Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Debatt ● Klaus mohn
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det er lite i denne verda som er meir føreseieleg enn når dei privilegerte slår kringvern om særrettane sine. Difor er det inga overrasking at rektorane ved universiteta i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø (BOTT) står saman i solidaritet mot modellen som er utvikla for oppstart av medisinstudium ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Ei sak er me einige om. Målet må være å utvide kapasiteten for medisinutdanninga i Noreg. Dette er i tråd med målet til regjeringa, prinsippa i WHO sitt charter og ikkje minst med tilrådingane frå Grimstadutvalet.
Halvparten av Grimstad-utvalet tilrådde at auken i kapasitet kan skje gjennom studiemodellar som den UiS no har utvikla, og at fleire universitet kunne få rett til å tildele graden cand. med. enn dei fire som har denne retten i dag.
Vår studiemodell er rask, rimeleg og treffsikker. Med opptak av studentar som har tre års studietid frå utlandet kan me forsyne helsesektoren i Noreg med nyutdanna legar allereie etter tre år. Tre år med studiar kostar mindre enn seks år. Det viktigaste er likevel at innhaldet i vår studiemodell treff godt på dei spesifikke behova i helsevesenet.
Studietilbodet vårt er utvikla av framifrå fagfolk ved UiS og Stavanger Universitetssjukehus, samt nestleiar i Norsk medisinstudentforeining og leiaren av Foreininga for norske medisinstudentar i utlandet. Modellen set studenten i sentrum, med praksisnær og utfordringsbasert læring i tverrfaglege team, kombinert med systematisk individuell tilbakemelding på løpande basis. Innhaldet er tilpassa dei mest aktuelle problemstillingane i norsk helsevesen, med spesiell vekt på allmennpraksis, pasientforløp, samarbeid og samhandling, og med eit høgt innslag av helseteknologi.
Så snart innhaldet i vår studiemodell blir kjent, vil ein sjå ei tilpassing frå BOTT-universiteta til liknande tankesett. Slike er det med konkurransen; han skjerpar alle. Nettopp difor vil ei opning for medisinutdanning være det beste for pasientane, for Helse-Noreg – og for studietilbodet frå dei andre lærestadane.
Om utanlandsmodellen ikkje skulle vinne fram, så vil me gjerne vurdere samarbeid med andre universitet, så lenge samarbeidet er balansert, med gradsrett og studieplassar til begge partar i samarbeidet.
I regionen har me ledig medisinsk kompetanse ved Universitetet i Stavanger og primær- og spesialisthelsetenesta. Studiemodellen vår har vore til grundig fagfellvurdering, med særs gode tilbakemeldingar. Me har infrastruktur, pågangsmot og ein region som er klar med pengar til oppstarten.
Likevel blir me altså stoppa av ei forskrift som seier at berre fire universitet kan tilby denne utdanninga, uavhengig av kvalitet og kompetanse ved andre universitet. Det som høyrer til framtida for forskingsbasert utdanning er openheit, nyskaping og kvalitet. Det som er utdatert er forskrifter og regelstyrte privilegium.
Nylige artikler
Campuspoliti og ICE samarbeider: — Vi er redde
Bjørn Ole Raschs kontor er ryddig. I hvert fall inne i hans eget hode
Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas
NMBU-ansatte både hyller og refser omstridt reklame
Norske studenter reiser ut som aldri før. Even (25) har tatt det enda et steg lenger
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat