forskingsmidlar

Desse 40 organisasjonane får til saman 175 millionar kroner

Pengane skal brukast på å styrke arbeidet med å bringe forskingsresultat ut i marknaden.

UiT Norges arktiske universitet er blant dei som får mest pengar i tildelinga frå Kunnskapsdepartementet. Sjå heile lista over kven som få kva nedst i artikkelen.

— Noreg har solide forskingsmiljø, som har idear og resultat med stort potensial for verdiskaping.

Det slår forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) fast i ei fersk pressemelding frå Kunnskapsdepartementet (KD).

40 forskingsorganisasjonar får no tildelt til saman 175 millionar kroner, som skal nyttast til å styrke arbeidet med å bringe forskingsresultat ut i marknaden.

Sjå kven som få kva nedst i artikkelen!

— Viktig for konkurransekrafta

— Regjeringa har jobba for at offentlege løyvingar til forsking og utvikling i større grad blir omsett til verdiar og arbeidsplassar i heile landet. Det er viktig for norsk konkurransekraft, seier Oddmund Hoel.

Då det blei mogleg å søka om desse midlane i fjor, fekk Forskingsrådet inn 34 søknadar frå 40 forskingsorganisasjonar.

At så mange har søkt, viser at forskingsinstitusjonane og helseføretaka er klare til å utvikle strukturen og kompetansen som trengst for å utvikle nye produkt, tenester og oppstartsbedrifter, sier statsråd Hoel.

— Omstilling og vekst

Forskingrådets kommersialiseringsstøtte skal bidra til auka kommersiell bruk av offentleg finansiert forsking. Denne tildelinga dreier seg om å styrke den tidlege fasen av kommersialiseringsarbeidet hos forskingsorganisasjonane, den såkalla TTO-funksjonen, står det i pressemeldinga.

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) seier at tildelinga som kjem no vil styrka støtta til teknologioverføringsarbeidet ved forskingsorganisasjonane.

— Såleis kan lovande forskingsresultat utviklast og gi grunnlag for nye næringar, omstilling og vekst i næringslivet, seier Myrseth.

Desse får midlar

Organisasjon Tildelt beløp (i tusen kroner) Fylke/kommune
HØGSKOLEN I ØSTFOLD709Østfold
UNIVERSITETET I AGDER1773Agder
FORSVARETS FORSKNINGSINSTITUTT7093Akershus
UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE1773Vestfold
HØYSKOLEN KRISTIANIA - ERNST G MORTENSENS STIFTELSE443Oslo
UNIVERSITETET I OSLO14186Oslo
STIFTELSEN NORSAR887Akershus
NIBIO - NORSK INSTITUTT FOR BIOØKONOMI3015Akershus
NORGES MILJØ- OG BIOVITENSKAPELIGE UNIVERSITET (NMBU)7980Akershus
NOFIMA AS3547Akershus
VETERINÆRINSTITUTTET709Akershus
OSLO UNIVERSITETSSYKEHUS HF14186Oslo
JUSTERVESENET1773Akershus
HELSE NORD-TRØNDELAG HF887Trøndelag
STIFTELSEN NORSK INSTITUTT FOR NATURFORSKNING NINA1419Trøndelag
UNIVERSITETSSYKEHUSET NORD-NORGE HF1596Troms
FINNMARKSSYKEHUSET HF177Finnmark
OSLOMET - STORBYUNIVERSITETET2016Oslo
SIMULA RESEARCH LABORATORY AS1773Oslo
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF887Møre og Romsdal
HAVFORSKNINGSINSTITUTTET887Vestland
SYKEHUSAPOTEKENE I MIDT-NORGE HF887Trøndelag
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET7093Vestland
VESTRE VIKEN HF1773Buskerud
UNIVERSITETET I STAVANGER7093Rogaland
HELSE STAVANGER HF532Rogaland
HELSE FONNA HF355Rogaland
HØGSKOLEN I INNLANDET1329Innlandet
INSTITUTT FOR ENERGITEKNIKK7093Akershus
NTNU SAMFUNNSFORSKNING AS355Trøndelag
UNIVERSITETET I BERGEN14186Vestland
NTNU SENTRALADMINISTRASJONEN14186Trøndelag
NORCE NORWEGIAN RESEARCH CENTRE AS7093Vestland
HELSE BERGEN HF7093Vestland
SINTEF AS14186Trøndelag
STIFTELSEN NILU355Akershus
NORGES GEOTEKNISKE INSTITUTT AS621Oslo
ST. OLAVS HOSPITAL HF7093Trøndelag
UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET14186Troms
NORD UNIVERSITET1773Nordland

Kjelde: Kunnskapsdepartementet

Powered by Labrador CMS