utdanning
Dei som hermar etter mor og far har størst sjanse for å gjennomføre studiet
Unge med lege- og juristforeldre følgjer oftast i fotspora til foreldra i val av utdanning, viser ein ny rapport om ulikskap i høgare utdanning.
Sosial og økonomisk bakgrunn, kjønn og kvar du veks opp har framleis stor innverknad på dei unge sine utdanningsval og prestasjonar i utdanningsløpet. Det går fram av ein rapport som Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) har laga for Kunnskapsdepartementet.
Dokumentet er eit bidrag til stortingsmeldinga om sosial utjamning og mobilitet som etter planen skal leggast fram våren 2025.
Notatet viser mellom anna at unge av foreldre med høgare utdanning statistisk sett har større sjanse for å ta, og greie å gjennomføre, høgare utdanning.
Og vidare:
- Unge frå sentrale strøk er meir tilbøyelege til å studere enn dei som veks opp i distrikta.
- Ungdomane i distrikta vel helst kortare og profesjonsretta utdanningar. Dei frå sentrale strøk har større sjanse for å hamne på juss, medisin og lengre ingeniørutdanningar.
- Unge norskfødde med innvandrarforeldre vel i større grad å ta høgare utdanning enn resten av befolkninga.
- Unge kvinner vel i større grad enn menn å ta høgare utdanning.
Gjer som foreldra
Rapporten peikar samstundes på eit
anna, kanskje mindre kjent utviklingstrekk:
Blant unge som vel å ta høgare utdanning, og som har foreldre med høgare utdanning, hermar mange etter mor og far.
— At utdanningsnivået til foreldra er avgjerande for barnas utdanningsval og kor godt dei gjer det i skulen, er ikkje noko nytt. Mindre kjent er det kanskje at sjansane for å fullføre ein grad er større dersom ein tar ei utdanning som liknar på den foreldra har tatt, seier prosjektleiar Herdis Hølleland i HK-dir.
Tendensen er særleg tydeleg i dei lengre profesjonsutdanningane juss og medisin.
Generelt viser forskinga som er blitt gjort at unge som ikkje har foreldre med høgare utdanning i større grad vel kortare utdanningar sjølv.
Jobbing og klasse
Rapporten baserer seg på ei samanstilling av eksisterande statistikk, analysar og forsking.
Den viser også til meir kjende forhold som kan føre til det sosiologane kallar reproduksjon av sosiale klassar og ulikskap:
For studentar som jobbar mykje ved sida av studia er det mindre sannsynleg at dei greier å gjennomføre ei høgare utdanning. Dei som jobbar 10 timar eller meir, brukar markant mindre tid på studia, går det fram av SSB-statistikk som HK-dir-rapporten har lagt til grunn. Med 20 timar jobbing aukar risikoen for å droppe ut.
— Noreg vektlegg eit ope utdanningssystem, med gode ordningar for studiestøtte og lik rett til for det meste gratis utdanning. Samstundes er studentøkonomien blitt trongare. Det gjer det aktuelt å sjå på sosial bakgrunn i høgare utdanning no, seier Hølleland.
Regjeringa vil desentralisere
Forskings- og høgare utdanningsminister, Oddmund Hoel (Sp), som har bestilt utgreiinga frå HK-dir, seier i ein kommentar på e-post at han er opptatt av at høgare utdanning skal vere tilgjengeleg for folk over heile landet, uavhengig av sosial bakgrunn.
«Rapporten viser at det framleis er nokre tydelege skiljeliner her når det gjeld kva val unge tar i høgare utdanning. Ikkje overraskande er det meir sannsynleg at unge som har foreldre med høgare utdanning, sjølv både vel og gjennomfører høgare utdanning. Vi ser òg at unge frå sentrale strøk er meir tilbøyelege til å studere enn unge som veks opp i distrikta. Unge frå distrikta vel i større grad kortare og profesjonsretta utdanningar.
Regjeringa satsar på gode, desentraliserte utdanningar nært der folk bur, og denne rapporten gir eit godt kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med å sikre tilgang til utdanning for alle», skriv Hoel.