar frå Bodø.

— Sjukepleiarutdanninga har 50 prosent praksis. For oss handlar det om å vere tett på for å følgje opp studentane. Eg ser ikkje heilt korleis dette skal bli like bra om vi skal bort. Det er ikkje dårleg med søkarar heller, 178 til 40 plassar, seier Jensen.

Campus Vesterålen på Stokmarknes, kan miste sine 11 fagtilsette. Håpet er å bli satsa på som reindyrka nett- og samlingsbasert studiestad. Koordinator Hanne-Vibeke Jensen (t.v.) tok sjølv desentralisert utdanning her i 1995. Barbro Fjellheim Holm (t.h) og Janne Dahl Rønning. Foto: Paul S. Amundsen

Det er lett å finne fram til universitetet, NORD-skiltet ruver godt under Hurtigrutens hus-skiltet. To roll-ups står i inngangspartiet, vis av vis kinokiosken. Den eine med kart og raude punkt for alle dei ni campusane hos NORD. Den andre spør «Glad i mor?» og svarer «Studer der du bor».

Stokmarknes skal ikkje leggast ned, men alle dei 11 fagleg tilsette, skal ifølgje planen bort og samlast i Bodø. Det hjelp ikkje at sjukepleieutdanninga her kan tilby praksis i det nye sjukehuset på Stokmarknes. Undervisninga må bli forskingsbasert, er eitt av argumenta.

— Men vi har jo forsking, seier kontorsjef Barbro Fjellheim Holm. Ein har disputert, to er på veg. Holm prøver å vere optimist, trass alt.

— Vi ser ikkje på det som skjer som noko nedskalering. Tvert imot. Eg håper vi kan bli den studiestaden som reindyrkar den nett- og samlingsbaserte modellen.

Det trengst, meiner ho, og får støtte frå sjukpleiarkoordinatoren. Ho tok sjølv utdanninga si på det første desentraliserte utdanningstilbodet på Stokmarknes i 1995. Då hadde ho alt familie, alternativet var inga utdanning.

2.2 Universitetet i fjøra på Stokmarknes

— Det hadde ikkje akkurat vore praktisk for meg å studere i Bodø. Det hadde vore umogleg.

Barnehagelærarstudentane på Stokmarknes er sendt på ekskursjon i fjøresteinane der dei skal lære om livet i havkanten. Korstoll og kråkebollar. Svamp, nesledyr. Vêret skiftar og det skal nok bli sommar og så vidare, men akkurat no er det best med to lag ull.

— Erna har jo sagt at vi treng fleire ungar. Det blir jo vanskeleg om alt skal skje sentralt, seier Lone Pettersen i raud boblejakke, med hint av sarkasme. Ho er frå Bø i Vesterålen, er 20 år og har ein tre månader gammal baby. For henne er det eitt alternativ, utdanning her, eller inga utdanning.

Taremare universitetsby: 28 av dei 30 studentane på det nett- og samlingsbaserte barnehagelærarstudiet på Stokmarknes er frå regionen og blir i regionen. Foto: Paul S. Amundsen

Nesten alle studentane som vassar rundt her, er frå regionen, Vesterålen eller Lofoten – 28 av 30. Nesten alle familie eller jobb, eller begge delar. Alle jublar for den nett- og samlingsbaserte barnehageutdanninga.

Den er ikkje i faresonen, enno i alle fall. Lærarane kjem regelmessig med Widerøe frå basen i Bodø.

— Korfor må alle på død og liv vere universitet? seier Renate Fretheim Karlsen, lærar, med eit bankande torskehjarte i handa. – Vi hadde eit tettare og betre miljø då vi var høgskule.

Kanskje ligg det ein heimlengt i botn, ho har røtene på Stokmarknes.

Sørgåande hurtigrute legg til kai på andre sida fjorden. Minner oss på at vi treng seks timar på å komme oss til neste stopp.

3. Universitetet i Bodø

Ho kjem frå Ukraina.

The longest city in Europe, seier Daria Hurova-Solheim. Det er ein time til eksamen, men ho verkar ikkje stressa der ho sit med ein bunke notatar på kontoret, eller kottet for internasjonale studentar på Campus Bodø.

— Draumen min er å jobbe i FN, seier Kristian Velevski Colakov frå Oslo, med røter frå Makedonia. Daria Hurova-Solheim frå Ukraina har kjærast på Fauske og trur ho blir i Bodø. Foto: Paul S. Amundsen

Den ukrainske studenten har ein mann på Fauske utanfor Bodø. Ho blir nok verande i området.

— Eg har jobba i næringslivet, har ein grad i filologi, og no har eg planar om sosiologi. Eg blir kanskje akademikar, seier ho. Det kan bli bra, det. I Bodø skal «fagmiljøene styrkes», ifølgje strukturrapporten.

Det viser seg at den lange heimbyene hennar i Ukraina langt frå er like lang som Nord universitet. Men den har 600 000 fleire innbyggarar enn Bodø.

Your job's a joke, you're broke! Lærarstudentane øver på musikkrommet på Campus Bodø. Frå venstre: Julie Fjellet, Kristian Lorentzen og Tonje Halonen. Foto: Paul S. Amundsen

Vi går oss vill, ei kvinne røyker under skiltet som takkar for at ho ikkje røyker, vi snublar inn i musikkrommet, der lærarstudentar øver på to songar.

a) I’ll be there for you, kjenningsmelodien til TV-serien Friends.

b) Runaway train (never going back, wrong way on a one way track).

Ein plakat annonserer for konsert med Terje Berg på kafeen «Kom heim», han er ute med det kritikarroste albumet «På en liten plass».

På ein annan plakat, Ida Maria.

3.1 Sorg og struktur

Det står «Velkommen» i inngangspartiet, men ikkje til kva. Vi ser etter kommunikasjonssjef Andreas Førde.

— Han sit ofte i enden mot parkeringsplassen, får vi opplyst i informasjonsskranken. Det er free seating. På eit bord i «Prosjektsonen» står det at «Arbeidsplassen skal ryddes hver dag», og det ser ut til at bodskapen når fram. Nokon har sett fram ein liten Dilbert-kalender.

Det handlar ikkje om at folk har gjort ein dårleg jobb.

Hanne Solheim Hansen

— Det er krevjande. Det er ei krevjande sak, seier Førde, som truleg har ein av dei vanskelegaste jobbane på Nord universitet for tida.

— Mange lause kanoner på dekk?

— Det viktige for oss er å komme ut med riktig informasjon. Det er heilt avgjerande for oss at folk stoler på at vi som universitet framstiller fakta, noko som er viktig i eit demokratisk land som Noreg. Særleg akademia og media har eit avgjerande ansvar når det gjeld å få fram fakta, viss eit demokrati skal fungere. I forhold til dei som er leiarar, må vi vere omforent. Eg får vel sitatsjekk. Vi må få sitatsjekk, vi er veldig nøye med å få ut korrekt informasjon.

Konstituert rektor Hanne Solheim Hansen sit i dekanmøte, men ho har ei luke.

Berre å fyre laus.

— Kva brenn du for i jobben din?

— Å legge til rette for god, den beste, forskingsbaserte utdanninga for ungdom i regionen, og å lykkast med det no og i framtida. Det fortener ungdommen og regionen.

— Korfor er det så viktig å vere universitet?

— Du kan seie kva du vil, men når vi skal rekruttere, så har det med status å gjere. Det å vere universitet gjer det lettare å få til dei gode internasjonale utvekslingsavtalane og samarbeid. Det gir oss ein nivåforskjell å ha desse doktorgradane.

Endring av studiestrukturen handlar ikkje om at folk gjer ein dårleg jobb. Vi må tilpasse oss endringane rundt oss. Det gjer litt vondt at eg ikkje når fram med den bodskapen, seier konstituert rektor Hanne Solheim Hansen. Foto: Paul S. Amundsen

Kan det vere fordelar med å vere liten campus også?

— Ja, det er klart. Som student opplever du nok eit nærare forhold til dei som underviser, og det kan vere veldig utviklande.

— Men dette veg ikkje tungt nok?

— Dette handlar om at vi må utnytte ressursane. Vi skal ikkje legge ned, men samle. Dess større du er, dess lettare er det å motivere til forsking, dess lettare å bruke ressursane på ein hensiktsmessig måte og bygge spisskompetanse på fleire område. Og dette har også med utdanningskvalitet å gjere.

— Mange er sinte på deg for tida.

— Eg vurderer det som ein sorgreaksjon. Det er ein veldig menneskeleg sorgreaksjon. Eg har foreslått at noko skal endrast, noko som ein kanskje har jobba i mange år med for å lykkast. Det handlar ikkje om at folk har gjort ein dårleg jobb, men ting rundt oss endrar seg, og vi må tilpasse oss. Det gjer litt vondt at eg ikkje greier å nå fram med den bodskapen.

— Du har ingen sorgreaksjon sjølv? (Hansen er også førsteamanuensis i Steinkjer, red.merkn.)

— Ingen kommentar. Sender du sitatsjekken til Andreas?

4. Universitetet i Mo i Rana

Byen er berre ein generasjon gammal.

Etter at Stortinget i 1946 vedtok å opprette Norsk jernverk, voks ein ny by fram. Pulsen har veksla i takt med konjunkturane. 1989 vart verket lagt ned, men nye tider har skapt ny industri. No kan det gå mot eit løft. Mo kan ta det med ro, staden skal bli sentralen på Helgeland, har strukturplanleggarane tenkt.

I eit av seminarromma på Campus Helgeland i Mo i Rana er det eksamensarbeid. Ifølgje planen til Nord-leiinga skal ingen flyttast frå Mo i Rana. Foto: Paul S. Amundsen

— Før jernverket var dette Meyergårdens pottittland, seier mannen bak disken hos Urmaker Monsen.

Han ser rett mot universitetsbygget som blei opna i 2013. Urmakaren står på pletten byplanleggarene peikte ut som tomt for det første huset i den nye byen.

Inne på universitetet, som også rommar filialar av Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet og Sintef, er det fredeleg. To maskiningeniørstudentar sit fordjupa med eksamensarbeid, det er arbeid å få for maskiningeniørar i industrien her, seier dei, alle treng maskiningeniørar. Ei gruppe spelar eit pedagogisk spel i fellesarealet i samband med eit vedlikehaldskurs.

— Eg kan ikkje seie så mykje, seier Silje Bjellånes frå studieadministrasjonen til Nord universitet, ho er meir enn villig til å ta oss med på ei hyggeleg omvising, men det er andre som tar seg av det som skal seiast, og dei er ikkje der akkurat no.

Det er kanskje ikkje så mykje å seie, heller, det verkar til å vere business as usual på Campus Helgeland, som dei kallar seg her, til irritasjon for folket på dei to andre av Nords campusar på Helgeland.

Neste stopp er Nesna.

Ved fylkesvegen, eit omen. Ein saueflokk på beite, nesten alle svarte.

5. Universitet i Nesna

Dette kan gå heilt gale, på Nesna, ja. Men også i Bodø, seier professoren.

— Eg trur ikkje Nord universitet kjem seg ut av dette med omdømmet intakt, seier Tor-Helge Allern bestemt.

Professor Allern er ei av dei tunge røystene som kjempar for Nesna. I kronikkar, mellom anna i Khrono, og over to kompakte Frankfurter Allgemeine-aktige sider i Helgelands Blad, har han teikna opp biletet av eit ei lenge planlagt utvikling, eller avvikling, ein falsk fusjon der strukturrapporten til rektor går inn i eit systematisert svik frå universitetsleiinga, sentraliseringskåte politikarar og byråkratar.

Tor-Helge Allern er ein av dei hardaste krtikarane av strukturprosessen ved Nord universitet. Han har arbeidd på Nesna sidan 1990. Foto: Paul S. Amundsen

— Dersom styret ikkje let seg påverke av det som skjer rundt dei, ja, då blir vi lagt ned. Spørsmålet er om dei er lydhøyre for det som skjer i distrikta. Det er ikkje Bodø som står øvst på ønskelista til studentane. Fleire vil til Trondheim og Tromsø.

Allern deler tida si mellom Høgskulen på Vestlandet og Nesna, men han har vore mest og lengst her på Nesna. Det vitnar det stereotype professorkontoret om, med anarkistiske stablar av bøker, tidsskrift og papir. Mellom døra og ei bokhylle, ein plakat kilt inn: Shakespeare: «Comedies, histories & tragedies».

— Sint? Eg er førrbainna!

Tor-Helge Allern

— For oss er det vinn eller forsvinn, seier Allern.

— Eg trur ærleg talt det er det same for Nord universitet, åtvarar han.

— Er du sint?

— Sint? Eg er førrbainna!

No er det vere eller ikkje vere.

5.1. Universitetet på Nesna i kantina

Eit temperert raseri over kaffikoppane på dei blomstra dukane i kantina som snart skal frigjere midlar til andre tiltak ved Nord universitet. Sola lyser opp eit banner i vindauget, «la skinne, ikke la Helgeland forsvinne».

— Eg mistenker at dei ikkje heilt har forstått geografien. Helgeland er eit enormt område, seier Marian Børli Sivertsen ved lærarutdanninga på Nesna. Her flankert av kollegaene Anne-Lise Wie og Katrine Fosshei. Foto: Paul S. Amundsen

— Å vere robust handlar ikkje om storleik, men om nærleik og å bli sett som student, seier Marian Børli Sivertsen, som arbeider på lærarutdanninga (og er mor til Ida Maria).

— Det er ein katastrofe at eit styre på 11 menneske skal sitte og bestemme over ein heil region med 80 000 menneske, seier Katrine Fosshei.

— Trur dei verkeleg vi skal bli med å styrke eit forskingsmiljø om vi endar som pendlarar til Bodø? Den rapporten er slett arbeid, seier Anne-Lise Wie.

— Heldigvis har vi dei unge som slost for oss slik at det er mogleg for oss å konsentrere oss om å jobbe med god utdanning, seier Anne Mette Bjørnvik Rosø.

Ein av desse unge er Ingvild Sivertsen, akkurat ferdig utdanna lærar med to bachelorgradar i lomma.

Alle fellesareal på Nesna minner om kva som står på spel i bygda. Student Ingvild Sivertsen (t.v.) og medaksjonist Cathrine Hole. Universitetet er navet i lokalsamfunnet. Foto: Paul S. Amundsen

— Sidan fusjonen i 2016 har alt vore usikkert. Før måtte ein kanskje vere litt forsiktig og lojal. Men no – no når dei vil kaste oss på dør, er det ingenting å tape, seier ho.

Med to barn i heimen var det ikkje noko alternativ å reise til Bodø og bli student der. Nærleiken, kjærleiken. Det er det dei snakkar om her. Heile huset er dekorert med banner og plakatar: «Stopp mobbinga og raseringa av distrikts-Norge». For første gong sidan 1970-talet vart det tog på 1. mai i år.

— Eg er rasande, men mest lei meg. Vi gir oss ikkje, varslar Ingvild Sivertsen,

Ein Volkswagen 2009-modell svingar opp framfor hovudinngangen. Har nokon sett Ida Maria?

6. Universitetet i Sandnessjøen

«Ingen aktive utdanningstilbud fra høst 2019», er anbefalinga i strukturrapporten. Sjukpleiarutdanninga i Sandnessjøen, har allereie vore under avvikling ei god stund. Sidan fusjonen i 2016 har det vore såkalla nullopptak. Dei siste 18 studentane har eksamen i juni.

Så er det slutt – dersom rektor får viljen sin.

«Stans nedlegging av sykepleierutdanning her!!» står det på ein plakat ved inngangen.

— Så lenge det er liv, er det håp, seier førsteamanuensis Jorunn Hov. Ho bur på Dønna, ei av dei mange øyane som har livstrådar inn til Sandnessjøen. Fleire av studentane kjem derifrå, og har familiane sine der.

No må dei til Mo i Rana. Sandnessjøen hadde ti fagstillingar før fusjonen i 2016.

— Men det er vel ikkje langt å reise?

— Eg kjem nok ikkje til å bli med dit. Det tar tre timar frå Dønna til Mo, seier Jorunn Hov.

Sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen er snart historie, om Nord-leiinga får det som dei vil. Førsteamanuensis Jorunn Hov (til høgre) er bekymra for tilbodet i regionen. Ho har rekna ut at 93 prosent av studentane kjem frå regionen, og blir i regionen etter endt utdanning. Linda Lysfjord til venstre. Foto: Paul S.Amundsen

Kollega og universitetslektor Linda A. Lysfjord ser mørkt på det, det blir fort to timar frå Sandnessjøen på dårlege vintervegar, det er for langt. Utstyret frå praksisrommet er køyrt bort. Dei er slitne, ein blir det av å vere under avvikling. Eit par sjukesenger står igjen, som halmstrå. Så lenge det er liv, er det håp på Nord universitets filial i Torulv Kveldulvsons gate 29.

Kveldulvson, lendmann her oppe, vart drepen av Harald Hårfagre for drygt 1100 år sidan.

Lysfjord humrar mørkt.

— No kjem dei og tar livet av oss igjen.

7. Fusjonismen

No gjaldt det å «utvikle en felles identitet» uttalte kunnskapsministeren, Torbjørn Røe Isaksen, til Avisa Nordland romjula 2015. Nord universitet ville få eit kvalitetsløft, men særleg Nesna ville by på «en utfordring for kvaliteten». Nord er resultatet av ei heil kø av reformer og fusjonar. Eit konglomerat av distriktshøgskular er blitt pusla i hop gjennom åra. Sentrifugalkreftene er sterke.

Vi skal ikkje legge ned, men samle.

Hanne Solheim Hansen

Nordland distriktshøgskole vart etablert i Bodø i 1974. Høgskolereformen i 1994 fusjonerte så fleire høgskular inn i Høgskolen i Bodø. I 2011 fekk Høgskolen universitetsstatus, med filialar i Mo i Rana og på Stokmarknes. I 2016 vart stortingsmeldinga om struktur i høgare utdanning «Konsentrasjon for kvalitet» banka gjennom, berre mot Senterpartiets stemme. Deretter skylte den store fusjonsbølgja over landet, og i løpet av eit par år skrumpa talet på høgare utdanningsinstitusjonar frå 19 til 7.

Få på Nesna eller Sandnessjøen bar på nokon universitetsdraum. Eller i Namsos.

8. Universitet i Namsos

Universitetsbyen Namsos. Her er det lite attraktivt for dei beste studentane, meiner leiarane ved Nord universitet. Sjukepleie og vernepleie skal til Levanger, paramedisin til Bodø, og farmasi dinglar i ein sytråd. Ein time før SV-leiar Audun Lysbakken skal komme for å lytte til kva dei tilsette har å seie, tar vi vår eiga lytterunde. Korleis går dette?

Kampen for Namdalen er det det handlar om på campusen i Namsos om dagen. Foto: Paul S. Amundsen

— Nei, det går vel til helsike det, seier Jan Magne Opsahl, vaktmeister, og sunnmøring, av den lakoniske typen, som finn ro i at han nærmar seg pensjonsalder.

— Leiarane i Bodø ser berre på pengane, ikkje på alt samarbeidet vi har her nede, legg han til.

Det er nettopp det, meiner også Grethe Bøgh Næss, førstelektor i sjukepleie, tilsett sidan 1982.

— Vi har fått til så mykje med dei som er rundt oss, alle kommunane i Namdalen har vore med. Vi har fokusert på samvirke. No opplever eg at ein berre skal tenke på seg sjølv. Eg forstår at vi må oppfylle krava, men eg frykta vi mistar noko veldig verdifullt no, som blir vanskeleg å bygge opp igjen. Korleis skal ein greie å ta vare på profesjonsutdanningane utan nærleiken?

På nabokontoret sit Marianne Brattgjerd. Ho stiller gjerne som levande bevis på at det faktisk blir produsert forsking her, uansett kva rektor eller PricewaterhouseCoopers måtte meine. Ho er i sluttspurten til doktorgraden, ei avhandling på eit lite utforska felt: Sjukepleie ved livets slutt.

— Legg dei ned her, flyttar eg tilbake til Rogaland der eg kjem ifrå – ikkje til Levanger i alle fall.

I etasjen under, Guri Bitnes Wiik, førestelektor i paramedisin:

— For oss er det jo litt uforståeleg, det som skjer då. Vi er størst på helsefag i Nord universitet.

— Vi har sju professorløp i gang. Vi blir underkjent, konklusjonen er trekt på førehand, supplerer Kristen Okstad frå nabokontoret.

Han er sjukepleielærar og fagforeiningsmann. No er ingen frå leiinga i Bodø her for å forsvare seg, som det heiter, men Kristen er ikkje lett å stoppe, og ikkje kjem leinga til å ville komme heller, påstår han.

— Vedtak på feil premissar, meiner førstelektor i paramedisin Guri Bitnes Wiik om nedskaleringa i Namsos. Å rive opp eit miljø som er bygd stein på stein sidan 1990 vil skru tida tilbake, meiner ho. Foto: Paul S. Amundsen

— Vi ser ikkje leiarane våre. Innspela våre blir ikkje høyrt. Man er relativt irritert på Nord universitet!

Lysbakken kjem, ein time forsinka etter at eit fly i distrikts-Noreg vart kansellert. Kaffi og samling i bånn på seminrarromet. Politikaren noterer. Han er imot å «ruinere studietilbudet» på Nesna, på Sandnessjøen og, forsikrar han, her i Namsos.

Vi må vidare. Tre campus to go. Kven skal ut?

9. Universitetet i Steinkjer

I den blå rubrikken under punkt 4.2 i strukturrapporten ser det dårleg ut. Låg forskingsproduksjon. Få kvalifiserte søkarar. Betre å flytte til Levanger, det er jo berre ein liten time unna. Men det er ikkje heilt slik det ser ut i Steinkjer.

Kontorstolar blir trilla ut frå kontor etter kontor, løfta inn i Nords universitetsvarebil og transportert til E-bygget. Det skal renoverast. Og ved sidan av tar InnoCamp form, eit stort og flott bygg som skal bli medieklynge og huse multimediafag på universitet. Eller skulle, i alle fall. No er det full krig mellom politikarane i Steinkjer og planleggarane i Nord.

På eit kontor som enno ikkje er tømt for kontorstolar finn vi to av dei multimediale.

Digitalt, nærings- og framtidsretta, meiner Steven Ford (til venstre) og Trond Olav Skevik som arbeider på spellinja Steinkjer. — Fire år på å bygge InnoCamp i Steinkjer, og så flytte til Levanger? Det gir ikkje meining, meiner Ford. Foto: Paul S. Amundsen

— Om vi reiser herifrå, skrotar vi samarbeidet med næringslivet, som jo er det ein ønsker seg. A lot of opportunities will be lost, seier Steven Ford, med amerikansk aksent. Han er innvandra førstelektor, spel og animasjonsutviklar på mediefag.

— Eg har høyrt at det skal bli lettare å rekruttere studentar om vi flyttar til Levanger. Vi hadde 550 søkarar her i Steinkjer, til 18 plassar, seier kollega Trond Olav Skevik.

Det er her i Steinkjer konstituert rektor Hansen har si heimebane.

— Vi klandrar ikkje henne, ho er berre sett til å gjere jobben, ho må ta hand om det som låg igjen på pulten etter den tidlegare rektoren, seier Ford. Men kvifor dei skal flyttast til Levanger, fattar han ikkje. Og så akkurat no, når millionar er brukt for å skreddersy den nye og hypermoderne InnoCampen.

Dei ristar på hovudet. Skal dei verkeleg ut?

10. Universitetet i Levanger

Nedover E6, forbi Verdalen, retning oppgangstidene. Campus Levanger. Campus Stjørdal. Til og med vêret er betre.

Levanger er med sine 2000 studentar er Nord universitets nest største studiestad. Foto: Paul S. Amundsen

Levanger skal leve, Levanger skal bli Nords hovudstad saman med Bodø. I dag er Levanger den nest største studiestaden etter Bodø, då vil det lønne seg å bli endå større, meiner leiinga. Det skal komme folk, pengar, studentar. Og det skal bli fart på forskingsproduksjonen som i dag er låg, ifølgje leiinga ved Nord universitet. Men det skal ikkje vere enkelt. I biblioteket finn vi Kim Nilssen, studentleiar i Levanger. Han er bekymra for at det skal bli for trongt på Campus, og at det skal gå ut over læringsmiljøet.

— Eg fryktar dei ikkje har tenkt på studiemiljøet i prosessen. Men hjerterom har vi, forsikrar han.

Etter at han lufta utspelet sitt i lokalpressa har han merka at det ikkje er populært med kritiske merknader til opptrapping i Levanger.

Utanfor, opplyst av det optimistiske solskinet, marsjerer North University Marching Band, sørover. Vi henger oss på, vi har ein igjen. One campus to go. Stjørdal er siste stopp på reisa gjennom Nord universitet.

Kan vi rekke det?

11. Universitetet i Stjørdal

Nei.

Vi rekk det ikkje. Dørene er stengt for dagen, men vi kjem oss inn likevel, ikkje spør korleis.

Stjørdal har trafikklærarutdanning og MBA og får halde fram med det. Foto: Paul S. Amundsen

Vi overraskar ei gruppe framtidige trafikklærarar, som sit i eit grupperom og førebur seg til eksamen. Det er utdanninga av trafikklærarar som er kjerneverksemda her.

Forskingsproduksjonener låg, men det latar til å spele mindre rolle for Stjørdals strukturelle lagnad. Under punkt 5.3 i rapporten for ny studiestadstruktur ved Nord universitet er avdelinga i Stjørdal velsigna med «ingen endringer».

12. Avslutning/konklusjon

Episenteret ligg litt sør for Polarsirkelen, staden der Petter Dass residerte som kapellan frå 1673, staden der sokneprest Ivar Hjellvik etablerte lærarskule i 1918. Frå Nesna, forskansa bak øyar med faretruande namn som Hugla, Løkta, Tomma og Dønna, forplantar jordskjelvet seg.

Det er blitt eit universitetsopprør. Det er blitt eit distriktsopprør. Det er blitt eit nasjonalt opprør med bunadsgerilja, ungar og pensjonistar i front, fulle av fusjonert frustrasjon.

Dagen etter at rapporten med dødsdommen for Campus Nesna kom på bordet, 24.april 2019, dukka Ida Maria Børli Sivertsen, betre kjent som rockeartisten Ida Maria, opp på campus, gjekk frå kontor til kontor. Tørka tårer, knytte nevar. It ain’t over till it’s over.

Latteren gjallar kring ein blå Volkswagen 2009-modell som har parkert utanfor hovudinngangen.

Hans Petter Sørensen gir alt for heimbygda og universitetet på Nesna. — Taper vi , er vi fanga. Vi kjem aldri til å få selt husa våre, seier han. Foto: Paul S. Amundsen

— Nord, eit akademisk suppekokeri, dei spring ifrå samfunnsansvaret sitt, seier han som sit bak rattet, Hans Petter Sørensen, som skal køyre Ida Maria til ein avtale ho kjem for seint til. No handlar alt om kampen for Nesna.

— Dette handlar ikkje om ein naturleg død, dette har styret ved Nord universitet sett i gang. Då føler ein ikkje sorg, då føler ein sinne, seier Ida Maria. 26. juni skal styret bestemme seg. Kven skal ut?

Hans Petter Sørensen vrir om tenningsnøkkelen.

Dei er i eit helvetes humør.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS