finansiering av forskning

0
Forslaget til statsbudsjett for 2021 er på nesten 40,9 milliardar kroner. På åtte år har budsjettet auka med 55 prosent – 14,5 milliardar i kroner og øre.
Men korleis har den prosentvise utviklinga eigentleg vore?
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Skal vi komme oss igjennom både koronakrisa og klimakrisa, må vi satse på meir forskning».

Slik presenterer regjeringa forslaget til statsbudsjett for 2021, under overskrifta «Styrker Noreg som forskningsnasjon».

Toppar i kunnskapssektoren har på si side kritisert regjeringa for å satse for lite på forsking og utvikling (FoU), etter at dei i haust la fram forslag til statsbudsjett for 2021.

Men korleis har satsinga eigentleg vore?

Regjeringa skryt av at dei har auka løyvingane i kroner og øre med 14,5 milliardar kroner sidan 2013.

Khrono har sett nærare på utviklinga i den prosentvise realveksten etter åtte raudgrøne og åtte blå budsjett — og under den enkelte statsråd. Då blir biletet eit anna.

Dette er realvekst
Den prosentvise realveksten er justert for prisstiging. For å måle realutvikling brukar ein det som vert kalla faste prisar. Dei tek omsyn til at ein ikkje får like mykje for same kronebeløp i eit år som i eit anna.

I 2013 vart Torbjørn Røe Isaksen (H) kunnskaps­minister.

I 2014 la Isaksen fram sitt første budsjett. Det fire første åra han satt, auka løyvingane til forsking og utvikling markant.

Men i Isaksen sitt siste budsjett snudde det.

Iselin Nybø (V) vart forsking- og høgare utdanningsminister i 2018.

I dei to åra Nybø satt, var det ein realnedgang i løyvingane.

For nokre veker sidan, la Henrik Asheim (H) fram sitt første statsbudsjett.

I Asheim sitt forslag til budsjett auka løyvingane igjen.

På åtte år med blå regjering har realveksten i løyvingane til forsking og utvikling vore 22,2 prosent.

Veksten er mindre enn under denne gjengen:

Under SV-trioen Øystein Djupedal, Tora Aasland og Kristin Halvorsen var realveksten på 24,2 prosent over åtte år.

Dette seier forskings- og høgare utdannings­minister Henrik Asheim

— Dei fire første åra med Solberg-budsjett, i åra 2014-2017, var det ein samla realvekst på 22,2 prosent i løyvingane til FoU. Men i 2018 snudde det. Dei fire siste åra, frå 2018 til og med framlegget for 2021, er den samla realveksten på 0,2 prosent. Kva gjorde at det snudde?

— Då vi tok over i 2013 var det naudsynt med stor vekst i dei første forskingsbudsjetta etter åtte år med raudgrøn regjering. Vi sette oss eit klart mål om at 1 prosent av BNP skulle gå til forsking, og det målet ønskte vi å nå raskast mogleg. Dette forklarer at det var større auke frå eit år til eit anna i dei første budsjetta, medan det deretter har stabilisert seg meir, skriv forsking- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ein e-post.

— Har investeringar i FoU blitt nedprioriterte sidan 2018?

— På ingen måte. Skule, utdanning, kompetanse, forsking og utvikling har vore prioritert i alle budsjett dei fire ikkje-sosialistiske partia har lagt fram, og blitt samde om i Stortinget. Årsaka til at veksten frå eitt år til eit anna har vore lågare dei siste åra er fordi vi auka budsjetta monaleg då vi tok over i 2013, og har no seks år på rad vore over 1 prosent.

— Meinte ein at det var nok vekst då 2018-budsjettet skulle leggjast?

— Vi har hatt eit tydeleg mål om at den offentlege finansierte forskinga skal ligge over 1 prosent av BNP. Det målet nådde vi i 2016, og vi har halde trykket oppe sidan den tid, skriv Asheim og legg til:P

— Elles var det ein naturlig dipp i 2018 først og fremst fordi pengar som tidlegare hadde vore inne i budsjettet for bygginga av det isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon blei fasa ut fordi skipet var ferdig. Dette gjorde eit utslag i budsjettet samanlikna med til dømes 2017, men det var sjølvsagt positivt for forskinga at skipet kunne takast i bruk.

I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2015-2024) vart det sett eit mål om at offentlege løyvingar til FoU skulle ligge på 1 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP). Regjeringa nådde målet i 2016.

I Granavolden-plattforma stadfestar regjeringa også at ho vil auke den offentlege forskingsinnsatsen ut over 1 prosent av BNP i ein omstillingsfase og særleg prioritere mogleggjerande teknologiar og forsking som bidreg til auka verdiskaping.

Slik har utviklinga vore i prosentdelen av BNP under dei raudgrøne og blå regjeringane:

— Som de veit, er det fleire, blant dei UHR-leder Dag Rune Olsen og Forskingsrådsdirektør John-Arne Røttingen, som gir uttrykk for at løyvingane ikkje er nok for den omstillinga som Noreg er inne i. Er ein realvekst i løyvingane på 0,2 prosent dei fire seinare åra tilstrekkeleg, slik de ser det? Er ein fornøgd slik investeringane står no?

— Eg trur vi skal ta med oss at forskingsbudsjetta har auka med 55 prosent sidan 2013. No skal ikkje eg bli han politikaren som seier meg nøgd, men eg må ærleg vedgå at ein slik vekst i forskingsbudsjetta er noko alle som er opptatt av utdanning og forsking burde gle seg over. Så lener ikkje eg meg tilbake av den grunn. Eg vil halde fram med å arbeide for at vi skal få meir pengar til heile denne sektoren. Berre i framlegget frå regjeringa til statsbudsjett for neste år forpliktar vi oss til milliardar av kroner både gjennom 40,9 milliardar til forsking over statsbudsjettet, men ikkje minst gjennom å seie ja til å delta i Horisont Europa.

— Under den raudgrøne regjeringa låg den samla realveksten på 24,4 prosent, under Solberg-regjeringa (inkl. forslaget for 2021) ligg den på 22,4 prosent. For investeringar og satsingar på FoU, har det noko å seie kven som sit i regjering?

— Under dei raudgrøne låg FoU-delen konstant under 1 prosent, til og med om du inkluderer SkatteFUNN. Ser du på kor stor del av statsbudsjettet som går til FoU ligg også denne regjeringa høgare enn den raudgrøne regjeringa. Dette trass i at Arbeiderpartiet styrte i økonomiske oppgangstider med stort økonomisk handlingsrom, mens vi har klart å finne større plass til FoU gjennom eit oljeprisfall, migrasjonskrise og koronakrise. Så ja. Heilt klart har det noko å seie kven som sit i regjering.

Laga av:

Powered by Labrador CMS