høgskulen i volda

Meiner høgskulen har skada omdømmet deira — krev orsaking frå styret

Sunnmøre kulturnæringshage meiner Høgskulen i Volda har skada omdømmet deira, og vil at høgskulestyret vedtek ei orsaking.

Ein kan få inntrykk av at Sunnmøre Kulturnæringshage på ulovleg vis har motteke pengar frå høgskulen, heiter det i brevet.

Styret ved Høgskulen i Volda har vedteke at dei vil ha tilbake ubrukte midlar frå Sunnmøre Kulturnæringshage. Samarbeidet mellom høgskulen, særleg ved Avdeling for kulturfag, og næringshagen, har vore tema på tre styremøte på rad, og styret har vore kritiske til både samarbeidsavtale og pengebruk.

Etter vedtaket i møtet 20. juni har Sunnmøre Kulturnæringshage sendt eit brev til høgskulestyret, med kopi til både avisredaksjonar og eigarane av næringshagen.

Der heiter det at «lesarar av dei mange presseoppslaga om saka både i lokalpressa og i nasjonale media denne våren kan få inntrykk av at Sunnmøre Kulturnæringshage AS på ulovleg vis har motteke pengar frå Høgskulen i Volda og brukt dei på tiltak som ikkje er i høgskulen si interesse».

I brevet, som er skrive under av dagleg leiar Martin Foldal og styreleiar Jan Thormodsæter, heiter det òg at kulturnæringshagen finn det oppsiktsvekkande at høgskulestyret også i tidlegare møte etter nyttår, «utan tilstrekkeleg dokumentasjon og saksgrunnlag, gjentekne gongar spekulerer i rykter om bakgrunn, underavtalar, økonomiske fordelar og påstandar om regelbrot i saka. Høgskulestyret si eiga vurdering av denne avtalen burde etter vårt syn venta på at fakta var godt nok opplyst til at styret kunne gjere eit vedtak».

Forslag til orsaking

Både høgskulestyret og noverande og tidlegare rektor har etterlyst informasjon om samarbeidet mellom Avdeling for kulturfag og Sunnmøre Kulturnæringshage, og i maimøtet var styret svært kritisk til den saksutgreiinga som vart lagt fram for styret.

I møtet i juni understreka fleire av styremedlemmene at saka ikkje handla om kulturnæringshagen.

— Me har hatt godt samarbeid med Sunnmøre Kulturnæringshage, sa Bjørn Gunnar Tafjord.

— Saka handlar ikkje om Sunnmøre Kulturnæringshage, men når me har avtalar må de stå i ein fagleg samanheng, sa Kjersti Kleven.

Men sjølv om styremedlemmene uttrykte at kritikken deira ikkje var stila mot samarbeidspartnaren, er ikkje det nok. I brevet skriv Foldal og Thormodsæter at kulturnæringshagen føreset at styret ved Høgskulen i Volda forstår at Sunnmøre Kulturnæringshage urettmessig har vorte skadelidande av påstandane i ordskifta som har kome fram på styremøta, og at høgskulestyret freistar å rette dette opp.

Med i brevet er eit forslag til tekst som dei meiner høgskulen kan senda media:

Styret ved Høgskulen i Volda beklagar at saka om overføring av prosjekttilskot på 2,2 millionar frå høgskulen til Sunnmøre Kulturnæringshage AS gjennom mediedekninga kan ha skapt eit inntrykk av Sunnmøre Kulturnæringshage AS som ein useriøs samarbeidspartnar. (...)  Styret ved Høgskulen i Volda beklagar at Sunnmøre Kulturnæringshage AS uskuldig har blitt part i interne forhold ved høgskulen og stadfester at Høgskulen i Volda ser på Sunnmøre Kulturnæringshage AS som ein viktig partnar i den vidare utviklinga av samarbeid med næringslivet i regionen.

Styret har ikkje fått brevet

Ein ferierande rektor, Odd Helge Mjellem Tonheim, seier at styret førebels ikkje har fått brevet. Han ønskjer ikkje å seia noko om det no, men vil sjå nærare på det når han er tilbake på jobb 1. juli.

— Har du forståing for at saka kan ha vore belastande for Sunnmøre Kulturnæringshage?

— Eg har sett på dette som ei intern sak ved høgskulen, seier Tonheim.

Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Martin Foldal. Tidlegare har han sagt til Møre-Nytt at kulturnæringshagen ikkje har hatt nokon økonomisk fordel av avtalen med høgskulen. 

Powered by Labrador CMS