høgskulen i volda
Er kalla inn til endå eit møte med departementet
For tredje gong er leiinga ved Høgskulen i Volda kalla inn til møte med Kunnskapsdepartementet. Rektor og direktør er ikkje samde om kven som skal stilla i møtet. Det skal styret avgjera i dag.
Leiinga ved Høgskulen i Volda (HVO) har fleire gongar det siste året vore kalla inn til møte med Kunnskapsdepartementet. Årsaka er konfliktane som ved høgskulen, mellom anna knytt til samarbeid mellom rektor og høgskuledirektør.
«KD er svært bekymret over høyskolens faglige resultatutvikling og administrative utfordringer», skreiv Kunnskapsdepartementet (KD) i oppsummeringa si av møtet mellom departementet og høgskulen i oktober.
I eit brev frå departementet nokre veker seinare fekk høgskulen beskjed om å levera ein rapport om kva dei har gjort for å møta både dei faglege og administrative utfordringane.
Rapporten høgskulen har sendt til departementet og førebuing til møtet som skal vera 3. februar, er ei av sakene høgskulestyret skal handsama i møtet sitt 30. januar. Møtet ser du direkte her frå klokka 9:
Rekruttering og sjukepleie
I rapporten som er sendt frå høgskulen, vert det peika på at Høgskulen i Volda i 2024 fekk på plass sitt første, eigne doktorgradsprogram. I tillegg har høgskulen ein ny modell for budsjettfordeling, slik at forskingsutvalet har mykje større handlingsrom til å fordele midlar etter strategiske behov.
Høgskulen har òg løyvd pengar til marknadsføring og skulebesøk for å gjera noko med rekrutteringa, og ein har løyvd midlar til å utvikla eit nytt studium i sjukepleie, noko som kan gjera at nye studentgrupper kjem til høgskulen, heiter det i rapporten.
I det siste styremøtet før jul drøfta høgskulestyret kva dei skulle gi av tilbakemelding til Kunnskapsdepartementet. Dette skjedde i lukka møte.
— Det var uvisse knytt til kva debatten ville handla om, ein ville kunne koma inn på ting som var unnteke offentlegheit. Det var eit samrøystes styre som vedtok lukking, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim til Khrono etter møtet.
No er altså rapporten fritt tilgjengeleg.
— Kva var det som var så hemmeleg i dette?
— Det vil eg ikkje seia noko om, seier Tonheim.
Vil ikkje svara på kven som skal hjelpa
Det er Tonheim som har underteikna rapporten. Der står det også litt om dei administrative utfordringane ved høgskulen. Som Khrono har skrive, har styret mellom anna teke frå høgskuledirektøren nokre fullmakter, og det har vedteke at det ikkje har tillit til direktøren.
«Styret har sett i gang ein prosess for betra samarbeid og handtering av leiingsfunksjonar, der det
blir arbeidd med strukturelle og relasjonelle sider parallelt. Styret har henta inn ekstern bistand i
arbeidet, og styret følgjer prosessen tett. Tidleg i prosessen prøver ein å identifisere område i delegeringsreglement og instruksar som vert
opplevd utydelege, og å finne løysingar for å avklare og handtere dette», heiter det.
Som Khrono har skrive før, har Universitetet i Oslo teke på seg å bistå Høgskulen i Volda.
— Har de fått ein einskildperson eller eit spesifikt fagmiljø de kan ta kontakt med for å få bistand?
— Det ønskjer eg ikkje å svara på.
— Kvifor ikkje?
— Dette er styret si sak, seier Tonheim.
Vil ha med administrative leiarar
Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem skriv i ein kommentar til saka at ho meiner at styret i svært lita grad har valt å svara ut forhold knytt til dei administrative utfordringane ved HVO.
— For at departementet skal få eit heilskapleg bilete av situasjonen, er det etter mi vurdering viktig at sentrale roller i administrasjonen deltek på møtet, skriv Emblem, og føreslå at både økonomisjefen og personalsjefen skal vera med. Det var dei i møtet i oktober.
Forslaget til vedtak er at rektor, direktør og tre styremedlemmer møter departementet.
— Styret må vurdera i møtet kven som skal delta, seier Tonheim.
Skal drøfta utlysing
På sakslista til styremøtet torsdag står elles mellom anna ny utlysing av stillinga som studiedirektør, årsrapport for 2024 og kva ein skal gjera når prorektor skal ha foreldrepermisjon i vår.
Her er heile sakslista:
- 1/25 — Godkjenning av innkalling og sakliste
- 2/25 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret 29.11.2024 — 11.12.2024
- 3/25 — Orientering frå rektor
- 4/25 — Reakkreditering av Barnehagelærar, arbeidsplassbasert — bachelor (deltid)
- 5/25 — Årsrapport HVO 2024 — til diskusjon i styret
- 6/25 — Møte med Kunnskapsdepartementet 3. februar 2025
- 7/25 — Oppnemning av medlemmer til Forskingsutvalg og Utdanningsutval frå 2025
- 8/25 — Studiedirektør — utlysing
- 9/25 — Prorektor — foreldrepermisjon
- 10/25 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
- 11/25 — Ymse
- 12/25 — Tildelingsbrev 2025
Nyeste artikler
Exit for Oddmund Hoel etter ett år og en uke
Disse kan bli ny statsråd etter Hoel
Idéfattig om formidling i UiO-valget
Fikk politisk permisjon i går. I dag røk regjeringen
Etikk som sikkerhet
Mest lest
Ansatte reagerer på krav om høflighet på jobben i Sørøst
Meiner NTNU-rektor må forklare seg om kontakt med PST. — Stalinistisk
Snart kan ingen lære norske elever fremmedspråk
I denne gata fikk bare akademikere bo. Helle (90) har bodd her i snart 60 år
Øyvind Eikrem har fått se mappen sin: NTNU og PST har hatt kontakt siden 2014