Universitetet i Bergen

Bråk og skikkasak etter Resett-intervju. No går han til sak mot universitetet

Kristoffer Tyssøy Høisæther ønskjer helst å jobba i den vidaregåande skulen. Han er no ferdig utdanna lektor.

Felles klagenemnd var usamde med UiB og kom til at Kristoffer Tyssøy Høisæther ikkje var uskikka for lektoryrket. No krev han erstatning.

Publisert Oppdatert

— Eg meiner eg har krav på kompensasjon for to års tapt arbeidsinntekt, seier Kristoffer Tyssøy Høisæther.

Hausten 2018 byrja han på studiet i praktisk pedagogikk (PPU) ved Universitetet i Bergen (UiB). Våren før hadde han levert masteroppgåva si i historie, ei oppgåve som skapte merksemd: Høisæther analyserte ni ulike lærebøker, og fann at europearane vart framstilte som meir barbariske enn det arabarane vart.

«Etter å ha lest gjennom lærebøkene kan det virke som vestlig historie er åpen for fremheving av problematiske historiske hendelser, kritikk og fordømmelse, men slike fremhevinger av problematiske hendelser, kritikk og fordømmelse ikke opptrer i den delen av boken som omhandler den islamske verdens historie,» skreiv han, ifølgje Vårt Land.

Det vart noko debatt i Vårt Land, og Høisæther vart òg intervjua av vekeavisa Dag og Tid.

I tillegg vart han i januar 2019 kontakta av nettavisa Resett. Resett plasserer seg tydeleg på ytterste høgresida politisk. Høisæther skreiv eit samandrag av si eiga masteroppgåve, og vart i tillegg intervjua av nettstaden.

Dette vart brukt mot han då han etter nokre månader på studiet fekk ei skikkamelding mot seg.

Høisæther har seinare bede Resett om å fjerne namnet hans frå avisa.

Samarbeidsproblem

— Å lata seg intervjua av Resett viser svært dårleg dømmekraft, heiter det i ei melding frå ein tilsett, som kom inn i samband med ei tvilsmelding mot Høisæther våren 2019. Då hadde det allereie vore samtalar med studenten hausten 2018, mellom anna knytt til samarbeidsproblem med dei andre studentane i gruppa.

— Det var eit møte etter første praksisperiode, stadfestar Høisæther til Khrono.

Denne praksisperioden fekk han godkjent.

Våren 2019 kom det òg inn ei tvilsmelding frå ein medstudent. Der vert det peika på dårleg samarbeid, og det vert sagt at Høisæther hadde «ekstreme synspunkt på innvandring og framande kulturar».

Sjølv motset han seg dette. Men han peikar på samarbeidsproblem med dei andre på gruppa.

— Eg fekk ein e-post frå ein medstudent der det stod «Dø Kristoffer». Eg varsla Universitetet i Bergen om dette, men dei gjorde ikkje noko meir med det, seier Høisæther.

Fakta

Hva er skikkethet?

  • I en rekke lærer- og helse- og sosialfagutdanninger blir studentenes skikkethet vurdert. Vitnemål for fullført utdanning forutsetter at studenten er vurdert som skikket for yrket.
  • Med dette skal samfunnet sikre at barnehagebarn, elever, pasienter og andre brukere møter lærere og helse- og sosialfagarbeidere som er skikket for det yrket de utøver.
  • Ansvaret for å vurdere kandidatenes skikkethet ligger i sin helhet på de høyere utdanningsinstitusjonene.
  • Alle institusjonene har nå en skikkethetsansvarlig.
  • Grunnlaget for vurderingen om skikkethet finnes i lov om universiteter og høyskoler § 4 – 10.
  • Disse utdanningene har skikkethetsvurdering.
  • En student som utgjør en mulig fare for barnehagebarns og elevers eller pasienters, klienters og brukeres liv, fysiske og psykiske helse, rettigheter og sikkerhet, er ikke skikket for yrket.

Han fortel at det eksisterte ei Facebook-side som var drifta av dei tillitsvalde studentane.

— Her vart eg hengd ut etter intervjuet i Resett. Eg var ikkje sjølv aktiv inne på denne sida, men vart tipsa av ein medstudent, seier Høisæther.

Fekk ikkje godkjent praksis

Våren 2019 hadde Høisæther fleire ekstra besøk av praksisrettleiar. Han fekk beskjed om at han ikkje fekk desse besøka godkjent, og praksisperioden samla sett vart slik heller ikkje godkjent.

UiB si skikkanemnd konkluderte i august 2019 med at Høisæther var uskikka for læraryrket. I saksutgreiinga heiter det at dei ikkje har sett på den politiske ståstaden hans, og det vert òg vist til ytringsfridom.

«Slik saken er opplyst, mener klagenemnda at det er tilstrekkelig godtgjort at studenten vil kunne utgjøre en mulig fare for elevers og kollegaers psykiske helse og rettigheter, og viser til at hans manglende samarbeidsevner i rollen som lærer og evne til å lede læringsprosesser i samsvar med læringsmål, vil kunne sette elevers og andres rett til et trygt lærings- og arbeidsmiljø i fare», heiter det.

Felles klagenemnd: Må få ekstra oppfølging

Høisæther klaga saka vidare inn til Felles klagenemnd, som ikkje er samde med UiB.

Dei skriv at det har vore ei gliding i fokus under saksgangen der det etterkvart har vorte mindre vekt på Høisæther sine ytringar og meir på manglande faglege prestasjonar. Men det siste kan skuldast samarbeidsproblem, meiner klagenemnda, og viser til hets og mobbing:

«Det er dermed nærliggende at samarbeidsproblematikken skyldes en kombinasjon av flere omstendigheter, også forhold som ikke kan legges klageren til last».

Dei skriv òg at «nemnda ser det slik at de spesielle forhold i saken knyttet til konflikter rundt hans politiske oppfatninger og etter hvert til hets/mobbing, blant annet kan ha medvirket til at klageren konkret unnlot å følge opp innkalling til veiledningssamtale i april 2019».

Høisæther er ikkje uskikka, er konklusjonen, men han må få ekstra oppfølging.

Angrar ikkje

Hausten 2021 er Høisæther i gang med eit vikariat som lærar. Han fullførte PPU våren 2021, men er altså to år forseinka.

— Alt er i skjønaste orden, sjølv om eg måtte ha fleire påhøyr enn andre det siste semesteret, seier han.

— Kva tenkjer du i ettertid om å lata seg intervjua av Resett?

— Eg tenkjer at det ikkje var lurt, men eg angrar ikkje. Det var dei som plukka opp masteroppgåva mi, etter at ho hadde vore omtala andre stader, så eg tenkte at eg kunne skriva for dei som vil lesa, seier Høisæther.

— Kor står du politisk?

— Eg driv ikkje med noka form for politisk aktivisme, og eg held meg til dei retningslinjene ein har som lærar. Eg står inne for alt eg har sagt, og eg meiner det er godt innanfor både ytringsfridommen og rammene for læraryrket.

I saksframstillinga vert det vist til ei konkret sak der Høisæther fekk kritikk for kjeldetilfang i ein religionstime.

— Men denne kritikken kom etter at eg hadde bestått den aktuelle praksisperioden — og etter at personen som var kritisk hadde vorten kjend med at eg hadde vorte intervjua av Resett, seier han.

I retten i mars

No møter Høisæther Universitetet i Bergen i retten i mars neste år.

Tapt arbeidsinntekt for ein lektor i to år er over ein million kroner, seier han. I mellomtida har han mellom anna jobba på museum.

— UiB har ikkje vist fnugg av vilje til å orsaka noko, seier han.

Universitetet i Bergen stadfestar at dei har fått ei melding om ein drapstrussel knytt til Høisæther. Men Khrono har ikkje lukkast i å få kommentarar verken frå nokon ved Institutt for pedagogikk eller Det psykologiske fakultetet.

— Som institusjon er me opptekne av å opptre formelt korrekt - generelt og i spesifikke tilfelle. Så også her, skriv instituttleiar Kjersti Lea i ein e-post til Khrono, og viser til at saka skal opp i retten.

Universitetsdirektør Robert Rastad er også ganske ordknapp.

— Når universitet vert saksøkt, er det regjeringsadvokaten som er vår prosessfullmektige. Alle kommentarar knytt til søksmål må ein retta til dei, skriv Rastad i ein e-post til Khrono.

— Når ein opplever at Felles klagenemnd endrar vedtaket, får det då nokre konsekvensar for korleis UiB jobbar med skikkasaker internt?

— Om ein er skikka eller ikkje vert vurdert av fakulteta, og det vert sjølvsagt gjort særskilde vurderingar og avvegingar i kvart enkelt tilfelle. Røynsler basert på ei enkelt sak kan eg ikkje kommentera all den tid dette no er gjenstand for ein eigen juridisk prosess, seier Rastad, og viser igjen til regjeringsadvokaten.

Fleire Resett-saker

Omstridte intervju med Resett er ikkje ukjent i akademia. I den mykje omtala Eikrem-saka ved NTNU, der universitetet no ønskjer å gi førsteamanuensis Øyvind Eikrem sparken, starta saka med eit intervju i nettopp Resett.

Dåverande rektor Gunnar Bovim sa den gongen at det Eikrem hadde sagt var innanfor ytringsfridomen.

Også ved Høyskolen Kristiania har intervju gjort med Resett fått omtale. Den private høgskulen delte eit intervju med dosent Elin Ørjasæter på Twitter - eit intervju som hadde vore publisert i Resett.

«Tidligere i dag ble det del en post fra Resett på vår Twitter-konto. Vi beklager til Høyskolen Kristiania sine lesere. Dosent Ørjasæter har full anledning til å dele sine meninger og synspunkter. Vi som høyskole ønsker ikke å assosieres med Resett og har derfor fjernet innlegget», twitra høgskulen same dag.

— Ingen har blitt sensurert, sa rektor Arne Krumsvik til Khrono.

Institusjonsansvarleg: Ytringar har vore tema

— Det er sjeldan noko som er gjort utanfor studiesituasjonen får noko å seia i ei skikkasak, seier Arne Tjølsen.

Han er professor i medisin ved Universitetet i Bergen, og i denne samanheng institusjonsansvarleg for skikkaheit. Tjølsen er tydeleg på at han ikkje kommenterer enkeltsaker.

— I dei åra eg har vore institusjonsansvarleg har eg handsama rundt ti saker i året. I nokre av tvilsmeldingane eg har fått, har meiningar og ytringar hos studentar i nokre tilfelle vorte skildra, seier Tjølsen.

— Kan ein tenkja seg at noko som vert ytra kan få noko å seia i ei skikkasak?

— Ja, det kan tenkjast. Ein kan til dømes tenkja seg blogging om haldningar til narkotika eller om haldningar til vald mot andre kulturar. I dei sakene eg har handsama, har ikkje slike døme vore ein del av argumentasjonen for om ein student er uskikka, men det har hendt at det har vore ein del av materialet som har vorte henta inn.

Konfliktar er ikkje noko nytt

Kari Kildahl er institusjonsansvarleg ved OsloMet. Ho leiar òg arbeidsutvalet i Nasjonalt forum for skikkethetsvurdering. I dette fora treffest institusjonsansvarlege og diskuterer problemstillingar dei møter på i arbeidet sitt.

Ting som vert gjort utanfor studiesituasjonen, og ting som vert skrive i sosiale medium, kan verka inn, har Kildahl tidlegare sagt.

— Ein kan til dømes tenkja seg ein student som er ekstrem i synspunkta sine, og som heile tida snakkar om å frelsa andre eller påverka andre med sitt syn – og har dette som ein viktig motivasjon for å ta til dømes lærarutdanning. Vil denne personen vera skikka for å arbeida i ein skule eller barnehage, spurte Kildahl retorisk.

I saka med Høisæther er det snakk om konfliktar i studentgruppa. Det er ikkje noko nytt, meiner Arne Tjølsen, og noko som òg vert drøfta når institusjonsansvarlege treffest.

— Det kan vera ein del av ei skikkamelding at nokon har sagt eller meint noko andre ikkje likar eller meiner at ein ikkje skulle seia. Me drøftar dette med antipatiar; det er vår oppgåve å nøsta i det og finna ut kva som er ei personkonflikt og kva som skuldast eigenskapar ved personen det er varsla om.

— No gjorde Felles klagenemnd om UiB sitt vedtak. Tenkjer du som institusjonsansvarleg at UiB har gjort noko feil i saka?

— Eg tenkjer at me ikkje har argumentert tydeleg nok for den faren me såg. Dette lærer me noko av. Sjølv sit eg rett nok eit stykke unna sjølve vedtaket, som vart fatta av Den sentrale klagenemnda hos oss, men det handlar om både krav til dokumentasjon og grunngiving av kvifor Universitetet i Bergen meinte studenten var uskikka.

Powered by Labrador CMS