sjå direkte

Dei har mangla likestillings­­komite i eit år. No skal ny veljast

I førre møte sendte styret ved Universitetet i Bergen likestillingsplanen i retur. No skal dei velja kven som skal sitja i likestillingskomiteen — ein komite som har mangla i nesten eit år.

Steinar Vagstad var ein av dei som ytra at dei ikkje var nøgde med den nye handlingsplanen for mangfald, inkludering og likestilling.

Universitetet i Bergen (UiB) har ikkje hatt likestillingskomite på eit år.

Fram til i fjor sommar var det professor Hanne Marie Johansen som var leiar for komiteen. Ho får framleis telefonar om likestilling, for det er hennar namn som ligg på UiB si nettside.

— Eg vert kontakta om klager i tilsettingssaker, der diskrimineringsgrunnlaget er kjønn. Eg hadde sagt at eg ikkje ville gå i gang med ein ny periode, men komiteen sin periode kunne vore forlenga, seier Johansen til Khrono.

Når universitetsstyret samlast til møte 5. mai, er oppnemning av ny likestillingskomite ei av sakene på dagsorden.

Møtet startar klokka 10, og du kan sjå det direkte her.

Venta på plan - som vart sendt i retur

I saksframstillinga heiter det at oppnemning av komite vart utsett fordi ein venta på ny handlingsplan for mangfald, inkludering og likestilling.

— Arbeidet med denne går framleis føre seg, og det er difor naudsynt at det vert oppnemnt nye medlemmer til komiteen, heiter det.

Handlingsplanen var tema på førre styremøte. Då sendte styret planen i retur.

— Eg er usikker på om denne planen vil utgjera ein skilnad, sa professor Inga Berre.

Ho fekk støtte frå Steinar Vagstad, som er den andre representanten for tilsette i fast, vitskapeleg stilling.

— Eg er hjartans samd. Denne planen krev ikkje at ein finn tiltak som verkar, sa han i styremøtet.

Allereie i fjor sommar kom den då framleis fungerande likestillingskomiteen med merknader. Dei skreiv at dei vil oppmoda til at den nye planen i større grad enn det som no er tilfelle framhevar problemet med kjønnsubalanse.

— Me har hatt to planar; ein for kjønnslikstilling og ein for mangfald. Me i likstillingskomiteen støtta at ein går over til ein plan, fordi det samsvarar best med det nye, utvida likestillingsomgrepet, men ønska at kjønnslikestilling vert løfta fram. Slik planen no er formulert, er omgrepa «kjønn» og «kjønnsidentitet» nytta hulter til bulter, seier Johansen.

Direktøren: Teke lenger tid enn det burde

Khrono snakka med universitetsdirektør Robert Rastad etter førre styremøte. Då sa han at det burde vore ei forlenging av funksjonsperioden for likestillingskomiteen, og at arbeidet med handlingsplanen hadde teke lenger tid enn det burde.

— Når skal styret no handsama ny handlingsplan for mangfald, inkludering og liketstilling?

— Målet er å få saka attende til styret så raskt som mogleg, helst før sommaren, seier Rastad.

Institutt skal få nytt namn

Styret skal også få ei orientering om handteringa av krigen i Ukraina, dei skal handsama fleire årsrapportar og dei skal vedta nytt namn på Institutt for administrasjon og organisajonsvitskap. Som Khrono har skrive vart det i fjor debattert om ein skulle slå saman Institutt for samanliknande politikk og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap - ei samanslåing som skapte mykje debatt. Vedtaket i fakultetsstyret i fjor haust vart at ein ikkje skulle ha ei heil samanslåing, men auka samarbeid.

Forslaget til nytt namn er «Institutt for politikk og forvaltning/Department of Government» — noko som òg ifølgje sakspapira har skapt debatt. Institutt for samanliknande politikk har kome med innvendingar og meiner særleg det engelske namnet «legger seg over det som er Sampols instituttnavn og instituttets pågående undervisnings og forskningsaktiviteter».

S 33/22 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 34/22 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 10.3.2022
S 35/22 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 36/22 Håndtering av krigen i Ukraina
S 37/22 Økonomirapport 1.kvartal 2022
S 38/22 Foreløpige rammer for budsjett 2023
S 39/22 Finansiering av universiteter og høyskoler. Høringsuttalelse
S 40/22 Studieportefølje 2022 - Oppretting av ny erfaringsbasert mastergrad: Master i operativ ledelse og myndighetsutøvelse
S 41/22 Studentombudets årsrapport for 2021
S 42/22 Personvernombudets årsrapport for 2021
S 43/22 Årsrapport 2021 – Arbeidsmiljøutvalget og Årsrapport 2021 - Helse, miljø og sikkerhet
S 44/22 Nytt navn på Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap
S 45/22 Valg 2021 - Valg av medlemmer til universitetsstyret
S 46/22 Oppnevninger
S 47/22 Møteplan for universitetsstyret2023
S 48/22 Nygårdshøyden Sør (Allégaten 64) – tomteerverv (kjøp/makebytte) - Unntatt offentlighet
Orienteringer
Styrets halvtime
Eventuelt

Powered by Labrador CMS