Åse Wetås, Kathrine Skretting, Curt Rice i språkdebatt i Hamar i februar 2019. Foto: Torkjell Trædal

Norsk fagspråk er undervisaren sitt ansvar

Språk. Diskusjonen om engelsk i akademia er ofte svart og kvit, og mange innlegg impliserer at me må velja anten norsk eller engelsk og halda oss til det for all tid.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Norge er såpass fleirspråkleg at me faktisk kan finna ein gyllen middelveg, gjerne ein kor, i hovudsak, undervisning er på norsk og forsking er på engelsk.

På måndag skreiv Ragnar Audunson i Khrono at undervisning naudsynt blir verre på engelsk, som ein reaksjon på Wetås som seier at Språkrådet fryktar konsekvensane av engelskspråkleg undervisning. Då NTNU la fram sin internasjonale handlingsplan i fjor, som sa at alle mastergradar i utgangspunkt burde vera på engelsk, blei det raskt sett opp ein underskriftskampanje, som no har 380 underskriftar. Eg er einig med Audunson i at engelsk undervisning nordmenn imellom må utgjera dårlegare undervisning.

I høve der studentane òg er nordmenn som skal ut og jobba i Norge, som er dei aller fleste av dei, er det ikkje hensiktsmessig å undervisa på engelsk.

Charlotte Sant

Det manglar forsking på effekten av engelskspråkleg undervisning i ein norsk kontekst, men anekdotisk har det komme mange historier fram i lyset i den siste tida som illustrerer at nyanse og djupn er utfordringar, både for undervisarar og studentar som ikkje snakkar engelsk som morsmål. Det tek tid å bli vand til å undervisa på engelsk, særleg viss du forskar på norske fenomen og heile kvardagen din er på norsk. I høve der studentane òg er nordmenn som skal ut og jobba i Norge, som er dei aller fleste av dei, er det ikkje hensiktsmessig å undervisa på engelsk. Det er viktig at studentane kan snakka om faget sitt når dei kjem ut i arbeidslivet, som Språkrådet òg viser i ei bedriftsmeiningsmåling i haust.

Me kan likevel ikkje ignorera at forsking ikkje kjem langt på norsk. Det er ikkje rart at 90 prosent av dei akademiske publikasjonane i 2017 var skrivne på engelsk. Me kjem ikkje utanfor landegrensene viss me held oss på norsk. Sånn er det berre. Og viss forskinga vår skal gjera nokon forskjell i verda, må me kunna samarbeida utanfor landets grenser.

Det burde finst oppmuntring til å publisera tekstbøker og anna kursmateriell på norsk, men i forskinga er det såpass mange små underfelt at det ikkje er hensiktsmessig å bruka ressursar på å aktivt omsetta til norsk, såframt stoffet ikkje skal undervisast. I mitt eige fagfelt finst det ikkje norske omgrep for ‘property concepts’ eller ‘scalarity’, men viss eg nokon gong skulle undervist om det, ville det jo vore fullt mogleg å laga norske omgrep for disse. Det skal vera undervisaren sitt ansvar å legga til rette for godt norsk fagspråk, ikkje studenten.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS