Debatt Anne-Grethe Naustdal

Å skape den beste læringa

Vi kjenner på ei uro for at studentar ikkje vil komme på campus i framtida, skriv Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Vår digitale ambisjon skal bidra til å styrke campsutviklinga, utvikle undervisinga, styrke forskinga og auka samspelet med samfunns- og arbeidslivet, skriv Naustdal

Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det går føre seg mykje bra arbeid med å utvikle god undervising både fysisk og digitalt. Men eg tek ikkje for hardt i at vi alle kjenner på ei uro for at studentar ikkje vil komme på campus i framtida.

Den siste tida har vi lest og høyrt om studentar som reagerer på at høgskular og universitet ikkje lenger vil gjere opptak av undervisning og publisere dette. Vi ser oppslag i Khrono kor ein «snur ryggen til digital undervising» og vi står alle med ein fot i strategien for digital omstilling av UH-sektoren.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Debatten om desse utfordringane fortener å bli god, nyansert, konstruktiv og framtidsretta. Den krev brei deltaking og engasjement – og den fordrar at vi delar kunnskap og erfaringar. I studentane si helse og trivselsundersøking (SHoT) for 2022 ser vi at det å få vener og skape seg eit godt nettverk på studiestaden er utfordrande for fleire. Heile 44 prosent av studentane mellom 18 og 20 år svarar at dei er einsame. Studentane som har svart her har stått midt opp i pandemien med digital undervisning og restriksjonar på bruk av campus. No har alle universitet og høgskular opne campus med gode moglegheiter for å dyrke fagleg og sosialt fellesskap, optimisme og aktiv studiekvardag. Det har vor ein fryd å sjå studentar og tilsette fylle campusane no ved studiestart.

Gjennom pandemien la vi om undervising og mykje har funne nye former. Erfaringane frå den digitale omlegginga må vi hausta godt og klokt av. Ved Høgskulen på Vestlandet arbeider vi denne kunnskapen inn i vår digitale ambisjon for 2030. Vår digitale ambisjon er ingen trussel mot levande og kraftfulle læringsfellesskap på campus. Vår digitale ambisjon skal bidra til å styrke campsutviklinga, utvikle undervisinga, styrke forskinga og auka samspelet med samfunns- og arbeidslivet. På tvers i vår fleircampusinstitusjon. Og ikkje minst i vårt internasjonale arbeid. Men og i det digitale læringsfellesskapet som ringar inn våre fem campus.

Allereie no møter vi forventningar om at studietilbodet skal tilpassast mange ulike studentgrupper og deira livssituasjon, både på og utanfor dei fem campusane våre. Fram mot 2030 vil dette bli eit endå tydelegare krav. Universell utforming, livslang og individuelt tilpassa læring er òg nokon av krava vi må førebu oss på å møte. Klok digitalisering vil vere avgjerande for å kunne møte dei kommande forventningane med tilgjengelege ressursar og kompetanse. Klok digitalisering krev mot og handlekraft. Det krev rom for å prøve ut og å hauste erfaringar, rom for å dele og å lære av våre feilsteg.

I arbeidet med vår digitale ambisjon ser vi på pedagogikken, vi jobbar med undervisinga, vi jobbar med læringsmetode og design, vi jobbar med å utvikle støttetenester av beste kvalitet til våre vitskaplege tilsette, vi jobbar med å utvikle kompetansen i alle deler av verksemda vår - og vi ser på læringsareal. For tida satsar vi stort på læringslabbar på alle fem campus. Læringslab er ein stad for alle tilsette og studentar. I laben kan ein utforske, samhandle og skape, med fokus på teknologi. Læringslabane kan brukast både av enkeltpersonar og grupper som ønsker å utvikle seg innan læring, utvikle ny undervisning eller prøve ut nye digitale arbeidsmåtar. Læringslabane gir også moglegheit for forsking innan desse områda. Her tilby vi kurs og opplæring, pedagogisk og teknologisk rådgiving.

Dette er ikkje ei ukritisk applaudering for å vende oss heilt over i det digitale. Grunnstrukturen i all vår verksemd er levande campus. Men gjennom ein digital ambisjon, gjennom gode læringslabbar og støttetenester for undervising og læring tar vi ei aktiv rolle og eigarskap. Meir tilgjengeleg og auka mangfald av teknologi skaper nye moglegheiter for tilpassing av og innovasjon i undervisninga også på campus, men og i dei digitale læringsromma rundt våre fem campus. Det trengst også. Vi må erkjenne at vi er på full fart inn i ei verkelegheit som kan vere vanskeleg å sjå for seg i dag.

Difor må vi utvikle og skape den beste undervisinga for å sikre at studentane også bruker si tid på campus. Klok digitalisering vil bidra til å fundamentalt endre utdanningssektoren, men det senkar ikkje verdien av utdanning eller undervisarar i det fysisk og det digitale rommet. Snarare tvert i mot. Klok digitalisering deler, forenklar, forløyser, forbetrar og viser veg til gode studie-, arbeids- og omgangsformer.

Powered by Labrador CMS