Nybygg hvl

Nybygget skal vera ferdig til studiestart. No er spørsmålet når ein kan flytta inn

Høgskulen på Vestlandet har fått 14 000 nye kvadratmeter. Men kan ein sitja i opne landskap, med aktivitetsbaserte arbeidsplassar, så lenge det eksisterer ein koronapandemi?

Det kjem godt med lys inn gjennom taket i nybygget. (Klikk på pilane oppe i hjørna på bilete for å sjå fleire). Foto: Silje Katrine Robinson
Bygget slyngar seg oppover. Det er fem etasjar og ein underetasje, totalt 14 000 kvadratmeter. Arkitekt er L2 Arkitekter. Foto: Silje Katrine Robinson
Prosjektleiar Knut Erik Kismul på takterrassen i bygget. Han ser utover mot Solheimsvannet og Lepraparken - og skal sjølv flytta inn i bygget. Foto: Silje Katrine Robinson
Det er arbeidsplassar for studentar mange stader. Nokre av dei i knallfarga boksar - her kan ein sitja fleire saman. Foto: Silje Katrine Robinson
Straum er viktig. I små luker i golvet skjuler det seg stikkontaktar. Foto: Silje Katrine Robinson
Tamrat Gezahegne frå Etiopia er ein av kunstnarane som skal visa kunsten sin i bygget. Dekorasjonen på glasdørene er eit slags alfabet Gezahegne tidlegare har laga. Foto: Silje Katrine Robinson
Eit amfi og ei lita scene vart ein bonus i bygget. Foto: Silje Katrine Robinson
Bjørkefiner og grøne plantar møter ein når ein kjem inn i bygget. Lenger oppe i etasjane er røff betong tidvis synleg. Foto: Silje Katrine Robinson
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nybygget Kronstad 2 ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen, har vore mykje omtalt, omdiskutert og omstridt. Fleire har nekta å flytte inn, fagforeiningar har protestert på prosessen, mot staten si arealnorm, mot at cellekontora forsvann og at opne landskap og aktivitetsbaserte arbeidsplassar er det som gjeld.

No er bygget snart innflyttingsklart. Eigentleg skulle det vore fleire tusen studentar på Kronstadplassen i august. Slik vert det neppe no.

Knut Erik Kismul, prosjektleiar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), ser utover eit førebels gravemaskindekka landskap. På den eine sida av plassen står Kronstad 1, bygget HVL flytta inn i i 2014. På motsett side ligg nybygget Kronstad 2.

— Dei har lova at plassen skal vera ferdig til studiestart, seier Kismul.

Så vil tida visa korleis studiestart vert i dette uvanlege året.

Mange på flyttefot

Kronstad 2 er på over 14 000 kvadratmeter og skal etter planen verta teken i bruk frå hausten. Kismul fortel om ei stor omrokkering som no er på gang.

Lesesalen har vindauge ut mot Kronstad 2, bybanesporet og deler av eit gamalt trehusområde i Bergen.

— Inn i det nye bygget skal store deler av administrasjonen, mellom anna rektor og leiargruppe og HR-avdeling. I tillegg skal ein del faglege einingar, til dømes det store Institutt for velferd og deltaking. I tillegg vert det undervisningsareal og areal for studentar.

I dag har høgskulen lokale i Fabrikkgaten og på Møllendal. På Møllendal er det både undervisningsareal og kontor, i fabrikkgaten er det berre kontor. Målet no er å kvitta seg heilt med areala på Møllendal.

Det betyr at tilsette no får tilmålt tid der dei kan koma inn og rydda på dei gamle arbeidsplassane sine, og så skal dei på flyttefot. Deretter må dei truleg attende til heimekontoret ein periode.

— Me ser på dei ulike bygga som ein campus. Det betyr at studentane kan koma til å ha undervisning i Kronstad 2 sjølv om fagmiljøet har plass i Kronstad 1. Det er jo ikkje langt å gå, og me har til og med fått ein tunnel under bakken som bind bygga saman, humrar Kismul.

Knut Erik Kismul er prosjektleiar for nybygget. I areala bak han skal det koma kafé. Planen er òg at det skal koma stolar og bord på plass ute.

Rommet ein ikkje trudde ein ville få

Han viser veg inn i det nye bygget, der lys bjørkefiner møter røff betong. Innimellom finn ein nokre knall gule og grøne fargeklattar. Statsbygg har vore byggherre og Kruse Smith AS entreprenør.

— Godt samarbeidsklima, skryt Kismul.

Eit eige amfi låg ikkje i planane, men prosjektleiar Knut Erik Kismul er godt nøgd med at L2 Arkitekter kom med forslaget.

L2 Arkitekter vann konkurransen med fem deltakarar. Noko av grunnen til det, var at dei ga høgskulen eit ekstra rom. Ope, på veg ned til underetajen, er det bygd eit amfi.

— Kva skal de bruka dette til?

— Dette kan ein bruka til mykje. Me har lærarutdanning med kunst og drama, det finst ei tangogruppe ved høgskulen, ein kan ha seminar og arrangement her og få opp ein stor skjerm nederst, seier Kismul entusiastisk, og legg til at ein bortsett frå i koronatid i alle fall vil kunne sitja omlag hundre menneske saman.

Etasjane er delt i to: Halvparten er sett av til undervisningsrom, den andre halvparten til ei fagleg eller administrativ eining.

Bygget har mange vindauge. Her er utsikt frå ein av lesesalane.

Studentane har fått nokre grøne og gule grupperom, inni små holer. I tillegg finst det både tradisjonelle lesesalar og grupperom som er tenkt for studentarbeid.

— Eg har sagt at alle plassar det er mogleg, skal me ha bord og stolar. I tillegg er det viktig å ha nok straum, seier Kismul, og viser nokre luker i golvet i eit av undervisningsromma. Her er det fire stikkontaktar. Planen er at rommet skal kunne brukast til digital eksamen.

Interessert i 1999

Rektor får ikkje sitja øvst, men får kontor i andre etasje. Her skal leiargruppa i Bergen sitja, i landskap. I tillegg er det tenkt at leiarar som har dagleg arbeidsstad ved ein av høgskulen sine andre studiestader kan sitja her når dei er i Bergen.

— Eg synest K2 har vorte eit praktbygg. Bygget har stor grad av funksjonalitet, både for studenter og tilsette og andre som besøkjer oss. Ikkje minst er det estetisk vakkert. Det vert ein god stad å læra og å vera, skriv rektor Berit Rokne i ein epost til Khrono.

På toppen er det ein liten takterrasse, som allereie har fått blomar i kassar. Herifrå har ein vid utsikt, mellom anna mot Solheimsvannet og Lepraparken – to grøne perler.

— Eg er veldig nøgd med korleis arkitektane har nytta vindauge, seier Kismul.

Me meiner det har vore god brukermedverknad i prosjektet. Men i ettertid ser me at forholdet til tillitsvalte burde vore betre avklara tidlegare i prosessen.

Berit Rokne, rektor HVL

I alle etasjar kjem det inn mykje lys, òg på lesesalane.

Prosjektleiaren fortel at han var interessert i tomten på Kronstad allereie for meir enn tjue år sidan. Høgskulen var då lokalisert fleire stader enn i dag, og Bybanen var ikkje på plass. Men tomten, som NSB eigde, låg jo der.

— Bergen kommune ville ha oss til Solheimsviken, for å få rusta opp området der. Det ville ikkje me.

No går Bybanen rett fordi, og når den andre linja opnar i Bergen, reknar Kismul med at det vil gå bane forbi høgskulen, som då kanskje har vorte universitet, annakvart minutt.

Høgskulen på Vestlandet flytta til Kronstad i 2017. Bybanen går rett forbi. 9 000 studentar får studiestaden sin her når bygget Kronstad II no er ferdig.

Öppna landskap

I same etasje som takterrassen finn ein ein av dei administrative fløyane. Her skal det sitja 75 menneske, alle i ope landskap.

Prosessen med nybygget har vore lang, og fagforeiningane har ikkje vore nøgde. I dei første romplanane var det lagt inn ein del cellekontor, men då høgskulestyret skulle vedta dette, var cellekontora fjerna. Fagforeiningane klaga til Kunnskapsdepartementet på manglande medbestemming, og fekk medhald: Ifølgje Hovudavtalen i Staten skal arbeidsgivar ta opp disponering av areal til arbeidslokale til forhandling med arbeidstakarorganisasjonane. HVL har svara at dei meiner dette er følgt, fordi fagforeiningane har vore representerte i brukarutvala. Men det er ikkje nok, seier Kunnskapsdepartementet: «Departementet forutsetter at HVL innretter arbeidet i prosjektet "Kronstad 2" i tråd med regelverket i Hovedavtalen i staten, herunder reguleringene om medbestemmelse».

Rektor Rokne flyttar inn i nybygget ved HVL.

— Me meiner det har vore god brukermedverknad i prosjektet. Men i ettertid ser me at forholdet til tillitsvalte burde vore betre avklara tidlegare i prosessen. For komande prosjekt vil me syta føre at me tidleg har ei felles forståing av kva hovudavtalen seier når det gjeld byggjeprosjekt, skriv Rokne.

Ho seier at ho no synest høgskulen har fått ein fin kombinasjon av faglege og administrativt tilsette i bygget, som alle har ønska seg inn i bygget og til dei fasilitetane det kan by på.

Men spørsmålet no er korleis dei nye kontora skal brukast. Ingen får berre eige kontor, men det er laga mange stillerom, eller multirom, som HVL kallar dei. Nokre er mest tenkt som møterom eller grupperom, andre er tenkt til konsentrasjonsarbeid. I tillegg er det to store landskap i kvar etasje der det skal vera heilt stille.

— Det vanlege er at det er sju eller åtte personar for kvart stillerom. Me har litt over tre, seier Kismul.

Det lyse bygget har ulike typar arbeidsplassar. I "boksen" midt i biletet finn ein studentarbeidsplassar. Dei har knall grøn eller knall gul innreiing, dei same fargane går att mellom anna i detaljar og i trapperom. Metropolis Arkitektur og design har hatt ansvar for interiøret, saman med L2 Arkitekter.

Men i tida med koronautbrot er det usikkert både når alle tilsette kan koma attende til kontora, og korleis arbeidsplassane kan brukast. Rokne seier at bygget skal vera heilt klart til bruk ved studiestart i august, og då skal dei tilsette ha flytta inn.

— Så vil det vera koronasitusjonen som vil avgjera i kva grad me må ha restriksjonar i bruken av bygget framover og når me startar opp til hausten. Dei nasjonale føringane og vår eigen smittevernplan vil då verta førande, mellom anna med omsyn til kor mange kan vera til stades i bygget og rutinar for reinhald, seier rektoren.

— Korleis vert det med såkalla «free seating» i koronatida?

— Free seating treng ikkje nødvendigvis vera i motsetnad til å oppretthalda smittevern. Det er faktorar som avstand, frekvens og rutinar for reinhald og talet på personar som er avgjerande for korleis me kan halda oppe eit godt smittevern i lokala. Det vil me laga klare reglar for, seier Rokne.

Epost i sofakroken

— Dette er premien, seier Kismul, og viser fram den sosiale sona for dei tilsette. Førebels er det tomt, bortsett frå ein kjøkenkrok, men også her skal det inn rikeleg med møblar ein både kan vera sosial i og jobba frå.

— Tenk å kunne setja seg ned her, ta ein kopp kaffi og svara på epost. Så kan ein gå inn i kontorfløyen, seier Kismul, som sjølv skal flytta inn i nybygget.

Når ein ein gong får koma attende på kontoret.

Powered by Labrador CMS