høgskulen i volda

Rektor og direktør krangla i styre­møte: — Oppteken av å visa at rektor har gjort feil

Rektor og høgskuledirektør kritiserte kvarandre i fleire saker då Høgskulen i Volda hadde styremøte. Styret vedtok at det er problematisk at direktøren ikkje la fram saka dei hadde bede om.

Ann-Kristin Emblem er høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda. I styremøtet 30. januar kom det fram usemje mellom henne og rektor i fleire av sakene som skulle handsamast.

— Styret ser det som svært problematisk at høgskuledirektøren ikkje har lagt fram eit saksframlegg som gir grunnlag for at styret kan gi innspel og drøfta årsrapporten.

Det heiter det i eit av vedtaka frå møtet i styret ved Høgskulen i Volda torsdag 30. januar. Undervegs i møtet vart det tydeleg at det framleis er konfliktar ved høgskulen.

— Direktør er oppteken av å visa at rektor har gjort feil, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

— Rektor har handsama fleire av sakene til dette møtet. Det som står på nettsidene våre om at direktør har observatørstatus i styret, er meir rett enn nokosinne, sa høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem.

Bestemt for lenge sidan

Våren 2024 sa høgskulestyret opp høgskuledirektøren, eit vedtak Kunnskapsdepartementet gjorde om i november. Styret har òg teke frå direktøren mynde, og vedteke at det ikkje har tillit til henne.

Direktøren har på si side mellom anna sagt at ho vert gjeta av rektor.

Møre-Nytt skreiv før møtet i høgskulestyret denne veka at det no skal inn ein organisasjonspsykolog for å betra samarbeidet mellom direktør og rektor. Khrono har skrive at leiinga for tredje gong skal i møte med Kunnskapsdepartementet, der administrative utfordringar er eit tema.

Men allereie i den andre saka der styret skulle fatta eit vedtak, var det tydeleg at det var usemje mellom rektor og direktør.

I sakspapira heiter det at «styret har tidlegare gitt uttrykk for ønske om sterkare medverknad i utarbeiding av delar av årsrapporten. Det er difor i år sett opp eit eige styremøte der dette var tenkt som hovudsak. På grunn av stor kjende ressursutfordringar i Studieadministrasjonen har det så langt ikkje vore mogeleg å hente ut nødvendig statistikk/talmateriale til dette styremøtet».

Rektor Tonheim sa i si innleiing at ein skulle sikra styret større medverknad i utarbeidinga av årsrapporten, som alle universitet og høgskular skal senda til Kunnskapsdepartementet midt i mars.

— Dette saksframlegget gir ikkje grunnlag for å diskutera konkrete aspekt, og eg kan ikkje sjå at det er råd å handsama saka slik ho er lagt fram, sa Tonheim.

Styret vedtok så å utsetja saka og vedtok at det forventar at høgskuledirektøren leier prosessen med å få utarbeidd årsrapport, og at det vert sett opp eit nytt styremøte i god tid før det ordinære styremøtet 13. mars.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim var kritisk til høgskuledirektøren si handsaming i fleire saker.

Første januarmøte på fleire år

Til Khrono seier Tonheim at det er første gong på fleire år at styret ved Høgskulen i Volda har møte i januar.

— Bakgrunnen var at ved å ha årets første møte i mars, så kom årsrapporten bardust på styret. Me ønska at styret kunne medverka i større grad, og i årshjulet for studieåret 2024/25, som vart vedteke i desember 2023, la styret inn dette møtet.

— Kva hadde de forventa å få?

— Me hadde ikkje forventa ei ferdig sak. Men eit skjelett eller i alle fall ei sak med nokre spørsmål som kunne vera utgangspunkt for ein debatt.

Ingen kommentar

Tonheim ønskjer ikkje å stadfesta om det er henta inn organisasjonspsykolog, og viser til Silje Louise Dahl, som er fungerande styreleiar i saka knytt til oppseiinga av direktøren. Khrono har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Dahl.

Tonheim ønskjer heller ikkje å svara på korleis han opplever samarbeidsklimaet.

— Synest du den måten de snakka til kvarandre på i styremøtet i dag er måten ein bør snakka saman på?

— Nei, det er det absolutt ikkje.

Khrono har spurt høgskuledirektøren om kvifor det ikkje vart levert i fyldigare sak. Emblem har ikkje svara på dette. Ho har heller ikkje svara på kva ho synest om tonen i møtet.

Kva er offentleg — og kven skal bestemma?

Den andre saka der det vart høg temperatur, handla om utlysing av stillinga som studiedirektør.

Som Khrono har skrive tidlegare, sa den førre studiedirektøren opp og fekk ein ny sluttpakke — utan at rektor var informert om det. Stillinga vart deretter lyst ut, utan at rektor var samd. I august 2024 vedtok styret at det er styret som skal tilsetja ny studiedirektør.

Håkon Bø er konstituert som studiedirektør i seks månader frå 14. oktober 2024. Det vil vera mogleg å forlenga dette — dersom Bø vil, vart det sagt i styremøtet.

Denne saka var det rektor som hadde førebudd. I kommentarane sine skriv høgskuledirektøren at HR-avdelinga ikkje har vore involvert, og at rektor sende ut informasjon som var unnteke offentlegheit.

— Det var det ikkje, sa rektor, og viste til at protokollen frå møtet der Bø vart konstituert er offentleg.

— Det som uroar meg mest, er at direktøren bevisst sender ut info ho meiner er unnteke offentlegheit, sa han.

Styret vedtok at rektor kan lysa ut stillinga, men at det ønskjer ei ny sak som seier noko om den vidare prosessen. 

Tonheim seier til Khrono at det er styret som skal tilsetja studiedirektør. Men det som har vorte stilt spørsmål ved internt, er kven som har mynde til å koma med innstilling.

Og kven skal vera med på møte?

Den tredje saka der det er usemje, gjeld kven som skal representera høgskulen i møtet med Kunnskapsdepartementet. Forslag til vedtak var at rektor, direktør og tre styremedlemmer skal stilla. Direktøren ville ha med to administrative leiarar.

Det sa styret nei til.

— Det er heilt sjølvsagt at direktør er med, men å utvida delegasjonen med mellomleiarar er ikkje naturleg. Eg reknar med at direktøren kan formidla administrative utfordringar, sa styremedlem Per Halse.

Powered by Labrador CMS