Debatt ● Arna Meisfjord
Det er liv på Nesna!
Distrikta har ein vesentleg rolle i utvikling av framtida for Noreg. Den gode distriktsskolen er ei kjerne og ei drivkraft i lokalsamfunna. Eit nasjonalt senter for distriktsretta utdanning og forsking vil kunne synleggjere og dokumentere dette potensialet.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det er liv på Nesna, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel. Kommentaren kjem i Khrono 01.03.2024, i etterkant av at Nordland fylkesting har etterlyst framdrift i arbeidet med å etablere Nasjonalt senter for desentralisert og distriktsretta utdanning og forsking på campus Nesna.
Statsråd Hoel har heilt rett i at det er liv på Nesna og den raudgrøne regjeringa, med Senterpartiet i spissen, har gjort ein avgjerande jobb med nettopp å skape liv på campus Nesna, etter at Solbergregjeringa vedtok nedlegging av all utdanning der i 2019.
I ein situasjon med sterk nedgang i søkinga til lærarutdanningane over heile landet, var det heilt avgjerande for rekruttering av lærarar til distrikta generelt og til Nord-Noreg spesielt, at lærarutdanningane på campus Nesna vart starta opp igjen i 2022. Regjeringa Støre sørga og for ein Kongeleg resolusjon som seier at eit universitetsstyre ikkje kan legge ned studiestadar, men at regjeringa har det avgjerande ordet. I tillegg har denne regjeringa styrka universiteta sine budsjett slik at det blir kompensert for ekstra kostnader for dei som har fleire campus. Alt dette har ført til liv og røre på campus Nesna og statsråd Hoel og hans regjering, skal ha ros for det.
Det er likevel grunn til å gå vidare med å styrke fokus på innhaldet i ei distriktsretta lærarutdanning og kommunikasjonssjef ved Nord universitet, Andreas Førde, seier at eit nasjonalt senter vil vere eit godt supplement til universitetet sin aktivitet og vonar at Kunnskapsdepartementet snart vil starte utviklingsarbeidet.
Sjølv om Hoel sitt departement ikkje har planane klare for oppstart av det nasjonale senteret, er det ingen grunn til å legge planane i Hurdalsplattforma vekk. Tvert imot vil ei etablering av eit nasjonalt senter innafor feltet «desentralisert og distriktsretta utdanning og forsking», vere ei utdanningspolitisk nyvinning, og det er naturleg at ei slik etablering nettopp blir lagt til Nesna.
I Linda Haukland si bok «Lærarutdanninga på Nesna, 1918-2018» synleggjer ho korleis desentralisert og distriktsretta utdanning har vore ein sentral del av kunnskapsutviklinga ved institusjonen. Lærarutdanninga på Nesna sitt viktigaste bidrag til det nasjonale utdanningslandskapet, er særskilt knytt til distriktsperspektivet, seier Haukland. Institusjonen sette fokus på aldersblanding i skolen, praksisplassar i grendeskolen, pedagogisk utviklingsarbeid og doktorgradsstudiar. Haukland viser til at utfordringane med å rekruttere lærarar til distriktskommunar, var den avgjerande grunngjevinga for å etablere ein utdanningsinstitusjon på Nesna i 1918, og det er den same grunngjevinga som er viktig i dag, seier ho:
«Det synliggjør at behovet for en lærerutdanning som fokuserer på skoleverket i distriktene, fortsatt er til stede.» (Haukland, s. 170)
Det er på høg tid at vi i Noreg får på plass eit nasjonalt senter når det gjeld utdanning og forsking i eit distriktsperspektiv.
Arna Meisfjord
Det er på høg tid at vi i Noreg får på plass eit nasjonalt senter når det gjeld utdanning og forsking i eit distriktsperspektiv. Til samanlikning har vi eit Nasjonalt senter for distriktsmedisin (NSDM). Dette vart oppretta i 1999. Undersøkingar viser at legar som i si utdanning har fått kunnskap og kjennskap til utfordringar i distrikt, i større grad viser vilje til å søke seg jobb i distrikt, enn dei som ikkje har fått slik kunnskap. Dette gjeld både nasjonalt og internasjonalt. (Tidsskriftet for Den norske legeforening, 15.01.2022)
Utfordringane med å tilby likeverdige velferdstiltak i by og i distrikt, er ikkje eit særnorsk fenomen. Eit nasjonalt senter for distriktsretta utdanning og forsking, vil difor inngå i fagleg samarbeid både nasjonalt og internasjonalt. På Nesna er det alt etablert eit par forskingsgrupper som kan inngå i eit slikt senter. Det er forskingsgruppene «Forsking i rurale utdanningslandskap» og «Stedsbasert læring og utdanning for bærekraft og utvikling». Kunnskapsdepartementet har tildelt fem stipendiatstillingar øyremerka til campus Nesna og desse stillingane vart lyst ut i 2023.
Fagpersonalet ved campus Nesna viser at dei driv forskings- og utviklingsarbeid ut frå behova i praksisfeltet. Dei har sendt forslag til styret i Nord universitet om å få etablert ei forsøksordning med grunnskolelærarutdanning for 1. — 10. trinn. Styret ved Nord universitet støtta søknaden i møte 3. mai, 2023, men søknaden er framleis ikkje sendt Kunnskapsdepartementet, trass i at Kunnskapsdepartementet har etterlyst søknaden. (Khrono, 01.03.2024)
Distrikta har ein vesentleg rolle i utvikling av framtida for Noreg og den gode distriktsskolen er ei kjerne og ei drivkraft i lokalsamfunna. Eit nasjonalt senter for distriktsretta utdanning og forsking, vil kunne synleggjere og dokumentere det potensialet som ligg i aldersblanding og smådriftsfordelar, i nærkontakt med natur og lokalsamfunn, i entreprenørskap og skoleutvikling og gjere denne kunnskapen tilgjengeleg nasjonalt.
Eit nasjonalt senter kunne vore ei god støtte for det utviklingsarbeidet og den forskingsaktiviteten som er godt i gang ved campus Nesna og viktig for formidling av forsking med periferien i sentrum.
Nyeste artikler
Her er forskaren sine råd til korleis bruka ChatGPT
Sjusk og fusk i norske fagmiljøer
Tilsyn avdekket sviktende arkivføring
Rapport: Det har blitt meir krevjande å samarbeide med forskarar frå andre land
Sverige går motsatt vei av Norge: Vil heve kravene til lærerutdanningen
Mest lest
Student døde under fjelltur i regi av Nord universitet
Mange tomme studieplasser etter nye signaler om masterkrav
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU