kina
Universitetet i Oslo klar over overvaking av kinesiske studentar. NTNU har hatt «situasjonar»
— Dei skal vite at dei skal kunne ta kontakt om dei opplever noko ubehageleg, seier viserektor.
Kinesiske studentar på universitet i Europa og Nord-Amerika blir utsette for overvaking og trakassering, ifølgje ein rapport frå Amnesty International, som Khrono har omtalt.
Det er all grunn til å tru at dette også kan skje på norske universitet og høgskolar, ifølgje Amnesty Noreg.
Bjørn Haugstad, direktør for organisasjon og infrastruktur ved NTNU, deler dette synet. «Vi har ingen grunn til å tvile på rapporten», skriv han i ein e-post til Khrono.
Ifølgje Haugstad har NTNU «hatt tilfeller med situasjoner som rapporten omtaler». Av omsyn til studentane det gjeld, ønskjer han ikkje å vere meir konkret.
Ved Universitetet i Oslo (UiO) kjem Amnestys funn heller ikkje overraskande.
— Vi er klar over dette, seier viserektor og professor i kinastudier ved Universitetet i Oslo, Mette Halskov Hansen.
Kina avviser på si side alle påstandane om overvaking og trakassering og hevdar at Amnestys «såkalla rapport» korkje har faktagrunnlag eller kredibilitet. Sjå heile tilsvaret frå den kinesiske ambassaden i Noreg her.
UiO er den utdanningsinstitusjonen i Noreg som har flest studentar med kinesisk statsborgarskap hos seg. I vårsemesteret var dei 115. Stipendiatar som tek doktorgrad kjem i tillegg.
Samla, på alle nivå, er det nær 1000 studentar med kinesisk statsborgarskap i Noreg i dag.
— Studentane er på så mange ulike fagfelt, og det er ulikt kor utsett ein er. Men det er alltid ein fare for at ein blir overvaka på ein eller annan måte, seier Hansen.
Inge rutinar
Utover dei ordinære systema for å gi tilbakemelding eller varsle, har Universitetet i Oslo ingen særskilde planar eller rutinar for å fange opp studentar som kan kome under press frå autoritære regime i heimlandet.
Det har heller ikkje NTNU, Universitetet i Bergen (UiB) eller UiT Noregs arktiske universitet.
— Dette er vanskeleg å trenge inn i. Vår måte er å jobbe for at så mange som mogleg på universitetet har kunnskap om forholda i dei landa studentane kjem ifrå. I nokre år no har vi bygd opp meir kunnskap om korleis forsking og utdanning fungerer i autoritære statar, som for eksempel Kina. Eg trur folk er meir medvitne no enn for nokre år tilbake, seier Hansen.
Ho legg til at overvaking også kan skje utan at studentane er klar over det. Det gjer det vanskeleg å registrere eller eventuelt melde frå om.
— Men studentane skal vite at dei skal kunne ta kontakt med studieprogram eller rettleiar dersom dei opplever noko ubehageleg, seier ho.
Rapporten frå Amnesty, som er basert på grundige intervju med 32 studentar i ulike land i Europa og i Nord-Amerika (ikkje Noreg), dokumenterer mellom anna at truslar og sanksjonar mot familie i heimlandet til studentane ikkje er uvanleg.
Målet er å hindre at studentane ytrar seg på regimekritiske måtar medan dei er i utlandet.
Sjølvsensur
Dei
kinesiske studentane fortel også om overvaking får kinesiske agentar i
studielandet, om å leve i frykt, og om at dei sensurerer seg sjølve i
dagleglivet og på digitale plattformer.
Amnesty International meiner universiteta ofte er dårleg rusta til å handtere dette.
— Eg håpar norske utdanningsinstitusjonar tar dette innover seg og tenker på korleis ein kan ta vare på kinesiske studentar, uttalte Gerald Folkvord i Amnesty Noreg til Khrono.
— Eg tenker akkurat som han. Vi som universitet må forstå verda, også dei delane som er politisk styrt på andre måtar enn her. Vi er merksame på at studentane frå desse landa kan vere i ein vanskeleg situasjon. Det har vi ansvar for å følgje med på, og nettopp derfor er det så viktig at vi har kompetanse på Kina i Noreg. Og for å ha det må vi oppretthalde utveksling, kontakt og dialog. Det er umogleg å eliminere all risiko, så lenge vi skal ha det, seier viserektor Hansen.
Ho legg til at UiO har dialog med PST, og at dei blir varsla og varslar tilbake, dersom dei finn det nødvendig.
PST har i si trusselvurdering for 2024 åtvara om at autoritære statar «utøver transnasjonal undertrykkelse i form av press, trusler og i noen tilfeller dødelig vold for å stilne kritikk mot sine regimer».
I februar i år gjekk PST for første gong ut med opplysningar om at kinesiske forskingsleiarar, gjesteforskarar og studentar frå institusjonar knytt til det kinesiske militæret jobbar i Noreg.
Tromsø: Fokus på Russland
Rektor ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT), Dag Rune Olsen, seier dei ikkje har grunn til å tru at overvaking verken skjer, eller ikkje skjer.
— Vi har ikkje informasjon på vårt bord om at dette har skjedd. Men vi er veldig klare over kva tryggleiksetatane har sagt i sine trusselvurderingar. Og vi er klare over at kinesiske styresmakter pålegg sine borgarar å samarbeide, også når dei er i utlandet. Vi har ein tett og god dialog med PST, seier Olsen.
Olsen seier UiT har innført rutine for «sårbarheitssamtalar», men at desse i utgangspunktet er retta mot tilsette, ikkje studentar. Dette knyter seg primært til russisk påverknad. Rektoren seier at det ikkje er noko i vegen for å gjere slike samtalar med studentar, dersom behovet er der.
Det er per i dag registrert 25 studentar frå Kina ved UiT.
Universitetet i Bergen har trappa ned satsinga på samarbeid med Kina, etter at Margareth Hagen overtok rektorstolen der etter nettopp Dag Rune Olsen. Per i dag er der 106 kinesiske statsborgarar som er aktive studentar på alle nivå opp til doktorgrad. I ein e-post til Khrono skriv rektor ved UiB, Margareth Hagen:
«Vi kan ikke utelukke at det skjer hos oss (…). Vårt ansvar for å ivareta studenter som kommer til oss inkluderer også ansvaret for at kinesiske studenter ikke skal kjenne seg unødvendig mistenkeliggjort eller stigmatiserte».
NTNU vil lære av rapporten
Ifølgje NTNU-direktør Bjørn Haugstad er Amnestys nye rapport «både viktig og grundig». Han skriv at NTNU vil bruke rapporten i sitt vidare arbeid fordi «den kan gjøre oss bedre rustet til å ivareta denne studentgruppen».
Amnesty-rapporten er langt ifrå den første som peikar på det som ofte blir omtalt som transnasjonal undertrykking.
Seinast i januar 2024 publiserte den amerikanske demokrati- og menneskerettsorganisasjonen Freedom House ein rapport som dokumenterer overvaking og truslar mot kinesiske studentar på amerikanske universitet.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut