høgskulen i volda

Arrangerte styreseminar utan rektor og direktør

Styret ved Høgskulen i Volda hadde eit ekstraordinært styreseminar onsdag — utan at rektor og høgskuledirektør var til stades. Tema: Todelt leiing.

Avtale mellom Sunnmøre kulturnæringshage og Høgskulen i Volda var ei av sakene der styret var kritiske til høgskuledirektøren i 2024.

Høgskulen i Volda har ordinært styremøte torsdag 13. mars. Men i går, 12. mars, var styret samla til seminar i Ålesund, men etter det Khrono veit var ikkje rektor og høgskuledirektør til stades.

— Temaet for seminaret er todelt leiing og samarbeid, og me får besøk frå Universitetet i Oslo og Noregs idrettshøgskole. Mei ser fram til ein konstruktiv og nyttig dag for høgskulen, skreiv professor Silje Louise Dahl i ein sms til Khrono onsdag føremiddag.

Departementet var med

Som Khrono har skrive mange gonger det siste året, har det vore eit høgt konfliktnivå ved Høgskulen i Volda (HVO). I april 2024 sa høgskulestyret opp høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem, men Kunnskapsdepartementet oppheva denne oppseiinga i november same år.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim har vore inhabil i oppseiingssaka, fordi han har levert varsel mot Emblem. Han ville på førehand  ikkje seia noko om kva som skulle drøftast på styreseminaret onsdag, men viste til Dahl.

I tillegg til styret og representantar frå Universitetet i Oslo (UiO) og Idrettshøgskulen, var også Kunnskapsdepartementet representert på seminaret. I tillegg deltok administrative leiarar heilt ned til administrasjonssjefar på avdelingsnivå frå høgskulen.

— Avdelingsdirektør Lars Vasbotten og fagdirektør Susanne Sollie har, på spørsmål frå høgskulen, halde eit fagleg innlegg om den nye universitets- og høgskuleloven på eit leiarseminar ved høgskulen i dag, skriv departementet si kommunikasjonsavdeling i ein e-post til Khrono.

Som Khrono har skrive før, har HVO vore kalla inn til møte med Kunnskapsdepartementet tre gongar det siste året, sist tidleg i februar i år. 

I rapporten som høgskulen på førehand, og på bestilling, hadde sendt til departementet før det siste møtet, heitte det mellom anna at «styret har sett i gang ein prosess for betra samarbeid og handtering av leiingsfunksjonar, der det blir arbeidd med strukturelle og relasjonelle sider parallelt. Styret har henta inn ekstern bistand i arbeidet, og styret følgjer prosessen tett. Tidleg i prosessen prøver ein å identifisere område i delegeringsreglement og instruksar som vert opplevd utydelege, og å finne løysingar for å avklare og handtere dette».

Bad om hjelp

Som Khrono har skrive, bad rektor Tonheim i november  Kunnskapsdepartementet om hjelp frå ein annan høgare utdanningsinstitusjon — med vald leiing. Universitetet i Oslo har teke på seg dette oppdraget.

I brevet frå Tonheim peika han på tre typar saker der han meiner høgskulen treng hjelp: Sakshandsaming for styret i saker som administrasjonen er forhindra frå å førebu på ein uavhengig og hensiktsmessig måte, rådgiving til styret og høve til å nytta rammeavtalar som den andre institusjonen allereie har, i tilfelle det er nødvendig å hente inn spesialkompetanse for å kunne handsama saker eller løysa andre utfordringar HVO står i.

Bakgrunnen for brevet var at høgskulestyret i snart eit år hadde handsama saker der høgskuledirektør har vore part. Som følge av dette har administrasjonen ved høgskulen vore inhabil.

Neste møte vert òg utomhus

13. mars skal høgskulen ha ordinært styremøte. Dette skulle vore i Volda, men vart, om lag ei veke før det skulle haldast, flytta til Ålesund nettopp fordi styret er der på seminar. 

Sakslista for styremøtet er lang. Styret skal mellom anna drøfta oppstart for sjukepleieutdanninga, plan for utlysing av stipendiatstillingar og rapport om personvern.

Ei anna av sakene er styreseminar i mai. Det betyr at det møtet òg vert halde utanfor HVO, og ikkje vert tilgjengeleg for studentar og tilsette.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim skriv i ein sms til Khrono at høgskulen sine styremøte sjølvsagt er opne for alle som ønskjer å lytta til dei, og at alle er hjarteleg velkomne.

— Normalen er også at styremøta er strøyma. Det er vanskeleg å få til dei tekniske løysingane når møta er i eksterne lokale. Hovudregelen er at møta er på Høgskulen i Volda, men ved nokre høve vert styremøtet lagt andre stader, skriv Tonheim.

Dette skal dei drøfta

Dette er sakslista til møtet 13. mars:

  • 16/25 — Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 17/25 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 30.01.2025 og 27.02.2025
  • 18/25 — Orientering frå rektor
  • 19/25 — Rapport for 2024 om personvern og informasjonssikkerheit ved HVO
  • 20/25 — HMS-årsrapport 2024, HMS-handlingsplan 2025 og AMU-årsrapport 2024
  • 21/25 — ARK-oversiktsrapport
  • 22/25 — Utsett sensurfrist haust 2024
  • 23/25 — ÅRSREGNSKAP 2024
  • 24/25 — LANGSIKTIG INVESTERINGSPLAN 2025—2029
  • 25/25 — Årsrapport HVO 2024 — til godkjenning
  • 26/25 — Oppstart sjukepleieutdanning — status akkreditering og økonomiske konsekvensar
  • 27/25 — Tilsetjingsprosess studiedirektør
  • 28/25 — Fleirårig plan for utlysing av stipendiatstillingar
  • 29/25 — Årsrapport frå Studentombodet
  • 30/25 — Tildeling av graden philosophiae doctor (ph.d.) — Erlend Walseth
  • 31/25 — Årleg lønsvurdering leiarar
  • 32/25 — Forlenga stedfortreder i studiedirektørstillinga
  • 33/25 — Styreseminar mai 2025
  • 34/25 — Etatsstyringsmøte 26.05.2025
  • 35/25 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
  • 36/25 — Ymse
Powered by Labrador CMS