rekruttering

Meiner Noreg eksluderer dei beste stipendiat­kandidatane

— Vi har mista vår faglege autoritet, seier NTNU-professor, og meiner det er på høg tid å sjå på opptakskrava til ph.d.-stillingar i Noreg.

Professor Arild Blekesaune ved NTNU meiner at ein i det minste må få på plass ei fleksibel overgangsordning for stipendiatkandidatar som har mastergrader frå utlandet, og ikkje oppfyller dei formelle krava til opptak.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Vi har mista vår faglege autonomi. Det faglege har mista si vurderingskraft i systemet etterkvart som det har blitt byråkratisert. Vi har tapt den administrative kampen for lenge sidan, men no taper vi den faglege også.

Det seier professor i sosiologi, Arild Blekesaune, ved NTNU. Han legg til:

— Vi går glipp av og ekskluderer veldig mange attraktive studentar frå prestisjeuniversitet på denne måten.

Tid for å revudere formelle krav

Blekesaune snakkar om rekrutteringa av stipendiatar til Noreg og omrekninga av studiepoeng frå utanlandske mastergrader.

Professoren meiner det er tid for å revurdere dei formelle krava som må til for å kunne få ei stipendiatstilling. Han meiner den faglege vurderinga av kandidatane har tapt terreng, etterkvart som systemet har blitt meir byråkratisert.

— No er eg irritert. Eg vil ikkje ta på meg nye faglege vurderingar slik det er no. Det er rett og slett bortkasta om den ikkje har nokon verdi i systemet likevel. Vi har mista vår faglege autoritet, seier Blekesaune.

Stussar på omrekning

Bakgrunnen for Blekesaune sin frustrasjon er ein rekrutteringsprosess han sjølv sette i gang for eit og eit halvt år sidan, men som no plutseleg igjen har blitt aktuell.

Den gong, i 2019, innstilte han og kollegaen hans, ein kandidat som nummer ein til ei stipendiatstilling ved NTNU.

Vedkommande, som hadde mastergrad frå eit britisk universitet, vart tilsett i stillinga og har no hatt stipendiatstillinga i eit og eit halvt år.

— Studenten utmerkte seg både med tanke på kompetanse, fagleg fordjuping til akkurat denne stillinga og i karakterar. Dessuten hadde studenten teke det høgaste rangerte masterprogrammet i Storbritannia på sitt felt, fortel Blekesaune.

Men så, eitt og eit halvt år seinare, då studenten formelt søkte seg inn på ph.d.-studiet ved NTNU, får saka ei ny vending.

Studenten si britiske mastergrad er omrekna til å vere 75 studiepoeng. Ved dei fleste institusjonane i Noreg må ein ha 120 studiepoeng på masternivå for å kunne kvalifisere til ei stipendiatstilling.

Difor må stipendiaten ta 45 ekstra studiepoeng på masternivå. Og det etter eit og eit halvt år i stillinga.

— Ikkje vits å rekruttere frå prestisjeuniversitet

— Vi har jo gått gjennom studieprogrammet som studenten tok i Storbritannia. Samanliknar ein det med ein norsk master, så er det likt både med tanke på kravet til litteratur og innleveringar. Eg tør å påstå at kravet til studentane i Storbritannia er høgare enn i Noreg, seier Blekesaune.

Han stussar også over at det han meiner er ein 90 studiepoengs-mastergrad, fordelt på tre semester på eitt år (inkludert sommaren), blir omrekna til å vere 75 studiepoeng i Noreg.

— Kvifor blir den rekna om til å vere 75 studiepoeng? Dette er heilt nytt for meg. Det er jo ikkje vits for oss å rekruttere frå prestisjeuniversitet som London School of Economics eller Oxford, dei er jo ikkje kvalifiserte uansett, seier professoren oppgitt.

Blekesaune meiner at dersom ein skal halde på det han kallar eit rigid system, så må ein få på plass ei ordning som gir ein fleksibel overgang inn i norske stipendiatstillingar, om ein ønskjer å tiltrekke seg dei beste kandidatane.

Viser til Nokut

Prodekan for forsking ved Fakultet for samfunn- og utdanningsvitskap (SU) ved NTNU, Karoline Daugstad, stadfestar at det normalt blir krevd ei mastergrad på 120 studiepoeng for å kvalifisere til opptak.

I tillegg skal grada innehalde eit større sjølvstendig arbeid på minimum 30 studiepoeng.

Når det gjeld omrekninga til 75 studiepoeng for britiske mastergrader, så viser Daugstad til Nokut.

— Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (Nokut) vurderer om utanlandsk utdanning kan likestillast med norsk høgare utdanning. Den omrekninga som det blir vist til i spørsmålet er ikkje utvikla av SU-fakultetet. De kan få meir informasjon om dette frå Nokut, skriv Daugstad i ein e-post.

Khrono har spurt Nokut om dette, og får opplyst at dei i sommar endra sine vurderingskriterium og stadfestar at fleire utanlandske mastergrader no blir likestilte med dei norske.

— Dersom den faglege vurderinga tilrår å tilsette ein kandidat med ein mastergrad frå til dømes Storbritannia, er det likevel slik at dei formelle krava skal vege tyngst, og at ein dermed ikkje skal kunne tilsette den kandidaten?

— Slik eg oppfattar det, er det her ikkje ei avveging mellom formelle krav og faglege vurderingar, men heller om ulike faglege vurderingar. Det at SU-fakultetet normalt krev ei mastergrad med 120 studiepoeng og med eit sjølvstendig arbeid, er basert på ein omfattande diskusjon i våre fagmiljø og i våre ph.d.-programråd. Det er semje blant våre institutt om at det skal stillast høge faglege krav til tilsetting som stipendiat og opptak som ph.d.-kandidat, skriv Daugstad.

Meiner det er fleire måtar å kvalifisere seg på

Slik svarer prodekanen på spørsmål om ikkje desse opptakskrava er med på å ekskludere fleire gode kandidatar til stipendiatstillingane.

Prodekan for forsking ved SU-fakultetet ved NTNU, Karoline Daugstad.

— Det er eit viktig prinsipp at det skal vere likebehandling, både når det gjeld tilsetting som stipendiat og opptak på ph.d.-program. Studentar som har tatt si mastergrad i land som har kortare masterutdanning eller kor eit mindre sjølvstendig arbeid enn det som blir krevd i Noreg og dei fleste andre europeiske land inngår, må difor som oftast supplere sin kompetanse før dei kan søke opptak på våre program, skriv Daugstad.

Men det finst unntak, opplyser prodekanen. Det kan til dømes vere dersom ein har publisert vitskapelege artiklar, som kan kompensere for det manglande sjølvstendige arbeidet.

— I andre tilfelle kor eit fagmiljø vurderer at ein søkar er særskilt eigna sjølv om dei formelle opptakskrava ikkje er oppfylte, så kan ein gi eit opptak på vilkår. Då foreslår fagmiljøet kva slags studiepoenggjevande emner på masternivå søkaren kan gjennomføre for å kvalifisere for opptak og søkaren får moglegheita til å fullføre og bestå dei pålagte kvalifiseringsemna etter opptak, skriv Daugstad.

Powered by Labrador CMS