Alt dei bad om var eigentleg å få fullføre
doktorgradsarbeida sine, halde fram med forskarkarrieren, og slå seg til ro med
sitt første barn heime i Trondheim.
Fullt så enkelt skulle det ikkje bli.
For berre litt over tre månader sidan står Audun Mollan Kristoffersen i leilegheita i Trondheim, med utsikt til
Munkholmen, og må bestemme seg: vente, bli i Trondheim, håpe. Eller setje
seg på flyet frå Værnes og reise til Johannesburg for å kunne vere saman med
Kathy, sambuaren — og vere med på fødselen til deira første barn.
10. april 2023 var datoen Utlendingsnemnda
(UNE) hadde sett som deadline for Kathy, kortform for Catherine Barolsky,
opphavleg frå Sør-Afrika.
Babyen og byråkratiet
10. april var datoen UNE sette for då ho
skulle bli skriven ut av folketrygda og miste alle rettar på norsk jord. Retten
til foreldrepermisjon. Retten til helsehjelp. Retten til å vere heime, saman
med mann og barn.
Då fekk det ikkje hjelpe at ho var gravid,
budde i Trondheim og hadde hatt norsk sambuar i fem år — og at ho var innstilt
som nummer ein til å få fast jobb på NTNU, under eit år etter at ho fullførte
doktorgraden same stad.
Utlendingsnemnda
(UNE), «mener at det i denne saken verken foreligger «sterke menneskelige
hensyn» eller «særlig tilknytning til Norge som kan gi klageren
oppholdstillatelse», var konklusjonen.
Kathy var for lengst
reist ut av landet, til Johannesburg, pliktskuldig, etter det første, ordinære
avslaget på søknaden om opphaldsløyve frå Utlendingsdirektoratet (UDI).
Frå leiligheita si i Trondheim sentrum har Audun og Kathy utsikt til den historiske Munkholmen.Torstein Olav Eriksen
I Noreg begynte
advokaten klagearbeidet på vegner av paret.
Frå fødebyen i
Sør-Afrika sette Kathy i gang med neste forsøk, etter avslaget om
arbeidssøkarvisum til Noreg. Kanskje var det håp om å få familiegjenforeining?
— Eg hadde, for å vere ærleg, ikkje tru
på dette på dette tidspunktet. Ikkje etter dei tidlegare avslaga. Eg gjekk inn
i «survival mode». Heile livet mitt er jo i Noreg, seier Kathy.
I Johannesburg voks babyen i Kathys mage. I
Trondheim voks frustrasjonen, etter halvanna år med byråkratisk pingpong.
— Eg kjende meg mest av alt makteslaus på
dette tidspunktet, seier Audun.
— Du blir liten i dette systemet.
Trondheim — Johannesburg
Dei møttest på konferanse, først ein, så
vart det fleire møte, og gradvis krympa avstanden mellom Trondheim og
Johannesburg.
Eg kjende meg mest av alt makteslaus
Audun M. Kristoffersen
Begge jobba med fag i skjeringspunktet
mellom teater, kunst og pedagogikk. I 2018 vart Kathy tatt opp som
doktorgradsstipendiat ved NTNU. Audun var på terskelen til å starte arbeidet
med doktorgrad, etter utdanning som spesialpedagog.
Opphaldsløyvet var i orden.
Fire av ti doktorgradsstipendiatar i Noreg
kjem trass alt frå utlandet. Noreg vil vere ein internasjonal kunnskapsnasjon.
Tiltrekke seg dei beste. Sørge for «et hav av muligheter», som er tittelen på
det viktigaste politiske dokumentet om akademisk samarbeid på tvers av
landegrenser.
Kathy fekk «muligheter», saman med Audun.
«Våren 2020 har
tydelig vist oss hvor avhengige vi er av hverandre og hvor sammenvevd verden er»,
står det i aller første setning i det politiske dokumentet.
Kathy og Audun kunne ikkje ha vore meir
einige.
Ho kom til Trondheim våren 2017. I januar
2018 starta ho arbeidet med doktorgraden. I starten av april 2022 leverte ho
avhandlinga. 26. august same år disputerte ho. 23. juni 2023 fekk ho fast jobb
som førsteamanuensis ved NTNU.
— Denne rammeforteljinga passar jo godt
inn i bildet kunnskapsnasjonen ønsker å teikne av seg sjølv, seier Audun.
Det var berre det at:
Åleine heime
I 2021, midt i alt, var han heldig
å få støtte frå Forskingsrådet til eit ni månader langt opphald i Sør-Afrika.
Kathy hadde fått opphaldsløyve i Noreg i
tre år (doktorgradskontrakten var på fire år, og ho måtte derfor søke om fornya
visum for eit år). Det siste visumet skulle gå ut 31. desember 2022. Det var
omtrent på det tidspunktet paret planla å returnere til Noreg, etter Auduns
forskingsopphald.
Kontrakten med NTNU var blitt utvida fram
til 22. mars fordi ei sjukmelding hadde forsinka arbeidet. Kathy søkte norske
styresmakter om å få forlenge opphaldsløyvet i samsvar med NTNU-kontrakten. Normalt
skulle dette vere ein formalitet, behandlingstida eit par veker.
Ikkje denne gongen.
Kathy voks opp i Sør-Afrika. Ho har reist mykje, og studert i Storbritannia. Møtet med Noreg vart etter kvart heilt annleis enn ho hadde venta seg.Torstein Olav Eriksen
Denne gongen tok det månader å få svar frå
UDI. På nyåret, då forskingsopphaldet var over, sette Audun seg på flyet heim,
åleine. Kathy, framleis utan svar frå UDI, og utan visum til å komme heim til
Trondheim, måtte bli igjen.
Der gjorde ho sitt beste for å fullføre
doktorgradsarbeidet, med planlagt innlevering i slutten av mars, i landet ho for
tida ikkje fekk sleppe inn i.
Etter mange telefonar til UDI og alltid svaret
— «vent på svar» — kom brevet endeleg, 5. mars 2022: Kathy skulle få to og
ei halv veke i Noreg.
No måtte ho sikre seg eit såkalla D-visum
(mellombels innreisevisum for dei som ventar på svar) frå Johannesburg, der ho
framleis var. Det galdt å rekke det, slik at ho kunne komme til Noreg før
hennar nye opphaldsløyve på to og ei halv veke gjekk ut.
Innimellom jobba ho med den hektiske
innspurten. Doktorgraden skulle i hamn.
Sjokket
12. mars 2022: Kathy kjem til Noreg. Håpet
er å rekke å levere doktorgradsarbeidet — og sende inn søknad om
arbeidssøkarvisum for å kunne bli. Målet var å få jobb på NTNU. Og få vere hos
Audun i byen og landet som for lengst var heime.
21. mars: ny søknad om opphaldsløyve
(arbeidssøkarvisum) sendt elektronisk i UDIs søknadsportal. UDI svarer at ho må
bestille time og møte fysisk på Trondheim politistasjon. Søknaden må også
leverast fysisk. Men Trondheim politistasjon har ikkje tid til å ta imot henne,
ho får beskjed om å komme 28. mars — seks dagar etter at det opphavelege
opphaldsløyvet hennar var gått ut.
28. mars: Kathy møter på politistasjonen
og leverer søknaden.
Deretter blir det stille.
Det kjem ikkje noko svar på søknaden om
arbeidssøkarvisum. Så lenge det ikkje kjem svar, treng ho i alle fall ikkje
reise ut av landet. Med tanke på disputasen som venter i august, er det mildt
sagt ei fordel.
2. januar, 2023 (ni månader seinare):
Kathy ringer UDI og etterlyser svar, ei hyggeleg dame tar telefonen. Dama
beklagar den lange behandlingstida, her må det ha skjedd ein feil.
Det viste seg at systemet var meir som russisk rulett.
Catherine Barolsky
5. januar 2023: avslag
og ordre om utreise seinast 31. januar.
— Det var eit sjokk. «Så det er sånn det
er å ikkje ha eit pass», tenkte eg. Eg hadde ingen grunn til å tru at det ikkje
skulle ordne seg. Men det viste seg at systemet var meir som russisk rulett. No
er eg der, på botnen av «næringskjeda», tenkte eg. Du kjenner deg fullstendig hjelpelaus. Heldigvis
for oss hadde vi tilgang til advokat, og mange andre som ville hjelpe oss. Det er det mange andre som ikkje har, seier Kathy.
I brevet 2. januar 2022 grunngir UDI
avslaget med at Kathy ikkje hadde opphaldsløyve då ho søkte. Med andre ord —
fordi politiet i Trondheim ikkje kunne ta imot henne, må Kathy ut av landet.
«Ulovlig i Norge»
Ho reiser før 1. februar, som ho har fått
beskjed om. Vitnemålseremonien med stas og akademiske kapper er det berre å
gløyme. Den nybakte doktoranden frå NTNU har, med UNEs språk, «plikt til å
forlate landet».
På flyplassen i Frankfurt blir ho tatt inn på politistasjonen til
avhøyr, og mistar flyet vidare til Johannesburg. Ein internasjonal akademikar. Ein suspekt passasjer.
Advokaten skriv til
UDI:
«Det er som kjent
fast forvaltningspraksis å legge til grunn bookingtidspunktet ut fra den
forståelse av at utlendinger ikke skal lastes for ventetid hos politiet. I
denne saken ble også søknaden formelt innlevert bare få dager senere», skriv
advokaten i brev datert 19. januar.
Han argumenterer for
at det er klare og dokumenterte «menneskelige hensyn» å legge til grunn, og at
«det er til de grader nødvendig å foreta en helhetlig skjønnsmessig vurdering
(…)».
27. februar (2023): UDI
kontakter advokaten og ber om meir informasjon.
1. mars: Advokaten
sender meir informasjon.
3. mars: UDI sender
avslag opphaldsløyve. Dei skriv at dei ikkje har fått
informasjon frå advokaten. Sender saka til Utlendingsnemnda (UNE).
20. mars: Avslag på opphaldsløyve frå UNE.
Grunn: Kathy hadde vore seks dagar ulovleg i Noreg (same grunn som frå UDI).
— Her var det ingen forsøk på å sjå noko
form for nyansar eller kontekst. Inga erkjenning av saksfeilen hos UDI. Den
lange behandlingstida er ikkje nemnd, som var den direkte årsaka til
situasjonen vi hadde stått i, seier Audun.
Audun jobbar som lærar og held på med doktorgrad der han ser på læringsmiljø for barn og unge gjennom utvikling av estetiske tilnærmingar.Torstein Olav Eriksen
— Kvifor har kunnskapsnasjonen Noreg laga
ein politikk som skaper så mange flaskehalsar for stipendiatar som ønsker å
søke jobb i landet etter avlagd grad? Slik det er no, må stipendiatar utanfor Schengen
seinast dagen etter doktorgradsavhandlinga er levert kome seg til nærast
flyplass og reise til heimlandet.
Kathy stemmer i:
— Det verkar på meg som ein absolutt
dumskap å investere alle desse ressursane i folk. Og når kontrakt går ut,
berre: «Ha det!». Det ville verke meir fornuftig å i alle fall gi folk ein
sjanse til å kunne finne ein jobb, dersom ein er interessert i å få noko
tilbake.
Scenarioet
I Sør-Afrika hadde Kathy jobba med søknad
om familiegjenforeining. Den einaste moglege løysinga, etter at UDI og UNE endeleg
avslo søknaden om arbeidssøkarvisum.
Men i Sør-Afrika hadde Kathy fått vite at
det var sju månaders ventetid på saksbehandling. Å vere gravid med ein norsk
borgar var dessutan ikkje eit kvalifiserande kriterium.
Eit nytt menneske er på veg. I Trondheim har Kathy og Audun endeleg fått ro til å glede seg til det som skal komme.Torstein Olav Eriksen
Det var då Audun stod der, åleine, med
utsikt til Munkholmen, i leilegheita i Trondheim, og funderte. 10. april, 2023. Bli, vente, håpe? Eller
sjekke inn på Værnes og reise til Johannesburg?
— Eg hadde ikkje tru
på noko positivt vedtak om familiegjenforeining på dette tidspunktet, ikkje
etter sjokket i januar, fortel Kathy.
— På det tidspunktet
var eg mest opptatt av at babyen i magen skulle ha det bra.
Brytekampen med
byråkratiet heime i Noreg tok Audun seg av.
Scenarioet var ingen spøk: brå overgang
til eit liv i Sør-Afrika, utan jobb, utan velferdsstatens sikringsnett, med ein
liten ein på veg.
— Når ein mister foreldrepengar, retten til foreldrepermisjon, sjukmelding, må betale for private helsetenester … Det første vi måtte ha gjort var å selje leilegheita vår i Trondheim for å kunne klare det. Vi hadde alt brukt 200 000 kroner på
å dekke auka levekostnader for to personar på to kontinent, til advokat, reiser og søknader.
Audun har delvis vore sjukmeld frå jobben
på ein skule i Trondheim, som han har parallelt med doktorgradsarbeidet i denne
tida. Belastninga vart for stor.
— Det er eigentleg ein heildagsjobb, å ta
alle desse telefonane, finne ut av alle paragrafar og rettar.
Plutseleg
ekspress
13. april, 2023, kjem brevet frå UDI med
melding om at Kathy er blitt innvilga visum, på grunnlag av familiegjenforeining.
Brått jobba systemet jobba ekspress.
Kathys teori er at «ein eller annan fantastisk person på ambassaden i Pretoria» må ha sett teikninga og tatt ein
telefon til UDI og sagt, «høyr her, dette går ikkje an, dette må ordnast».
— Korleis kunne dette elles berre bli
fiksa på tre veker? Det kom svært overraskande, gitt dei erfaringane vi hadde.
Systemet jobba plutseleg med, ikkje imot! Fram til då verka det som at ingen av etatane, UDI, UNE, UD, snakka saman.
Ein uventa, happy ending, i tolvte
time. Det er paret takknemlege for. Men ferdige er dei ikkje, med å fordøye ti månader «i systemet».
Audun har lese Stortingsmelding nr. 7
(2020-2021), den om eit «hav av muligheter». Han trekker ofte fram
formuleringane, og kan skrive under på det meste. Men som politisk dokument har
det for han personleg blitt til tomme ord, meir som ein provokasjon.
«Internasjonalt samarbeid og dialog på
tvers av landegrenser er forutsetninger for å kunne håndtere de store globale
samfunnsutfordringene verden står overfor».
«En bedre verden»
— Slagordet til NTNU er «kunnskap for en
bedre verden». Det er eit paradoks at den delen av Noreg UDI representerer
aktivt prøver å sende denne kunnskapen ut av landet, seier Audun.
Ein kan snu på det, legg han til.
— Livet mitt er her i Noreg. Han eg elskar er her, seier Kathy. Om ikkje lenge skal to bli til tre, og deretter kan Kathy ta fatt i jobb på NTNU.Torstein Olav Eriksen
— Kvifor vil internasjonale forskarar og studentar i det heile komme til Noreg? På sikt gjer slike erfaringar som vi har hatt noko med statusen. Spør du meg, kan ringverknadene for Noreg som kunnskapsnasjon på sikt bli katastrofale.
Audun og Kathy, og snart ei lita jente, kan legge ein belastande og kaotisk fase bak seg. Det enda med heimesiger, etter ekstraomgangar: for akademikarparet i Trondheim. For kunnskapsnasjonen?
— Livet mitt er i Noreg, seier Kathy.
— Han eg elskar er her. Jobben min er her. Her vil eg så gjerne bygge eit liv.
***
Dette svarer Utlendingsnemnda:
Khrono har spurt UDI om ein kommentar
til saka. UDI viser til UNE.
Einingsleiar i UNE, Rolf Tore Thomassen
skriv i e-post til Khrono at Barolskys sak etter deira meining er «vurdert på en fullt ut
forsvarlig måte og i tråd med praksis, inkludert det som gjelder den
skjønnsmessige vurderingen».
«Generelt blir det
ikke gjort spesielle skjønnsmessige vurderinger når det gjelder
oppholdstillatelse for utenlandske forskere, stipendiater eller studenter. Men
alle som klager en sak inn til UNE får en grundig, individuell og helhetlig vurdering
av klagen», skriv Thomassen.
På spørsmål om kvifor UNE tilsynelatande
ikkje har tatt omsyn til forvaltningspraksis, det vil seie at ventetid hos politiet for
innlevering av søknad hos politiet ikkje skal lastast søkaren, svarer UNEs
einingsleiar:
«En søknad anses først som fremmet ved
personlig fremmøte hos politiet. Dette er klar praksis og i tråd med
utlendingsforskriften § 10—2 femte ledd. Søknaden i denne saken ble derfor
først fremmet da Barolsky møtte til timen hos politiet 28.03.2022, og ikke da
den ble registrert i UDIs søknadsportal 21.03.2022. Det er klageren selv som
har ansvaret for å levere søknaden i tide, og mens hun har lovlig opphold».
VID vitenskapelige høgskole har ansatt professor Mika Vähäkangas fra Åbo Akademi i Finland som ny dekan ved Fakultet for teologi og samfunnsvitenskap. Vähäkangas tiltrer stillingen i september.
– Jeg er svært glad for denne ansettelsen. Professor Mika Vähäkangas bringer med seg et imponerende internasjonalt nettverk og lang ledererfaring fra sentrale finske og svenske universitetsmiljøer. Han vil derfor gi viktige impulser til fakultetet og til VIDs videre utvikling som universitet, sier rektor ved VID, Bård Mæland i en presssemelding.
Vähäkangas har bred erfaring innen forskning, utdanning og akademisk ledelse, med faglig vekt på global kristendom og Afrikastudier. Han kommer fra stillingen som forskningssjef ved Polin instituttet for teologisk forskning ved Åbo Akademi, hvor han har bygget opp instituttet de siste fem årene. Han leder også et større europeisk forskningssamarbeid finansiert gjennom HERA/CHANSE.
Student Jakob Selfors valgt som ny styreleder i Sit. Nå skal 24-åringen lede styret i en organisasjon med over 300 ansatte og 850 millioner i omsetning. Det melder Sit i en pressemelding.
Sit er studentsamskipnaden for studenter i Trondheim, Ålesund og Gjøvik.
Selfors kommer fra Mo i Rana og studerer ved psykologiutdanningen ved NTNU Dragvoll i Trondheim. Han har tidligere vært leder for Velferdstinget i Gjøvik, Ålesund og Trondheim. Han overtar vervet etter Monja Lien Jakobsen, som har vært styreleder de siste tre årene.
– Sit har en samfunnsrolle som betyr mye for meg. Vi skal ta vare på de som er mest sårbare og muliggjøre at alle skal kunne studere. Sit er en ideell organisasjon uten press om å skape profitt. Alle pengene skal tilbake til studentvelferd. Det gjør at vi kan tenke helhetlig om studentlivet, sier Selfors.
Fire fagskoler er plukket ut til å delta i første runde av et tilsyn, der formålet er å undersøke om de har kvalitetsarbeid som oppfyller kravene i regelverket, melder Nokut.
Et tilfredsstillende kvalitetsarbeid er et av vilkårene for å få institusjonsakkreditering.
De fire er:
Fagskolen Viken
Fagskolen Innlandet
Fagskulen Vestland
Norges grønne fagskole – Vea
– Tilsyn med kvalitetsarbeidet er et viktig virkemiddel både for å sikre og bidra til å utvikle utdanningskvaliteten. I tillegg til at dette er et krav for institusjonsakkreditering, har vi fått flere tilbakemeldinger fra fagskolene om at de ønsker mer tilsyn fra Nokut, sier Gry Ulvedalen, direktør for høyere yrkesfaglig utdanning i Nokut.
Styret ved OsloMet ansatte fredag 8. mai Roger André Federici i et nytt åremål som dekan ved Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier. Åremålet varer fire år fra 1. august 2026.
Federici har hatt stillingen som dekan siden august 2022, og kom den gang fra stillingen som forskningsleder for området «studier av grunnopplæringen» ved Nifu (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning), melder OsloMet.
Federici er professor i pedagogikk fra NTNU, og har allmennlærerutdanning fra daværende Høgskolen i Telemark. Han har også studert endringsledelse ved Handelshøyskolen BI.
– Jeg føler meg heldig som får være en del av dette laget i fire nye år, og ser frem til å fortsette arbeidet sammen med gode, kompetente kolleger og engasjerte studenter, sier Federici på OsloMets ansattesider.
Roger André Federici er ansatt som dekan for fire nye år ved OsloMet.OsloMet
Professor emeritus Anna Luise Kirkengen, Oslo, er utnevnt til St. Olavs Orden - Ridder av 1. klasse, melder Kongehuset på sine nettsider.
Kirkengen har jobbet som professor i allmennmedisin ved NTNU og Uit Norges arktiske universitet. Hun er også tidligere forsker ved Akershus universitetssykehus.
Kirkengen mottok utmerkelsen for sitt bidrag til å fremme kunnskap om sammenhengene mellom seksuelle krenkelser og sykdom.
Ifølge Universitetsavisa vil medaljen bli overrakt ved et arrangement i Legenes hus, Oslo, onsdag 13. mai klokken 15.00.
Gøril Hannås, viserektor ved Universitetet i Agder (UiA), er utnevnt til styremedlem i Forskningsrådet.
– Utnevnelsen er en tillitserklæring. Jeg ser fram til å bidra i styret og videreutviklingen av Norges rolle i internasjonal forskning og innovasjon, sier Hannås på UiA sin nettside.
Hun er viserektor for samfunnskontakt og nyskapning ved UiA. Hun fikk brev fra Kunnskapsdepartementet om utnevnelsen denne uken, og den varer til 30. juni 2027 i første omgang.
Hannås er førsteamanuensis i logistikk, og dette er hennes andre periode som viserektor ved UiA.
Gøril Hannås, viserektor for samfunnskontakt og nyskaping ved Universitetet i Agder, ser fram til å være styremedlem i Forskningsrådet.UiA
I år er det 4,4 prosent flere søkere med utenlandsk utdanningsbakgrunn som har søkt opptak til høyere utdanning enn i fjor.
Direktorat for høyere utdanning (HK-dir) har laget en rapport om årets søkertall. Der kommer det fram at 5035 søkere i denne kategorien har søkt høyere utdanning i årets opptak.
Aller flest i denne gruppen har utdanningsbakgrunn fra Ukraina, hele 696 søkere. Dette er i følge rapporten en merkbar økning. Å ha utenlandsk utdanningsbakgrunn er ikke det samme som å ha utenlandsk statsborgerskap.
I fjor var det samme tallet 4822, men andelen søkere med utenlandsk utdanningsbakgrunn er uendret fra i fjor på 3,3 prosent. Det er fordi det er flere søkere totalt.
Etter Ukraina er det fleste med syrisk utdanningsbakgrunn, med 374 søkere, og Polen, med 219 søkere. Tett bak er Tyrkia, med 197, og USA, med 194 søkere.
Flere med utenlandsk utdanningsbakgrunn søker høyere utdanning i Norge. Illustrasjonsfoto fra semesterstart.Ketil Blom Haugstulen