Debatt Dag Rune Olsen

Arktis er no eit tryggingspolitisk og økonomisk sentrum

UiT skal framleis vere blant verdas beste på kunnskap og kompetanse om og for Arktis, skriv Dag Rune Olsen.

Rektor Dag Rune Olsen ved UiT skriver det er tid for å feire.
Rektor Dag Rune Olsen ved UiT skriver det er tid for å feire.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er tid for å feire. 1. september 2022 er det 50 år sidan kong Olav opna Universitetet i Tromsø (UiT). I eit halvt hundreår har universitetet vakse og utvikla seg sjølv og Nord-Noreg. Samstundes har Nord-Noreg og menneska her endra, forma og ikkje minst, vore UiT. Det er tid for å feire menneska som har bidratt og som står på kvar dag for å skape ei betre verd, frå eit nordvendt perspektiv.

UiT Noregs arktiske universitet kviler på skuldrene til fleire tradisjonar og institusjonar, frå så langt tilbake som Trondenes Seminar i 1826 i Harstad, og «Geofysen» frå 1919, som seinare vart Vervarslinga for Nord-Norge. I åras løp har UiT fusjonert med Tromsø Museum, Fiskerihøgskulen, og høgskulane i Tromsø, Finnmark, Narvik, Harstad og Kabelvåg. Me snakkar ikkje lengre om eit universitet i Tromsø, men om det arktiske universitetet– verdas nordlegaste universitet.

Universitetet som kongen opna i 1972 hadde 420 studentar, stort sett førebelse lokale og nokre hundre tilsette. Sidan då har Universitetet i Tromsø vorte til UiT Noregs arktiske universitet, ein kompleks institusjon med avdelingar på 11 forskjellige stader, rundt 17.500 studentar og nesten 4.700 tilsette i heile landsdelen. Våren 2022 passerte me truleg 70.000 menneske med gradsgjevande utdanning frå UiT og dei innfusjonerte høgskulene.a

Ringverknadane av eit universitet er store. I «Stortingproposisjon 142 – om opprettelse av universitet i Tromsø» frå 1966-67, vart det berekna at universitetet ville skape rundt 2.500 arbeidsplassar innan 1980, kor UiT sjølv berre skulle stå for 900 av dei. Om ein legg same berekning til grunn no, har skapar våre 4.500 tilsette 12.500 arbeidsplassar i Nord-Noreg.

Det er ein kontinuerleg samverknad mellom UiT og andre institusjonar i landsdelen, som til dømes Universitetssjukehuset Nord-Noreg, Norsk Polarinstitutt, Forsvaret, fylka og ei lang rekkje kommunar. Samstundes jobbar me godt og hyppig saman med næringsliv om forsking og utvikling. Mest kjend er nok Hitra-vaksinen som mange meiner redda norsk fiskeoppdrett på 1980-talet.

UiT har vore og skal halde fram med å vere av og for alle menneska som bur i Nord-Noreg,

Dag Rune Olsen

Velferdsstaten i Nord-Noreg, slik me kjenner han i dag, treng universitetet. Nettopp behova for høgt utdanna menneske som legar, tannlegar og lærarar var hovudgrunnen for at universitetet vart etablert. UiT skulle gje informasjon og kompetanse til nord, og drive forsking som kom regionen til nytte. Landsdelen har framleis udekte behov for utdanning, kompetanse og ung arbeidskraft som vil leve og byggje framtida i nord.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Nord-Noreg har alltid vore mangfaldig og fleirkulturelt, og Noregs arktiske universitet har eit særskilt ansvar for både samisk og kvensk språk og kultur – eit ansvar me er begeistra for og samstundes tar på det største alvor. UiT ligg i Sápmi og me jobbar for og med det samiske samfunnet, til beste for oss alle.

Det nordsamiske omgrepet «eallju», som betyr arbeidsiver, er leiande for vårt strategiske arbeid framover: UiT skal framleis vere blant verdas beste på kunnskap og kompetanse om og for Arktis. Frå å vere eit knapt utforska øydeland for berre 100 år sidan, er Arktis no eit tryggingspolitisk og økonomisk sentrum, og ikkje minst eit essensielt forskingsområde for eit klima i endring. Om det skal opnast for ressursutnytting og økonomisk vekst i nordområda, må det skje tufta på UiT sin forsking.

Verda, nordområda og vår nordlegaste landsdel står ved vegskilje på så mange nivå, og det er truleg viktigare enn nokon gong at det bur folk i nord og at viktige samfunnsoppgåver vert sikra. Me skal gjere vårt, med innovative og berekraftige løysingar på dei store samfunnsutfordringane.

Me er æra og stolte over å få leie ein institusjon av eit slikt kaliber, ein institusjon me berre låner ei kort tid. Men vel så stolte er me av alle studentane, forskarane og andre tilsette som er og har vore UiT.

Når me no markerer 50 år, så er det menneska me feirar. UiT har vore og skal halde fram med å vere av og for alle menneska som bur i Nord-Noreg, dei som utviklar nord og verda i samspel med folk over heile kloden. For kva er eit samfunn anna enn menneska det er sett saman av?

Eallju!

Powered by Labrador CMS