Helgeland mobiliserer

No startar gjen­opp­livings-forsøket for Campus Nesna

Nord kuttar livlina i 2022. To andre universitet, ein polarforskar og direktør går saman med lokale aktørar for å berge Helgeland frå utdanningsdøden.

Polarforskaren Jan-Gunnar Winther har i 12 år vore direktør for Norsk polarinstitutt i Tromsø. Han er også blitt nemnd som ein aktuell kandidat til å bli rektor ved UiT Noregs arktiske universitet. No går han inn som styreleiar i prosjektgruppa som skal sørge for utdanning og forsking på Helgeland.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Skrekkscenarioet har vore ein spøkelsescampus. No går vi inn i arbeidet med stor tru på at vi kan gjenreise campus Nesna for høgare utdanning, seier ordførar i Nesna kommune, Hanne Davidsen.

Ho sit i styringsgruppa som har til oppgåve å sikre høgare utdanning på Helgeland, og som nyleg hadde sitt oppstartsmøte. I løpet av eit års tid skal prioriteringa av fagområde vere på plass.

Det er også klart at styreleiar for det heile blir Jan-Gunnar Winther, tidlegare direktør i Norsk polarinstitutt, no direktør for Senter for hav og Arktis, lokalisert ved UiT Noregs arktiske universitet.

Styringsgruppa består elles av representantar for regionråda på Helgeland og dei 18 kommunane, tillegg til Brønnøysundregistra, Nordland fylkeskommune og næringslivet i regionen. I tillegg er VID representert — og UiT ved viserektor Sveinung Eikeland. Blant kommunane er Mo i Rana, som husar den gjenverande delen av Nord universitet i regionen.

Endå eit universitet er med på laget: Universitetet i Umeå i Sverige er i referansgruppa til prosjektet saman med den private barnehagelærarhøgskulen Dronning Mauds Minne i Trondheim. Dermed er fire utdanningsinstitusjonar kopla til prosjektet.

Skal jage spøkelset

Dagleg leiar i Indre Helgeland regionråd, Arne Langset, seier til Khrono at målet er å vidareføre Nesna som utdanningscampus for heile regionen.

Nesna-ordførar Hanne Davidsen, sit i gruppa som no har starta arbeidet med å skape ei fagleg framtid for studiestaden på Nesna.

— Frå komunane si side ønskjer vi å vidareføre fagmiljø og gjenopprette Nesna som eit senter for kompetansbygging i regionen, seier han.

Ordførar Davidsen, som er i styringsgruppa som representant for Indre Helgeland regionråd, seier at jobb nummer ein er å få tilbake den statlege finansieringa av utdanningstilbodet.

— Vi hadde ein institusjon med 130 millionar i årleg finansiering, som vil føler er tatt ifrå oss og heile regionen, seier ho.

Ho har ei fortid som dekan ved Høgskolen i Nesna, som i 2016 vart fusjonert inn i Nord universitet. Etter at Nord bestemte at studiestadane i Nesna og Sandnessjøen skulle leggast ned som ledd i ei omstrukturering av universitetet, har skrekkscenarioet vore høgst realistisk.

Seinare har UiT og VID vitenskapelig høgskole meldt seg på med interesse for å re-etablere tilbod i regionen. Allereie frå hausten 2021 er VID klar for å ta imot 25 studentar til samlingsbasert sjukepleiarutdanning i Sandnessjøen.

Reiseliv og havbruksfag

Det kan bli aktuelt med heilt andre fag enn det som tidlegare har vore tilbodet på Nesna. På utgreiingskartet står havbruksfag og reislivsfag etter modell av studiet ved UiT.

Samstundes er det eit mål å få tilbake barnehagelærar og grunnskulelærarutdanning, som har vore kjernen i studiestaden på Nesna, som har røter 100 år tilbake i tid.

Davidsen stiller seg sterkt tvilande, men ikkje heilt avvisande til at Nord universitet ein gong i framtida igjen kan spele ei rolle i eit samarbeid på Helgeland. I første omgang er det likevel ein konkurransesituasjon på horisonten - der hovudaktørane kan bli Nord universitet og UiT.

— Det er ikkje eit mål å ramme Nord. Men det har vore ein konflikt, og vi er usamde i deira vurderingar og ikkje minst konklusjon. Dei har sett seg sjølv på sidelinja, og då er det naturleg å gå til andre institusjonar. Vi vil at det igjen skal syde av aktivetet her, seier Davidsen.

Powered by Labrador CMS