Sveinung Hole er dagleg leiar og forvaltar pengane i Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen og Trond Mohn Stiftinga. Begge dei to stiftingane gir store summar til universitet og høgskular kvart år. Foto: Melanie Burford

Desse har gitt størst gåver til forsking ved universitet og høgskular

Gåveforsterking. Kreftforeininga, Statoil/Equinor og Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen er dei desidert største private donorane til forsking i Noreg. Her er oversikta over alle gjevarane.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sidan gåveforsterkingsordninga vart innført på nytt i 2014, har talet på søknader auka jamnt og trutt frå 17 i 2014 til 52 i 2018. Dei topp tre største gjevarane dei seinare åra har vore Kreftforeininga, Statoil/Equinor og Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen.

Fakta

Kort om gåveforsterkingsordninga

Ordninga er regulert i gåveforsterkingsforskrifa, som er fastsett av Kunnskapsdepartementet og den forvaltas av Forskingsrådet.

Ordninga vart for første gong innført i 2006 og avvikla i 2012. Den starta opp igjen i 2014.

Sidan ordninga vart innført på nytt i 2014 har det blitt gåver på nesten 1,2 milliarder som har utløyst forsterking frå staten.

Ifølgje forskrifta utløyser gåver som skal brukast til langsiktig, grunnleggande forsking ei offentleg gåveforsterking til mottakar på 25 prosent av gåvebeløpet når:

  • gåva sin verdi er minst tre millionar norske kroner
  • gjevaren er ein enkeltperson eller eit anna privat rettssubjekt
  • mottakaren er eit norsk universitet, ein norsk høgskule, Noregs forskingsråd, Det Norske Videnskabs-Akademi eller Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab
  • det er avtalt at gåva skal utbetalast etter 1. januar 2014

Kjelde: Forskingsrådet

Dei tre skil seg ut både på talet donasjonar, og på beløp i kroner som dei har gitt til grunnleggande, fri forsking.

Det einaste vi vil ha tilbake er at mottakarane er flinke til å skaffe merksemd kring forskinga si, at dei viser framdrift og resultat.

Sveinung Hole

Private gåver på minst tre millionar kroner gitt til langsiktig, grunnleggande forsking, kan utløyse eit tillegg frå staten på 25 prosent av gåvebeløpet, såkalla gåveforsterking.

Forskingsrådet forvaltar gåveforsterkingsordninga på vegner av Kunnskapsdepartementet.

Formålet er å styrke langsiktig, grunnleggande forsking, gjennom å stimulere til at fleire private aktører gir gåver.

Khrono har fått tala på alle gjevarar, gåvene dei har gitt og utløyst gåveforsterking så langt i perioden 2014-2019 (sjå nedst i saka).

Samla har dei tre donorane på toppen av lista gitt over 737 millionar kroner, som så langt har blitt gåveforsterka, i denne 5-års-perioden. Dette har utløyst ei gåveforsterking på rundt 185 millionar kroner frå staten.

Gir pengar i spleiselag med mottakar

Sveinung Hole er dagleg leiar både i Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen og Trond Mohn Stiftinga (som også har gitt store summar i denne perioden).

Trond Mohn var den som ifølgje DNs gjennomgang av skattelistene tente aller mest i Norge i 2018, med over 443 millionar kroner i inntekt.

— Vi opplever at pengane frå oss er viktige for å få forskingsprosjekt i gang. Vi står ofte for 50 prosent av budsjetta i starten, inntil miljøa har kome seg i gang og funne andre finansieringsformer, seier dagleg leiar Sveinung Hole. Han legg til:

— Vi er ein annan blome i finansieringsfamilien. Vi er svært nøgde med desse to stiftingane. Donorane og styret har ingen bindingar og midlane vi gir er til fri forsking. Det einaste vi vil ha tilbake er at mottakarane er flinke til å skaffe merksemd kring forskinga si, at dei viser framdrift og resultat.

Store program over år

Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen donerer pengar til medisinsk og maritim forsking. Pengane går berre til store prosjekt og program som strekkjer seg utover fleire år.

Alle står fritt til å søke om midlar og dei som blir valde ut må gjennom ein grundig evalueringsprosess med blant anna internasjonal fagfellevurdering, opplyser Hole.

— Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen har valt ut medisinsk og maritim forsking, slik sett er det pengar til fri forsking innanfor desse felta. Korleis sikrar de at forskinga er fri?

— Styret har inga meining om innhaldet, dei som får pengar er valde ut kun basert på kvalitet, ikkje geografi eller kva delar av faget det skal forskast på. Medfinansieringsordninga vi har, der vi skyt inn 50 prosent dersom mottakar gjer det same, er med på å motverke den prioritetsvridande verknaden pengane kan ha, seier Hole.

1,5 milliardar til forsking

Alle små og store donorar har gitt Forskingsrådet, norske universitet eller høgskular gåver verd om lag 1,2 milliardar kroner i perioden 2014-2019. Med gåveforsterking på toppen blir det kring 1,5 milliardar kroner til langsiktig forsking.

Til samanlikning ligg det i forslaget til statsbudsjett for 2020 inne at dei private høgskulane til saman skal få drygt 1,6 milliardar kroner.

Gåveforsterkingsordninga vart lansert som eit tiltak for å styrke innslaget av private donasjonar til grunnforsking. Bakgrunnen var at Noreg, samanlikna med andre land, har eit lågt innslag av alternativ privat forskingsfinansiering.

Målet med ordninga var å stimulere institusjonane til å skaffe seg fleire private gåver, ettersom staten gjennom ordninga spyttar inn 25 prosent av gåvebeløpet — dersom det er over tre millionar kroner.

Universitetet i Oslo er saman med Universitetet i Bergen dei to største mottakarane av private gåver gjennom forsterkingsordninga, viser tal Forskingsrådet har gitt Khrono.

Men dei aller fleste institusjonane som mottek private gåver er ikkje sjølve flinke til å synleggjere kven dei får pengar frå og kor store beløp dei gir. Kjappe søk på heimesidene til dei fleste universitet og høgskular gir ingen tydeleg informasjon om dette.

Rektor ved UiO, Svein Stølen. Foto: Øystein Fimland

Stiftinga Kristian Gerhard Jebsen er til dømes med på å finansiere seks medisinske forskingssenter ved Universitetet i Oslo per dags dato.

Stølen: — Glad for donasjoner

Rektor Svein Stølen er glad for at fleire vel å donere pengar til forsking.

Gåvemottakarar frå 2014-2017. Beløp i millionar kroner

Institusjon Gåve 2014-2017 Forsterking 2014–2017
Universitetet i Oslo244,561,1
Universitetet i Bergen244,261
Norges teknisk-naturvitskaplege universitet120,230
Det Norske Videnskaps-Akademi8020
UiT - Norges arktiske universitet52,113
Handelshøyskolen BI28,87,2
Universitetet i Stavanger174,3
Forskningsrådet51,3
Høgskulen i Sørøst-Norge (no Universitetet i Sørøst-Norge)3,70,9
Norges handelshøyskole3,30,8

Kjelde: Forskingsrådet (det fins ikkje same oversikt for åra 2018-2019)

— Sjølv om desse pengane er ein liten del av totaløkonomien i det norske forskingssystemet samanlikna med våre naboland, så er vi svært takksame. Men det er viktig at pengane er frie og kjem utan bindingar, men det opplever eg at dei er, seier Stølen.

— Har pengar frå donorar gjort det mogleg å forske på noko som det elles ikkje hadde vore rom for?

— Eg tenker vi må sjå på finansieringsstraumen som eit lappeteppe, men eg trur midlane frå mellom andre Forskingsrådet og donorar har gjort noko med norsk forsking som tidlegare ikkje var mogleg. Eg er overbevist om at til dømes Jebsen-sentera her ved UiO har vore avgjerande for forskinga, seier Stølen.

UiO-rektoren meiner gåveforsterkingsordninga er viktig å halde på.

— Det er viktig å ha eit insentivsystem som gjer at fleire ønskjer å donere til kunnskapsformidling, seier Stølen.

Eg tenker vi må sjå på finansieringsstraumen som eit lappeteppe, men eg trur midlane frå mellom andre Forskingsrådet og donorar har gjort noko med norsk forsking som tidlegare ikkje var mogleg.

Svein Stølen

Les også: Oversikt over gjevarar og mottakarar 2006-2011

Søknader står i kø

I 2018 mottok Forskingsrådet for første gong fleire søknader med beløp enn det var midlar til å dekke innanfor budsjettet. Det er sett av 50 millionar kroner til gåveforsterking kvart år.

Søknader som vart mottekne etter 1. juni i år vil først kunne få løyving i 2021, opplyser Forskingsrådet. Dette fordi gåveforsterkingsmidlane for 2019 allereie er utdelte.

I tillegg har Forskingsrådet motteke søknader med søknadsbeløp som overskrid budsjettramma for 2020. Difor er det ikkje samanheng mellom talet på søknader per år og gåveforsterking til utbetaling same år. No står søknader i kø for å få innvilga gåveforsterking frå staten.

— Viktig med statleg finansiering

I førre veke heldt UiO ein debatt kring universitetet sin strategi i 2030. Der vart det diskusjon kring akademisk fridom, skriv Uniforum. Der uttrykte professor i biologi, Dag O. Hessen uro kring ei utvikling der forsking og forskingsfinansiering skal sikte seg meir inn på det som har ein tydeleg nytteverdi.

— Prinsippet om akademisk fridom står sterkt i Noreg, men det vi må vere varsomme for er krefter som underminerer denne og som gir bestemte føringar på forskinga, seier Hessen til Khrono.

Dag O. Hessen er professor i biologi ved Universitetet i Oslo. Han meiner det er viktig at vi held på den norske finansieringsmodellen, der forsking primært blir finansiert gjennom statsbudsjettet. Foto: David Engmo

Professoren peiker på at fleire forskingsfinansieringsaktørar, blant dei Forskingsrådet og EU, men også private aktørar med ein agenda, ønskjer ei større kommersiell side i søknadene om forskingsmidlar.

— Blir det mykje av det vil det på sikt føre til ei utholing av forskingsfridomen. Eg er ikkje prinsipiell motstandar av at næringsliv og andre private aktørar skal interagere med universitetet, men premissane må vere klare: Pengane kan ikkje bandlegge kva slags forskingsresultat ein skal kome fram til. Det bør også vere eit hovudprinsipp at data og resultat av privat finansiert forsking skal vere offentleg tilgjengeleg, seier Hessen.

Sjølv om Hessen er glad for innslaget av private aktørar som vil gi pengar til fri forsking, så meiner han at det er heilt avgjerande å halde på finansieringsmodellen som Noreg har, altså ei brei statleg finansiering av forskinga.

— Dersom det blir ei slags forventning at mykje av innteninga skal skje ved å hente inn eksterne midlar, vil det setje forskinga i fare, det vil avgrense kva vi kan forske på. Då vil også universiteta og høgskulane sjå ut som institutt-sektoren — det bør ingen ønskje, seier Hessen.

Ei anna årsak til at Hessen meiner det er viktig å halde på den statlege finansieringa, er at ein del aktørar som donerer pengar til forsking ofte øyremerkjer pengane til forsking innanfor eit spesielt felt.

— Ofte er det ei dreiing inn mot naturvitskapane. Med statleg finansiering sikrar vi at dei forskingsmiljøa som ikkje hamnar innunder naturvitskapane eller dei som ikkje har dei mest salbare prosjekta også har gode moglegheiter, understrekar Hessen.

Beløp som er gitt og så langt forsterka i perioda 2014-2019 frå små og store gjevarar

Gjevar Gåve Forsterking
Kreftforeningen351 173 96287 793 490,5
Statoil/Equinor203 905 37650 976 344
Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen182 712 07645 678 019
Trond Mohn stiftelse (tidl. Bergen forskningsstiftelse)39 296 8609 824 215
Direktør Throne Holst Stiftelse35 636 9168 909 229
Gjensidigestiftelsen32 752 0008 181 250
L. Meltzers høyskolefond31 927 6007 981 900
Allmennmedisinsk forskningsfond30 817 7767 704 444
Nasjonalforeningen for folkehelsen29 500 0007 375 000
Fond til etter- og videreutdanning av fysioterapeuter29 417 5847 354 396
Stein Erik Hagens Stiftelse25 000 0006 250 000
Bill og Melinda Gates Foundation18 944 0004 736 000
Universitetsfondet i Rogaland17 000 0004 250 000
Novo Nordisk fonden14 050 0003 512 500
Trondheim stiftelse til nevrovitenskapelig forskning11 998 0002 999 500
Telenor10 828 0002 707 000
Canica10 000 0002 500 000
Tordis-Elisabeth Dahl9 644 0002 411 000
Torbjørg Hauge8 770 0642 192 516
Letten-stiftelsen8 000 0002 000 000
Norgesgruppen6 152 0001 538 000
CG Rieber fondene6 000 0001 500 000
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane6 000 0001 500 000
The Dow Chemical Company5 976 0001 494 000
Schlumberger5 600 0001 400 000
Olav Thon Stiftelsen5 000 0001 250 000
Sparks Charity USD4 657 9721 164 493
Skipsreder Tom Wilhelmsens Stiftelse4 500 0001 125 000
Meteva AS4 400 0001 100 000
Tine4 320 0001 080 000
Forskningsstiftelsen Et liv i bevegelse4 104 0001 026 000
Skips A/S Tudor4 050 0001 012 500
Konsotium av Canica osv.4 048 0001 012 000
Stiftelsen til fremme av norsk apotekfarmasi4 000 0001 000 000
Sparebankstiftelsen Ringerike3 650 000912 500
Fossekallen forvaltning3 500 000875 000
DNB3 300 000825 000
Sparbanken Møre3 300 000825 000
Aker og Ullevål Diabetesforsknings Fond3 000 000750 000
Erna og Olav Aakre3 000 000750 000
Forus næringspark3 000 000750 000
Terje Eugen Johnsen3 000 000750 000
TOTAL1 195 932 186298 976 296,50

Kjelde: Forskingsrådet

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS