internasjonalisering
«Absurd» møte med norsk utlendingsbyråkrati. Måtte mekle mellom etatane
Det norsk-britiske forskarparet kom til Noreg for å jobbe på NTNU og Sintef. Først måtte dei trenge gjennom ein mur av mistru og mistenkeleggjering.
— Eg budde i Storbritannia i 12 år, og eg og mannen min møttest der. Då eg fekk jobb på NTNU i 2020, bestemte vi oss for å flytte. Eg er norsk statsborgar, så for meg var det ikkje eit problem å flytte tilbake til Noreg, seier Rein Ove Sikveland, som no er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur på NTNU.
Då var det verre for ektemannen Rosh, som er britisk statsborgar. Han er i dag seniorforskar ved Sintef.
Som kjent er Storbritannia etter «brexit» ikkje lenger del av EU eller EØS. Det betyr at britar som vil bu og arbeide i Noreg må søke om å få opphaldskort etter reglane for dei som kjem utanfrå EU/EØS. Sidan dei to er gifte, galdt reglane for opphaldskort for familiemedlem til ein EØS-borgar.
Rosh måtte søke to gonger, først i august 2020. Så kom brexit, og han fekk beskjed om at han måtte søke ein gong til. To månader seinare, i mai 2021, vart søknaden godkjend av Utlendingsdirektoratet (UDI). I prinsippet var opphaldsløyvet i orden.
Ti dagar var den estimerte ventetida for å få opphaldskortet som dokumenterer at ein har rett til å bu og arbeide i Noreg. Det tok tre månader.
Men det er ikkje behandlingstida som gjer at akademikarparet er opprørt og ønsker å fortelje om erfaringane.
Arroganse og avvising
Søknadsskjema, standardskjema for familieinnvandring, var fylt ut. Som dei grundige akademikarane dei er, hadde Rein Ove og Rosh sørga for grundig research i papirjungelen hos UDI.
Neste stopp: SUA — servicesenter for utanlandske arbeidstakarar.
SUA har eksistert sidan 2007 og vart etablert som eit samarbeid mellom UDI, Arbeidstilsynet, Politiet og Skatteetaten for å sørge for god service og rask saksbehandling for utanlandske arbeidstakar
— Der blei vi møtte med arroganse og avvising, seier Sikveland.
— Gong på gong blei vi møtte av uførebudde medarbeidarar med manglande kunnskapar om UDIs regelverk. Ein ting er at brexit-regelverket var nytt, men det kan ikkje forsvare den avvisande haldninga, seier Sikveland.
SUA-kontoret i Trondheim insisterte på at dei hadde fylt ut feil skjema. Ifølgje Sikveland hjelpte det lite å vise til stadfestingane frå UDI om at dei faktisk hadde fylt ut rett skjema.
Blei ikkje trudd
— Dei trudde rett og slett ikkje på oss. Vi spurde om dei kunne ta kontakt med UDI og få dette stadfesta, men fekk beskjed om at det kunne dei ikkje.
Paret tok dermed sjølve saka tilbake til UDI.
Der fekk dei etter kvart ei skriftleg stadfesting på at dei hadde valt rett skjema, og at det var rett fylt ut.
Deretter måtte dei sjølve ta kontakt endå ein gong med SUA for å få levert stadfestinga.
— Vi mekla rett og slett mellom to etatar som tilsynelatande ikkje var i stand til å snakke med kvarandre. Det kjendest absurd, og for oss var det ekstremt frustrerande. Men viktigare, det verkar som sløsing med ressursar når den eine delen av apparatet verkar ute av stand til å kommunisere med den andre, seier Sikveland.
— Uhøfleg og lite hjelpsam
Ektemannen Rosh, som i dag er SINTEF-forskar, summerer erfaringa slik:
— Eg var fullstendig klar over at vi måtte gå gjennom formelle prosessar for at eg skulle få opphaldsløyve. Det er heilt forståeleg og ein grunnleggande del av det å immigrere. Men eg vart overraska over kor uhøflege og lite hjelpsame ein del av dei vi hadde med å gjere var. Det gjorde meg faktisk usikker på om eg hadde tatt den rette avgjersla med å flytte til Noreg.
Paret er ikkje åleine om å måtte passere krevjande byråkratiske hinder for å kunne ta fatt på universitetsjobbane sine i Noreg.
I juli fortalde Khrono om forskarparet Audun Mollan Kristoffersen frå Trondheim og sørafrikanske Catherine Barolsky sine erfaringar som «kasteballar» i utlendingsbyråkratiet. Begge er i dag tilsette ved NTNU.
— Kvifor vil internasjonale forskarar og studentar i det heile komme til Noreg? På sikt gjer slike erfaringar som vi har hatt noko med statusen. Spør du meg, kan ringverknadene for Noreg som kunnskapsnasjon på sikt bli katastrofale, sa Kristoffersen til Khrono.
Kristoffersen har seinare publisert ein kronikk i Khrono om tematikken.
Har ressursane
Sikveland deler Kristoffersens bekymringar.
Han seier det er kjennest rart å komme heim til Noreg og måtte dokumentere familieforhold, religiøs og etnisk bakgrunn og få spørsmål om han var i slekt med ektefellen.
Men framfor alt var det haldningane til medarbeidarane i SUA og det han oppfatta som mangelen på vilje og evne til å kommunisere på tvers av etatar som sjokkerte.
— Eg er ein sindig person, men hos SUA måtte eg gå ut av rommet for å roe meg ned. Dei var rett og slett ufatteleg lite imøtekommande.
Sikveland forskar til dagleg på kommunikasjon i ulike profesjonelle samanhengar.
— Vi skulle jo ha alle føresetnader frå vår side til at dette skulle vere smidig, seier han.
— Eg har vakse opp i Noreg og har norsk som morsmål. Vi snakkar begge godt engelsk. Vi har ressursane til å setje oss inn i og forstå regelverket. Kva då med alle dei som ikkje har alle desse føresetnadene?
SUA: «Beklagelig»
Khrono har tatt kontakt med UDI, som viser
til Skatteetaten for kommentarar.
Skatteetaten svarer at dei ikkje kan kommentere enkeltsaker eller gi konkrete opplysningar om enkeltpersonar eller verksemder på grunn av tausheitsplikta.
Senterleiar Kjersti Eggen ved SUA kommenterer på «generelt grunnlag»:
«Det er beklagelig dersom noen opplever å ikke bli tatt imot på en god måte av oss. Vi er opptatt av å gi god og riktig veiledning til våre brukere, og vi setter pris på tilbakemeldinger som gjør oss i stand til å øke kvaliteten på våre tjenester.
SUA er et samarbeid mellom arbeidstilsynet, politiet, skatteetaten og UDI. Dette krever at våre saksbehandlere har god kjennskap til de samarbeidende etaters ulike regelverk. Vi vektlegger derfor at våre saksbehandlere gjennomfører opplæringstiltak som sikrer nødvendig kompetanse for å utføre jobben på en god måte».