Debatt ● Klaus Mohn
Attraktive yrke gir populære utdanningar
Statsråden melder nok ein gong sine forventningar til universitet og høgskular om rekruttering. Men, Sandra Borch, utan betre utsikter for kritiske yrke, vil heller ikkje utdanningane bli meir attraktive.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Mangel på samfunnskritisk kompetanse blei gjort til eit viktig tema i statsråd Sandra Borch sitt innlegg under den årlege Kontaktkonferansen i går. Fleire av ministeren sine kollegaer i regjeringa skal vere uroa for rekrutteringa til sine respektive sektorar. Det er ikkje vanskeleg å gjette seg til at dette kan gjelde helse- og omsorgsministeren, kunnskapsministeren, og kanskje jamvel energiministeren. Spørsmålet er om det er Borch og UH-sektoren si utfordring.
«Dette er alvorleg», sa likevel Borch, heldt fram at samfunnet er ramma av mangel på kompetanse og folk, og at dette gir eit stort ansvar til kunnskapssektoren. Mangelen på folk er det ikkje så lett å bøte på gjennom høgare utdanning og forsking. Me har dei folka me har. Men om problemet er mangel på (relevant) kompetanse, så har UH-sektoren sjølvsagt ei rolle å spele.
Og her meldte statsråden nok ein gong sine forventningar til universitet og høgskular om å ta ei meir tydeleg rolle i dimensjonering og tilpassing av studietilbodet til behovet for kompetanse i samfunnet. Slike signal kan tyde på at regjeringa trur det er kapasiteten ved kritiske studieprogram sett grenser for tilgangen til nye kandidatar. Så enkelt er det ikkje.
Rett nok er det slik at universitet og høgskular utdannar kandidatar til ein arbeidsmarknad med viktige og vekslande behov. Me er likevel ikkje å rekne som utdanningsfabrikkar. Talet på kandidatar påverkast, men fullkomen regulering er korkje mogleg eller ønskeleg.
Slike signal kan tyde på at regjeringa trur det er kapasiteten ved kritiske studieprogram sett grenser for tilgangen til nye kandidatar. Så enkelt er det ikkje.
Klaus Mohn
Ei viktig forklaring er at tilbodet av utdanning ikkje berre skal møte behova i arbeidsmarknaden. Utdanningane skal og møte interesser, utsikter og draumar i eit mangfald av studentar. Tenk om studentane hadde stimla rundt utdanningane som arbeidslivet skrik etter, med søkjarar i hopetal og høge opptakskrav. Då ville studieprogramma bli fylt opp av flinke og høgt motiverte kandidatar, med lite fråfall, låg strykprosent, god framdrift og gjennomføring. I ein slik situasjon er det lite problematisk å auke kapasiteten, med mindre ein står overfor etableringshindringar eller ressursmessige skrankar.
Men når studentane sviktar utdanningane arbeids- og næringslivet skrik etter, så blir det meir krevjande. Mykje meir krevjande. Etter oljeprisfallet i 2014 opplevde universitet og høgskular eit markant tilbakeslag i søkjartala til oljerelaterte utdanningar, trass i at utsiktene på arbeidsmarknaden var gode. Og dei siste par åra har studentane skygga unna lærar- og sjukepleiarutdanningane, sjølv om behovet truleg er stort for begge desse yrkesgruppene, både på kort og lang sikt.
I arbeidet med å styrke rekrutteringa til yrke som er kritiske for samfunnsutviklinga står universitet og høgskular klare til å ta sin del av ansvaret. Difor er det mange som no aukar innsatsen for å mobilisere søkjarar til utdanningsprogram som er på vikande front blant studentane.
Kapasiteten er bygd ned for oljerelaterte utdanningar, samstundes som bortfallet av norske søkjarar er kompensert gjennom mobilisering av studentar frå utlandet. Ved utdanningar med overvekt av eitt kjønn, blir særleg merksemd no retta mot mindretalskjønnet. For sjukepleiarutdanningane inneber dette til dømes særmerkt marknadsføring mot menn.
Ein annan ide som bør greiast ut, er å legge om rammeplanar og studieplanar slik at første året av utdanningane til lærar, sjukepleiar og ingeniør kan takast som ein årseining. Då vil unge studentar sleppe å binde seg til eit tre- eller femårsløp frå første dag. Med eit fleksibelt førsteår, kan dei sjølvsagt halde fram mot bachelorgrad der dei starta. Men om dei finn ut at studievalet ikkje var rett, så kan dei hoppe av og ta med seg årsstudiet til ein samansett bachelorgrad ved eit anna fakultet, utan å tape studieprogresjon. Slike grep kan betre fleksibiliteten for studentane og styrke rekrutteringa og gjennomføringa til alle dei tre utdanningsgruppene.
Ansvaret for universitet og høgskular har likevel sine grenser.
Klaus Mohn
Ansvaret for universitet og høgskular har likevel sine grenser. For når stadig fleire studiesøkjarar styrar unna utdanningane til ingeniør, lærar og sjukepleiar, så er det neppe fordi det er noko gale med studieprogramma. Det er rammevilkår, tilvære og karriereutsikter for dei aktuelle yrka som er problemet.
Statsråd Borch kan kanskje minne sine statsråd-kollegaar om at slike forhold ligg utanfor UH-sektoren sitt herredøme.
Utsikter til omstilling og uvisse i arbeidsmarknaden gjer at studentar legg stadig større vekt på fleksibilitet. Dette aukar igjen interessa for utdanningar som gir høve til å velje mellom fleire næringar, og som kan gje jobb både i privat og offentleg sektor. Her ligg truleg ei forklaring på kvifor til dømes rettsvitskap, økonomi og administrasjon held på attraktiviteten blant studentane.
Blant studentane sine kriterium for jobbkvalitet blir samstundes fleksibel arbeidstid og heimekontorordning nemnt stadig oftare. Vidare er krava og forventningar på veg opp når det gjeld oppfølging, vidareutvikling og karriereplanar. Til sine nytilsette ser ein no at arbeidsgjevarar jamvel byd på personleg rådgjeving (onboarding/coaching). Og til slutt er studentane opptekne av at vel utført arbeid skal stå i samanheng med utsiktene til inntekt og karriere. Løn for strevet, med andre ord.
Desse forholda handlar ikkje om utdanningane, og i liten grad om universitet og høgskular. Like fullt kan opplistinga tene som ei påminning og rettesnor for arbeidet med politikkutvikling og arbeidsgjevarforhold på feltet.
Ingenting gale med framsnakking, men her trengst det nok hardare lut. Her kjem ein neppe særleg langt utan endringar av meir substansiell karakter, med vektlegging og vidareutvikling av sider ved yrkestilværet som kjem den yngre generasjon i møte.
Om ein lykkast med ein slik innsats, så vil utdanningane blir meir attraktive, søkjartalet vil betre seg, resultat og gjennomstrøyming vil bli betre og fleire kandidatar vil bli uteksaminert på normert tid. Ei slik utvikling vil og gje universitet og høgskular eit betre utgangspunkt for å sikre kompetanse for sektorar som er kritiske for å møte dei store utfordringane i vår tid.