Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og hennar rådgivar Geir Waage Aurdal frå Samfunnsviterne på veg inn til styremøte ved høgskulen. Rotevatn hadde krav på å legga fram saka si før styret fatta vedtak. Foto: Hilde Kristin Strand

Departementet sender Volda-klage i retur

Arbeidsmiljø. Kunnskapsdepartementet ber om meir dokumentasjon før dei vil svara på om Høgskulen i Volda kunne nekta å handsama ei klage frå den omplasserte dekanen på mediefag.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

FAKTA

Dette er saken

I november 2018 ble det gjennomført en ARK-undersøkelse (arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkelse) ved Høgskulen i Volda.

ARK-undersøkelsen fra november 2018 ga så mange negative funn for Avdeling for mediefag at Høgskulen i Volda mente det var grunnlag for å undersøke situasjonen nærmere.

I samarbeid med Stamina Helse ble det gjennomført en anonym medarbeiderundersøkelse der alle ansatte har deltatt i april 2019.

5. juni 2019 ble først ledelse, så de ansatte presentert for hovedfunnene i rapporten.

Hovedkonklusjon: Arbeidsmiljøet er ikke fullt ut forsvarlig, det foreligger brudd på arbeidsmiljølovens paragraf 4-1. Arbeidsgiver har plikt til å gripe fatt i situasjonen og gjenopprette et fullt ut forsvarlig arbeidsmiljø.

På styremøter gjennom sommeren blir saken håndtert. 10. august 2019 blir det kjent at ledelsen ved høgskolen har vedtatt å midlertidig omplassere dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Dette klager Rotevatn på, men Høgskulen i Volda nekter å behandle klagen.

Kunnskapsdepartementet overprøver dem, og pålegger høgskolen å behandle klagen snarest mulig.

Det skjer 25. oktober. Styret tar ikke klagen til følge.

Torsdag 5. desember 2019 hadde styret klagen fra Rotevatn til ny behandling. Den blir igjen avvist og er nå sendt videre til departementet.

1. februar 2020 går den 6 måneder lange perioden for den midlertidige omplasseringen av Rotevatn ut.


1.september 2020 går Rotevatns åremål i en fireårsperiode som dekan ut.

Stillingen er lyst ut med ny søknadsfrist 15.januar 2020.

Det er ikkje lenge til 1. februar, datoen då den mellombelse omplasseringa av dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ved Høgskulen i Volda, går ut. Rotevatn vart omplassert i fjor sommar etter ei arbeidsmiljøsak. Ho har heile tida vore usamd med høgskulen i at ho kunne omplasserast, og har klaga på vedtaket.

No er saka for andre gong hos Kunnskapsdepartementet (KD). KD fekk saka på sitt bord etter at høgskulen for andre gong avviste å handsama Rotevatn sin klage. Styret meiner at klagen må avvisast frå realitetshandsaming fordi det ikkje er fatta eit enkeltvedtak som kan klagast på, heiter det i vedtaket.

«Det departementet nå skal ta stilling til, er om HiVo rettmessig kunne avvise å behandle klagen på omplasseringen» heiter det i eit brev frå KD som vart sendt til høgskulen denne veka.

Ber om dokumentasjon

I det same brevet heiter det at departementet vil ha meir dokumentasjon før dei vil ta stilling til saka. Dei ber høgskulen om å grunngi syngspunkta sine, samt senda over alle relevante dokument i saka.

Det er inga overrasking at saka hamnar hos departementet, og at sakshandsaminga er slik at dei må etterspørja dokumentasjon er nok ei svakheit.

Geir Waage Aurdal

«Hvorvidt en omplasseringen i realiteten er en oppsigelse, beror blant annet på en konkret vurdering av arbeidsavtalen, ansvar og oppgaver i stillingen, nye oppgaver i en omplasseringsperiode, hvorvidt disse er innenfor stillingens "grunnpreg", om omplasseringen er saklig begrunnet mv. Som forberedelse av klagesaken er det ikke tilstrekkelig at høyskolen viser til arbeidsgivers syn på det underliggende forhold, uten å begrunne nærmere hvorfor omplasseringen ikke kan regnes som et enkeltvedtak».

Dersom noko er eit enkeltvedtak, vil ein automatisk ha klagerett.

Kritisk til tidsbruk

— Denne saka har tatt svært lang tid å handsama. Det er inga overrasking at saka hamnar hos departementet, og at sakshandsaminga er slik at dei må etterspørja dokumentasjon er nok ei svakheit.

Det seier Geir Waage Aurdal. Han er seniorrådgivar hos Samfunnsviterne, og er Rotevatn sin rådgivar i saka. Aurdal seier at fagforeininga tidlegare har etterlyst dei same dokumenta som departementet no ber om.

— Eg er ikkje overraska over at departementet ikkje vil handsama saka. Me meiner at det ikkje er rettsleg grunnlag for å omplassera Rotevatn, seier Aurdal.

Rektor Johann Roppen vil ikkje seia så mykje.

— Me har fått brevet, sett det, og vil senda departementet det dei ber om. Eg har ikkje noko meir å tilføya.

— Departementet seier at ein ikkje utan vidare kan seia at ei omplassering ikkje er ei oppseiing. Kva oppgåver har Rotevatn hatt etter at ho vart omplassert?

— Dette spør KD om, og det skal me svara på, seier Roppen.

Aurdal er ikkje samd i at det ikkje er ei oppseiing.

— Rotevatn har vorte løfta ut av avtalt stilling. Det er de facto ei oppseiing.

Departementet instruerte

Det er leiinga ved høgskulen som har styringsrett og kan gjennomføra omplassering, ikkje styret. Men styret har handsama klagene, og det er òg styret som sjølv i ettertid har sagt at dei skulle hatt den første klagen frå Rotevatn til handsaming.

Det var departementet som sa at høgskulestyret måtte handsama klagen. Rotevatn klaga på at ho var omplassert, og denne klagen vart avvist av administrasjonen ved høgskulen.

Kunnskapsdepartementet har tidlegare sagt til Khrono at dei meiner at det ikkje var rett av høgskulen å avvisa klagen. Difor vart den handsama i styret to gongar i fjor haust.

Vil ikkje kommentera

Rektor Johann Roppen vil ikkje svara på kva som skjer frå 1. februar.

— Har Rotevatn fått tilbod om sluttpakke?

— Det vil eg ikkje kommentera.

Aurdal vil heller ikkje seia om det har vore kontakt mellom partane.

— Men Rotevatn har rett og plikt til å koma attende til dekanstillinga frå 1. februar, seier han.

Powered by Labrador CMS