Den som skriv doktoravhandlinga si på norsk, startar karrieren med eit handicap, meiner medieprofessor Arne Krumsvik på Universitetet i Oslo Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Engelsk best for forskarar

Medieprofessor Arne Krumsvik undrar seg over at det er vanskeleg å finne nokon som er samde med rektor Curt Rice i at norsk i forskingsartiklar skulle vore bannlyst.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Å råde ein ung forskar til å publisere på norsk, er ikkje eit særleg godt råd. Den som skriv doktoravhandlinga si på norsk, startar karrieren med eit handicap.

Det har storma rundt rektor på Høgskolen i Oslo og Akershus, Curt Rice, etter at han spissformulerte i Morgenbladet at publisering på norsk burde bannlysast. Dagladet skuldar han for akademisk tunnelsyn. Khrono.no skriv at det er vanskeleg å finne nokon som er samde med han. Det undrar meg.

Dei som uttalar seg til Khrono er ein heilt annan stad i karriera enn dei unge som skal etablere seg som forskarar. Skulle ein doktorstipendiat eller postdoktor ved Institutt for medier og kommunikasjon spørre meg til råds, er eg ikkje i tvil om at rådet blir å publisere mest mogleg på engelsk.

Det er fordi eg legg til grunn av dei stiller seg Spice Girls-spørsmålet: Kva er det dei verkeleg vil? Svaret til ein ung og ambisiøs forskar bør vere å delta i den internasjonale forskingsfronten. Først og fremst fordi det er dette som gir arbeidet meining. Å utvikle faget. Deretter for å få godkjent doktoravhandlinga si, for å kunne konkurrere om ekstern finansiering, og for å bli professor. Publisering på norsk ville vere ein distraksjon for karriereforskaren.

Rett nok er det ikkje meir enn ni år sidan professor Espen Ytreberg såg seg nødd til å forsvare internasjonal artikkelpublisering i Norsk Medietidsskrift. Men det siste tiåret har forskinga blitt meir internasjonal, og det er ingen teikn i tida som skulle tilseie at den utviklinga vil snu.

Å råde ein ung forskar til å publisere på norsk, er ikkje eit særleg godt råd. 

Arne Krumsvik

Dei som reagerar sterkast på Rice si spissformulering har særleg omsorg for det norske fagspråket, og det omsynet bør ikkje avvisast totalt. Men det urimeleg å leggje dette på skuldrande til dei som vil opp og fram som forskarar.

(Innlegget er først publisert på Arne Kumsviks blogg Bestem deg).

For meir debatt, sjå også: Khronos debattseksjon

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS