Debatt Bjørn kvalsvik nicolaysen

Den store ofsen: Kampanjen mot rasjonaliteten

Kritikken av Carl von Linné som rasist byggjer på ubetenksame lesingar av dårlege omsetjingar til engelsk frå latin, meiner professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.

Dette er ei av bøkene som burde konsulterast av alle som ikkje kjenner 1700-talets omgrepsdebatt og Linnés plass i den, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Dei siste åra har vi sett ei undarleg aksjonsbylgje der longo avlidne forskarar, politikarar og kunstnarar vert stilte til ansvars for lynsjedomstolar. Frå lokalpolitikarar til opinionsleiarar i organisasjonslivet, ja jamvel frå røynde forskarar, vert det kravd at tidlegare tiders tenkjarar skal vurderast etter den følsemd som i dag er akseptert i tilhøvet mellom menneske, og symbolske straffer vert delte ut.

Kritikken er ikkje alltid framført med nokoslag kjennskap til livsverka det er tale om. Der det er grunnlag for det, lyt vi sjølvsagt finne oss i revurdering av tidlegare heltar og innsatsar. Kvar ein masterstudent må lære å vege nøye kvar einaste vitskapleg påstand frå fortida og forme eigne vurderingar. Aristoteles hadde ikkje rett i at kvinner mangla intelligens, at alt i kosmos står på fast plass eller at helst berre aristokratar kunne leggje fram sanninga på rett vis. Sjølvsagt er vi ikkje lenger skolastikarar, men skil ut det som framleis gjev meining hjå Aristoteles. Som hjå andre historiske skikkelsar.

Det forstemmande er at dei vanlege, elementære reglar som vi arbeider etter i Akademia, ikkje vert tekne omsyn til når ofsen tek biletstormarane. Tvert om byggjer det aller meste på ryktemakeri og mistydingar, ofte reine omsettingsfeil eller også, beintfram mangel på kjennskap til primærkjeldene.

Carl von Linné (1707-1778) er truleg beste dømet på forvirringa nett no. Oppfatninga om Linné som rasist har ei toledda genese. På 1800-talet oppstår omgrepsbruk som ikkje har basis i Linné, men ein serie forenklingar av andre tenkjarar, der førestellinga om ulike menneskarasar oppstår ut frå ulike kjelder og teoribygningar.

Fylgjene av slike konstruksjonar er vi vélkjende med. Så, i postkolonialismens fase, går ein både med rette og urette nært inn på tenkjemåtar og omgrep i Vesten, men som vi har sett sidan 1979, i mindre grad i orientens tenking. Rykta om Linnés gjennomførde rasisme veks seg sterke på 1990-talet. Då er det ikkje mange lenger som har kjennskap til nylatinens rolle i naturhistorieskrivinga, eller naturtenkinga i det 17. og 18. hundreåret.

Så ein nøyer seg sidan med stadig meir oppsummerande attgjevingar i tredje og fjerde hand av Linnés taksonomiar, og tek til å ergre seg over at han namngjev plantar for å heidre mange vestlege forskarar, ikkje asiatar til dømes. Dette vert så tolka som motvilje mot «barbarar» frå andre verdsdelar. Denne overkalkinga av moderne sensibilitetar på Linné fører så til at ein les Linné ut frå omgrep han aldri brukte, og rangeringar han aldri gjorde. Når han såleis i fyrste gongs omtale av fire hovudgrupper av homo sapiens nemner europearar fyrst, er det tolka som at han sette desse høgast.

Men i største og siste utgåva av Systema Naturae har han plassert Americanus fyrst, altså den amerikanske urinnvånaren, og utan å skilje mellom nord eller sør i Amerika. Dermed kunne ein likså gjerne ha lese Linné som at han sette urfolk i den nye verda høgre enn europearane. Kritikken av Linné som rasist kviler på traderingar som, liksom andre rykte, jamt vert verre og meir unøyaktige i overleveringa. Rykta byggjer utan unnatak på ubetenksame lesingar av dårlege omsetjingar til engelsk frå latin, og lause spinn som tilfører oppfatningar framande for Linné. Vi ser ei tradering av oppsummeringar av oppsummeringar av feilaktige lesingar.

Linné hevda aldri nokosinne at der fanst ulike menneskerasar. Han brukte slett ikkje ordet rase. Trass i no utbreidde påstandar om at Linné var «raseteoriens far» (så som i vidt utbreidde bøker som den til Francisco Bethencourt, Racisms (2013), medan Torgeir Skorgen i Rasenes oppfinnelse (2002) har ei nøktern og sakleg vurdering), så finst der ingen engelskspråklege avhandlingar eller vitskaplege arbeid til denne dag som har teke for seg primærmaterialet om klassifiseringssystemet til Linné. Rett nok hadde Stephen Gould i The Mismeasure of Man (1996) ei sakssvarande, men knapp, framstilling.

Svensken Gunnar Broberg brukte i 1975 eit kapittel på omgrepsbruken, innafor ei større framstilling av natursynet til Linné: Homo sapiens L.: Studier i Carl von Linnés naturuppfattning och människolära (Uppsala: Almquist & Wiksell, 1975). Dette arbeidet, og Brobergs biografi frå 2019, Mannen som ordnade naturen (Stockholm: Natur och Kultur), syner tydeleg korleis Linné resonnerte. Dei to bøkene burde konsulterast av alle som ikkje kjenner 1700-talets omgrepsdebatt og Linnés plass i den.

Linné ville klassifisere alle kjende levande storleikar. Han starta i 1735 med eit skrift på 11 sider, sidan utvidka han systemet i alle retningar i eit dusin utgåver, der den svære tobands frå 1758 er mest kjend. Ingen utgåver hadde illustrasjonar, men med ei rekkje tilvisingar til tidlegare naturalistar og kunstnariske attgjevingar, også av fabeldyr. Når han så brått reknar inn «monstermenneske», er dette av di han ikkje brukar sin vanlege kjeldekritiske teft oppimot antikkens og mellomalderens beretningar. Han tek over legendestoff, og søkjer å innpasse dei i systemet sitt. Det kan kome av at han er blitt sterkt kritisert for å seksualisere naturen, og difor vil ta omsyn til meir tradisjonelt stoff. Som han jo tidlegare har avvist som feilaktig. Eit døme på lesingas makt i den sosiale verda, såleis: mytiske førestellingar tvingar seg inn i jamvel sterkt saklege tekstar.

Det meste av Linnés arbeid, irekna brev, er tilgjengelege online, i Linnaeus Link (søk på «race» er fåfengt her). I Google-biblioteket kan ein konsultere originalutgåvene og ein del av dei mange tidlege omsettingar som kom, og såleis sjå at dei tidlege omsettingsvala ikkje gav same grunnlaget for mistydingar som dei nyare har gjort. Linné finst med rimeleg godt utval av originaltekstane i fleire norske bibliotek, også, såleis katedralskulebibliotek og forskingsbibliotek. Det er berre å sjekke.

Grunnregelen hjå Linné er binominaliteten, altså at han fastset ein art (specie) med hovudnamn, så legg han til eit adjektiv for å skilje underartane eller slektene frå kvarandre. Denne grunnregelen er i bruk den dag i dag, men ein god slump av Linnés nemningar har endra namn. I planteriket er regelen grei, for der handlar det om distinktive skiljemerke mellom underslektene – knytta til kjøn og formeiring i utgangspunktet. Somtid kan fleire underslekter formeire seg på tvers, såleis ulike fruktslag, og som vi veit bør enkelte underarter, sub-specier, faktisk gjere det. Mellom anna i slike tilfelle kan ein leite etter adjektiv som meir peikar på funksjon, livslengde, herdigheit og andre karakteristika. I andre høve berre for å vise skilje som ikkje er påvisleg funksjonelle (for Linné), og då vert ofte eit forskarnamn eller ein annan kjendis adjektivisert. Linné prøvde å gjere det same for geologien, men sidan det var alt levande han ville systematisere, var føresetnaden der meiningslaus.

Når Linné seier at europearane er blåøygde, så har han altså utelukka seg sjølv frå europearane: Linné hadde nemleg brune augo.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Utgangspunktet for inndelinga fann Linné i det dikotomistiske systemet til logikaren Peter Ramus (viktigaste professoren ved Collège de France i si samtid, og drepen under Bartholomeusnatta i Paris i 1572), jamfør t.d. Walter J. Ong: Ramus, Method and the Decay of Dialogue). Ramus systematiserte motsetnadspar i stadig nøgnare definerte undergrupper, og forma på den måten avgjerande tanken om binaritet som hjalp Linné å ordne sine tankar, og 100 år seinare også Darwin – så vel som komparative språkforskarar som etablerte skiljet mellom systematikk og historisk utvikling i språkstudiet (derimellom Ivar Aasen, seinare den verdskjende Ferdinand de Saussure).

Dermed skal ikkje inndelingane til Linné lesast som moralske vurderingar. Korleis kan ein vel vurdere planter moralsk? Franske Buffon meinte derimot at just dette kan ein gjere med planter og dyr, ut frå nytten menneske har av dei, og var høgst misnøgd med Linné. Vurderte Linné verkeleg dei undergruppene av arten homo sapiens han fann, moralsk, så han rangerte dei etter lynne og veremåte? Nei, han søkte etter veremåtar (mores = sed og skikk) som kunne hjelpe til å sjå skilnader i praktiske løysingar i levemåten.

Altfor ofte er det minst flatterande valet framstilt som Linnés påstand, i nyare framstillingar. Referansen er ofte til Audrey Smedleys bok frå 1993, Race in North America, der forfattaren reagerer på karakteristikkane. Problemet er berre at i dei aller fleste tilfelle kan ein lese just overlevingsstrategiar ut av Linnés karakteristikkar: han siktar, med den avgrensa etnologiske kunnskap han har, mot å karakterisere tilhøvet mellom arv, miljø og levevilkår. «Pertinax» tyder ikkje med naudsyn stridbar, men like gjerne stø, traust, fast; «avarus» vil ikkje utan vidare seie gjerrig, men påhalden, ein som hushalderer med ressursane; «liber» treng heller ikkje tyde seksuelt uhemma, men likså gjerne ein ubunden, ubestikkeleg type. Slik kan vi halde på gjennom alle karakteristikkar som er blitt så tendensielt omsette, og det er behov for å gjennomgå heile denne traderingshistoria.

Det er i alle høve heilt klårt at Linné reknar menneska som ein felles art – som kan pare seg med kvarandre utan problem. Når enkelte ynskjer å insistere på at omtalen av hudfarge saman med ulike adjektivistiske karakteristika, alt i starten var moralske kategoriar, så må ein notere seg fylgjande. Hudfargen er altså ikkje hjå Linné omtala som absolutt – korleis kunne den vere det, i Amsterdam i det minste kunne han observere alle moglege sjatteringar. Så han brukar ei form av adjektivet som viser at fargen ikkje er eins: mørk, kvitaktig, gulaktig, raudleitt er kanskje dei omsettingane som kjem nærast.

Og når Linné seier at europearane er blåøygde, så har han altså utelukka seg sjølv frå europearane: Linné hadde nemleg brune augo, viser portretta av han. Så han var homo sapiens sapiens, eit menneske som kunne inngå i fleire grupper, eller altså «menneske først, europear/afrikanar/asiat/amerikanar dinest». I den seriøse forskinga finst der no ein diskusjon om ikkje Linné helst såg desse fire variantane (sub-speciene) som representantar for dei fire verdshjørne, og at han dermed nettopp understreka den menneskelege fellesskapen i alle variantar, heller enn å prøve å skilje desse varierande uttrykksformene for menneskeleg kultur ifrå kvarandre.

Mot tanken om at Linné skulle vere rasist, peikar det også at han klårt uttrykkjer si beundring for samane, og gjerne vil ta inn over seg deira estetikk og kulturelle praksis. Vi skjønar såleis, med vår nordiske bakgrunn i alle høve, at Linné såg variasjonar som naudsynte for å forme ei menneskeslekt, og at han set pris på kulturell breidde – også i sitt heimland. At Linné elles var beisk mot menneska allment, går fram ved at han omtalar svenskane som «Suecus simia» - apekatten som hermar etter andre. Ikkje særs flatterande, og eit døme på at han ikkje set sine eigne høgre enn andre.

Mykje meir kunne vore sagt om Linné og om den irrasjonelle kampanjen mot han – og andre. Det er å vone at mange skiftar fokus frå å vilje rive ned sentrale figurar på vegen fram mot naturretsstenking og såleis oppfatningar om våre alles menneskerettar, heller tek til å granske den epistemologiske konteksten i oppkomsten av omgrep og omtalar, både hjå Linné og andre. Slik ein stort sett har gjort det til no, har ein handsama tidlegare tiders tenkjarar som vore dei samtidige med oss. Då må i det minste det tekstlege grunnlaget vere respektert.

Skal kampanjen halde fram, er det grunn til å tru at den til sist vil undergrave sjølve trua på rasjonalitet. Og i staden underbyggje trua på at vald og terror må til for å fjerne symbol som med urette er utnemnde som undertrykkingsinstrument.

Powered by Labrador CMS