høgskulen i volda

Arbeidstilsynet til mediefag i Volda etter langvarig konflikt

I vår vart Arbeidstilsynet varsla om forholda ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Denne veka er dei på fysisk tilsyn ved høgskulen.

For nesten nøyaktig eit år sidan flytta Avdeling for mediefag inn i eit heilt nytt bygg ved Høgskulen i Volda. No kjem Arbeidstilsynet på tilsyn for å undersøka om arbeidsforholda er som dei bør vera for dei som jobbar i bygget.
Publisert Oppdatert

I juli skreiv Khrono at ein tidlegare tilsett ved Høgskulen i Volda hadde sagt opp jobben og varsla Arbeidstilsynet.

Bakgrunnen er arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag. Her har det vore konflikt i fleire år, noko som toppa seg med saka mot tidlegare dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Arbeidsmiljøundersøkinga Ark viser dårlegare resultat for Avdeling for mediefag enn for resten av høgskulen dei to siste gongane den har vore gjennomført.

Denne veka er Arbeidstilsynet på fysisk tilsyn hos Avdeling for mediefag.

Oppdrag: Jobba med førebygging

I brevet som er sendt til høgskulen i forkant at tilsynet heiter det at «Vi ønsker å gjennomføre et tilsyn ved Høgskulen i Volda. Hensikten med tilsynet er å kontrollere hvordan dere forebygger at arbeidstakerne i deres virksomhet får arbeidsrelaterte plager. Vi vil blant annet vurdere organisatoriske og psykososiale arbeidsbetingelser som potensielle årsaker til arbeidsrelaterte plager».

— Når me vel tilsynsobjekt, gjer me det utifrå kor me vurderer at risikoen er stor, seier Guro Fykse, seksjonsleiar ved Avdeling for tilsyn hos Arbeidstilsynet.

Ho viser til tildelingsbrevet Arbeidstilsynet kvart år får frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Der heiter det for 2022 at Arbeidstilsynet skal fokusera på førebygging, og at dei skal «følge opp at virksomhetene ivaretar sitt ansvar for systematisk forebyggende HMS-arbeid og bidrar til å hindre arbeidsrelatert sykdom, skade og uforsvarlige arbeidsforhold».

— Me fokuserer på førebygging av arbeidsrelatert kreft, muskel – og skjelettplager, psykiske plager og arbeidsulukker , seier Fykse.

— I offentleg sektor er det mykje uhelse som følgje av arbeidsrelaterte psykiske plager og muskel- og skjelettplager. Me jobbar risikobasert. Når me vel tilsynsobjekt, ser me både på føringane frå tildelingsbrevet, men òg på tips og på saker som er oppe i media.

Det einaste i sitt slag

Kommunikasjonsavdelinga ved Arbeidstilsynet opplyser til Khrono at tilsynet ved Høgskulen i Volda er det einaste av dette slaget ved eit universitet eller ein høgskule i år.

Khrono har tidlegare skrive at det var mangeårig professor Svein Brurås som varsla Arbeidstilsynet. Redaksjonen kjenner til at det i tillegg skal vera sendt minst eitt varsel til.

— Eg har sendt eit brev til Arbeidstilsynet. Det er fordi det finst fleire liknande konfliktar ved Avdeling for mediefag; fordi konsekvensane av dei arbeidsmiljøproblema som delar av staben opplever er så store, og fordi leiinga over tid har vist at ho er ute av stand til å gripa tak i problema, sa professoren til Khrono i sommar.

Khrono veit at minst ein tilsett til har varsla Arbeidstilsynet.

Har bede om Ark-undersøkingane

Før tilsynet har Arbeidstilsynet bede om dokumentasjon frå høgskulen, mellom anna resultata frå Ark-undersøkingane. Under sjølve tilsynet har dei så hatt samtalar med mellom andre tillitsvalde, verneombod, leiing og tilsette.

— Når me har vore på eit slikt tilsyn, skriv me ein rapport. Det tek vanlegvis om lag ein månad før den er klar, seier Fykse i Arbeidstilsynet.

— Kva kan ein konkludera med etter eit tilsyn av denne typen, som ikkje handlar om fysisk arbeidsmiljø?

— Dersom me finn brot på Arbeidsmiljølova etter å ha hatt samtalar og lese dokument, kan me velja å varsla pålegg. Då vil ein først få ein frist på tre veker på å kommentera varselet om pålegg. Deretter får ein ein frist, ofte tre månader, på å retta opp i dette. Eit typisk pålegg vil vera kartlegging og risikovudering, og å utarbeida ein plan for gjennomføring av tiltak.

Ikkje kommentar frå rektor

Khrono har sendt rektor Johann Roppen spørsmål på e-post, men har så langt ikkje fått svar.

I sommar sa han til Khrono at høgskuleleiinga ikkje såg at det er noko nytt i brevet til Arbeidstilsynet.

— Det er omtale av ymse personalsaker, til dels fleire år tilbake i tid. Styret er orientert om at det har vorte sendt eit slikt brev og vurderinga av det. Det er altså ikkje eit varsel om nye forhold, sa Roppen.

Styret vart orientert om varselet til Arbeidstilsynet i styremøtet i juni.

Powered by Labrador CMS