Rektor Dag Rune Olsen vil sende fleire studentar på utveksling til utlandet, og vurderer ulike grep. Foto: Siri Øverland Eriksen

Fleire rektorar vurderer å krevje obligatorisk student-utveksling

Utveksling. Fleire rektorar er opne for at ikkje unnataket, men regelen skal vere utveksling for studentane deira.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen opnar for at utveksling til utlandet blir den nye normalen for studentar ved universitetet.

— Vi har eit styrevedtak på at det å reisa skal vera den nye normalen. Etter kvart skal ein då måtte grunngi kvifor ein ikkje ønskjer å reisa. Kva kriteria for å få fritak skal vera, må ein koma attende til, sa Olsen til På Høyden i april.

No får han støtte av andre rektorar.

Eg synest ein skal gjere utveksling obligatorisk for nokre studium. For somme utdanningar er det viktigare enn for andre.

Sunniva Whittaker

Ikkje flokkar til Australia

Sunniva Whittaker, som til hausten tek over som rektor ved Universitetet i Agder, synest det er ein interessant tanke, i alle fall for ein del studieprogram.

— Ein må kanskje tenke på ulike studieprogram, og sjå kva nytte dei har av utveksling. Det er viktig at utvekslinga gir ein tilleggsverdi. Og dei vitskapleg tilsette må vere djupt involverte, og sikre at studentane får eit godt, fagleg opplegg, seier ho til Khrono.

Når det gjeld studentar som studerer språk høyrest det til dømes veldig rimeleg ut at dei reiser ut. Men vi har ei veldig samansett studentgruppe, og mange av dei har barn. Det kan vere mange grunnar til at folk ikkje reiser ut, meiner ho.

Men utveksling må òg henge saman med berekraft, og Whittaker ser ikkje for seg å sende store flokkar med studentar til Australia.

— Eg synest ein skal gjere utveksling obligatorisk for nokre studium. For somme utdanningar er det viktigare enn for andre. Og det er uansett vanskeleg å gå frå til dømes 20 prosent utveksling til 100 prosent. Då kan det vere lurt å tenke på kva som nyttar mest, og gjere det først.

Har reist langt allereie

I Tromsø har rektor Anne Husebekk lenge jobba på det frivillige sporet.

— Men vi er framleis ganske dårlege på utveksling av studentar, bortsett frå faga der det er lagd gode ordningar, fortel ho til Khrono.

Eit av dei gode døma er medisin, der ein stor del av kulla dreg ut.

— Eg veit ikkje om eg på ståande fot meiner at det skal vere obligatorisk, men eg har sansen for ideen til Dag Rune Olsen, seier ho.

Det aller beste hadde vore å utlyse at studieprogramma har internasjonal utveksling allereie før folk søkjer.

Anne Husebekk

Men eit vilkår må då vere at institusjonane først har gjort ein svært god jobb for å leggje tilrette for at folk kan dra ut.

— Det aller beste hadde vore å utlyse at studieprogramma har internasjonal utveksling allereie før folk søkjer, trur Husebekk.

Men ho ser òg at det kan vere vanskeleg å få svært mange ut.

— Dei fleste reiser allereie eit stykke for å komme til vårt universitet. Og det er først og framst vi som leiarar som må gå i bresjen for eit slikt krav. Og vi må gjere jobben med å sannsynleggjere verdien av utveksling

Og sjølv om ikkje studentane demonstrerer for å få reise meir ut, er ho ikkje i tvil om at det er verd det:

— Det kjem aldri klager til meg som rektor på grunn av utanlandsopphald. Dei fleste som har vore ute er veldig begeistra for det.

Blir haldne heime av bikkje, barn og bil

Ved Høgskolen i Innlandet var det berre 9 prosent av dei uteksaminerte som hadde vore på utveksling i 2018.

— Vi har ein veldig stor del av våre studentar som er vaksne, og som tek fjernstudium. Dei har ein jobb, hus, bikkje og barn dei må ta seg av på kveldstid. Alt tyder på at dette segmentet av studentar vil vekse framover, og er usikker på kor godt det passer for denne gruppa på dra på utveksling, seier rektor Kathrine Skretting til Khrono.

Vi har ingen tankar om å gjere utveksling obligatorisk innan overskueleg framtid.

Kathrine Skretting

Så langt har ikkje obligatorisk utveksling blitt diskutert på høgskulen.

— Vi har ingen tankar om å gjere utveksling obligatorisk innan overskueleg framtid, og eg trur meir på å gjere det frivillig som prinsipp. Å auke motivasjonen er ein tryggare veg å gå, seier Skretting, som sjølv har vore ute i lange periodar.

Ho har òg tru på å få til meir praksis i utlandet.

— Eg trur mest på å spreie bodskapen folk gjer seg om dei gode erfaringane og læringsutbytet dei sit igjen med.

— Ikkje berekraftig

USN-rektor Petter Aasen er likevel den einaste av rektorane vi har snakka med som går direkte imot obligatorisk utveksling:

— Eg er for studentutveksling som kvalitetsfremjande tiltak i høgare utdanning, men meiner at utveksling ikkje bør gjerast obligatorisk. Det kan virke mot si hensikt. Eg meiner dessutan at vi når det gjelder internasjonalisering må tenke nytt då det ikkje er berekraftig politikk å setje alle norske studentar, og leiarar og tilsette, på flyt til utlandet for å fremje kvaliteten i norsk høgare utdanning.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø reiser no landet rundt for å få innspel til si komande stortingsmelding om studentmobilitet og utveksling. Meldinga er venta ved årsskiftet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS