Debatt ● Henriette Rørdal
Akademia på veg inn i den kapitalistiske kjøttkverna?
Kapitalistiske ideal resonnerer tungt og som eit umetteleg beist i Einar Brattengs provokasjon, skriv stipendiat Henriette Røldal.

Wygeya Balarajah skreiv nyleg eit klokt innlegg i Khrono om sine opplevingar som masterstudent. Her argumenterer ho blant anna for at presset for å produsera målbare og synlege resultat overskygger verdien av å lære. På denne måten vert masteravhandlinga i mindre grad ei moglegheit til å utforske og å delta i debattar ein bryr seg om. Balarajah sitt felt er naturvitskap, men erfaringane ho skildrar er symptomatiske for ei breiare utvikling i akademia mange av oss kjenner på. Når hovudmålet ikkje lenger er ein søken etter kunnskap, men heller å vinna ei tevling om produksjonen av dei «beste» og mest synlege resultata, er vi openbert på feil kurs. Derfor var det for meg skuffande, men kanskje ikkje overraskande, å lese Einar Bratteng sitt motsvar nyleg.
Bratteng stiller seg uforståande til det han kallar eit «grunnpremiss» i innlegg av typen Balarajah legger fram — nemleg ideen om at akademia skal vera for alle. Det er hans syn at akademia skal fungera som eit grunnlag for å produsera forskarar som er eine og åleine suverene i sitt felt. Det er vel her tenkeleg at Bratteng sitt kontrapoeng, som openbert har som mål å provosera, også er forma av eit tydeleg grunnpremiss. Her resonnerer, med rungande klang, det vi kan kalle kapitalistiske ideal.
I si nylege utgiving Cannibal Capitalism (2022) argumenterer den feministiske filosofen Nancy Fraser for ein tydeleg redefinisjon av kapitalismen. Ifølge Fraser er ikkje kapitalismen lenger eit reint økonomisk system, men også ein samfunnsordre som tar fritt for seg av dei ikkje-økonomiske størrelsane den treng for å livnæra seg. Som eit umetteleg beist tærer den på individ, strukturar, og natur i eit jag etter profitt. Det er svært urovekkande at vi i akademia ofte opplever at denne sjølvdestruktive ideologien ikkje vert utfordra, men snarare internalisert i måtane vi arbeider på. Artiklar skal produserast, helst med sensasjonelle nye funn, undervisning skal utførast på ein kostnadseffektiv og resultatorientert måte, og når vi oppsøker kunnskap skal det vera med eit tydeleg mål om å utretta noko konkret. Ein kan spørja seg om akademia er på veg inn i den kapitalistiske kjøttkverna.
Sjølv om dette diverre ikkje alltid er tilfelle, bør det vera ein felles ambisjon at det akademiske rommet er opent for alle som oppsøker det, uansett kva bakgrunn dei har.
Henriette Rørdal
Kva kan vi som forskarar gjera for å unngå at dette skjer? Her finst openbert ingen enkle svar. Ein plass å begynna er i definisjonen av det ideologiske rommet akademia oppheld seg i. For det første skal ikkje høgare utdanning handle om å dyrke fram einsame og eksepsjonelle einarar. Akademia er avhengig av dynamiske samtalar mellom individ og grupper. God forsking er ein gruppeinnsats og involverer i like stor grad å lytte som å påstå. Dette krev vidare at vi beskyttar og understrekar verdien av komplekse, opne og samansette idear som ikkje har to strekar under svaret. Til slutt, og kanskje viktigast av alt, må vi kjempe for å kunne seie at: «jo, akademia er faktisk for alle». Sjølv om dette diverre ikkje alltid er tilfelle, bør det vera ein felles ambisjon at det akademiske rommet er opent for alle som oppsøker det, uansett kva bakgrunn dei har. Desse premissane må få ein tydlegare plass slik at vi kan rejustera kursen vidare.
Nyeste artikler
Sats heller på egne forskere enn amerikanske flyktninger
Arbeidsmiljø og strategi i OsloMet-styret
Samarbeidspartnerne i USA turte ikke være med på artikkelen: — Veldig trist
Disse barna er på høgskolen for å lære gjennom lek
«En for alle og alle for en»-pakt for universiteter mot Trump
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket