Ikkje alle forskarar har den akademiske fridomen sin. Biletet er ifrå eit intervju med ein forskar som var under skydd av Scholars at Risk nokre år sidan. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Akademisk fridom - kva er det (ikkje)?

Scholars at Risk. Innsatsen for å bygge brei og aktiv forståing for akademisk fridom kunne vore betre ved landets høgare utdanningsinstitusjonar, skriver Håkon Fottland.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Akademisk fridom er eit komplisert omgrep. Det er grunnleggjande for norske høgare udanningsinstitusjonar, men innsatsen for å bygge brei og aktiv forståing på institusjonane kunne vore betre.

Trugsmål mot akademisk fridom kjem påviseleg nærare oss.

Håkon Fottland

Det er difor prisverdig at vi no ser ei rekkje innlegg, m.a. i Khrono, som kan bidra til å klarleggja innhaldet i dette omgrepet. Preses i Det Norske Vitskaps-Akademi er på banen saman med fleire andre.

Utgangspunkt for innlegga er einskild-hendingar på institusjonane våre. Langvarig aktuell her heime er Eikrem-saka på NTNU, tidlegare var det innspel til strategidiskusjon ved Høgskulen i Molde.

Dette er strålande diskusjonar med utgangspunkt i konkrete eksempel. Norske universitet og høgskular treng slike diskusjonar.

Det er ikkje berre institusjon og leiing som skal ha ei haldning til akademisk fridom, slik det står i UH-lova §1.5 (1) første setninga: «Universitet og høgskular skal fremja og verna akademisk fridom. Dette er ei oppgåve som er vel så viktig internt på institusjonane som det er eksternt».

Her heime har vi det normalt trygt og godt som tilsette og studentar. Andre stader er verre: Scholars at Risk (SAR) lagar oversikt om overgrep mot akademisk fridom: vald, fengsling, undertrykking og reiseforbod.

Dette skjer også i USA og i EU-land; trugsmål mot akademisk fridom kjem påviseleg nærare oss. Morgenbladet har i ein artikkelserie gjeve oss innblikk i korleis norske institusjonar utøver ansvar i høve til sine forskarar.

Men, korleis kan studentar og tilsette henga med og forstå akademisk fridom i praksis når seniorprofessorane diskuterer så stråmennene fyk? Unge i karriereløp skal ha trygge fagmiljø som støtter fag og profesjon – korkje dei eller andre skal koma i fagleg skvis mellom økonomi, prestisje, politikk og andre interesser. Ein sak er å diskutera i ettertid, noko anna er å vera godt skodd på førehand. Forskarforbundet har m.a. laga eit kunnskapsnotat.

Universitetet i Oslo (UiO) har teke eitt særskilt initiativ og i samarbeid med Scholars at Risk (SAR) laga ein Mooc (Massive Open Online Courses) om akademisk fridom. SAR har vidare laga eit eige diskusjonshefte med eit tillegg for arbeidsgrupper.

Her søker ein å først visa korleis ytringar kan sjåast i eit kontinuerleg spekter: frå akademisk fridom, over ytringsfridom og til ytringar som ikkje blir akseptert (trugsmål, oppmodingar til vald o.l.). Så ser ein på kva som særmerker gruppene, og ikkje minst på kven som ønskjer å bestemma kvar skiljet mellom dei skal gå.

Mooc'en blei kjørt to gonger i 2018 med nær 1.700 deltakarar frå 100 land. Dette er imponerande. Men med litt over 4 prosent norske deltakarar så langt har vi eit stort potensiale her heime: Dette utgjer berre nokre ti-tusendelar av alle studentar/tilsette i norsk universitets- og høgskulesektor.

Om ikkje alle, så burde fleire følgja Mooc'en når han kjem opp på ny til våren og sjå korleis det står til i sine fagmiljø. Kurstilbod må utviklast; vi treng gode norske eksempel og diskusjonar.

Særleg ville eg setja stor pris på om seniorprofessorane følgde Mooc'en - og så delte med oss synspunkt både på kurset og på einskild-saker. Dette er innspel vi treng for å få eit godt kunnskapsgrunnlag og ei meir aktiv haldning til akademisk fridom på norske høgare utdanningsinstitusjonar.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS