Rekruttering
Nokut har endra vurdering av utanlandske mastergrader
Fleire utanlandske mastergrader er no likestilte med dei norske.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Det finst ingen nasjonale retningslinjer eller felles forskrift for opptak til doktorgrad i Noreg. Det er opp til kvar enkelt institusjon kva dei skal stille som krav. Likevel ser vi at institusjonane av ulike årsaker har lent seg mot Nokut, seier Dag Hovdhaugen, avdelingsdirektør for utanlandsk utdanning.
Og Nokut sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk høgare utdanning har stort sett vore uforandra sidan ordninga vart oppretta for kring 15 år sidan.
Og etter desse retningslinjene har ikkje eittårige mastergrader frå blant anna Storbritannia blitt likestilte med ein norsk master på 120 studiepoeng. Som regel har den britiske graden fått uttelling som 60 eller 75 studiepoeng.
Ei slik godkjenning frå Nokut er ikkje naudsynt for å søke opptak til doktorgrader i Noreg, likevel viser det seg at universitet og høgskular lener seg mot denne måten å rekne på.
Det er ei omrekning som blant andre NTNU-professor Arild Blekesaune reagerar på og er irritert over.
— Kom uheldig ut
Men no har Nokut endra vurderingskriteria sine. Dei innførte nye retningslinjer for vurdering av høgare utdanning i juni i år.
— Blant andre britiske mastergrader kom uheldig ut når kandidatar med slike utdanningar søkte Nokut om generell godkjenning av utdanninga. Det har vi vore merksame på og det var ein av fleire årsaker til at vi justerte vurderingskriteria våre, seier Hovdhaugen til Khrono.
Dei nye retningslinjene betyr at det blir mindre grad av fintelling av studiepoeng og meir vekt på kva slags grad det er og kva denne utdanninga kvalifiserer til av vidare studium i landet kor graden er teken.
Fleire typar utanlandske mastergrader vil dermed bli likestilte med dei ulike norske mastergradene.
«Det betyr at fleire søkarar vil kunne få grada si godkjent som tilsvarande ei norsk mastergrad», skriv Nokut på sine heimesider.
Ingen krav frå Nokut
— Det har vore stor utvikling både i Noreg og globalt som gjorde at våre retningslinjer var modne for justering, seier Hovdhaugen.
Likevel minner han igjen om at Nokut si generelle godkjenningsordning er retta mot den ikkje-regulerte arbeidsmarknaden, og ikkje tiltenkt som ei ordning dei ulike utdanningsinstitusjonane skal legge seg etter i sine vurderingar kring opptak.
— Det er institusjonane som sjølve har valt å rigge sitt system slik. Dei finst ikkje nokon krav om at institusjonane må krevje ei Nokut-godkjenning for opptak til ulike studium. Kva slags krav som skal ligge til grunn er ei fagleg fullmakt dei sjølve har, seier Hovdhaugen.
Avdelingsdirektøren har likevel observert at det truleg er stor usikkerheit i sektoren kring akkurat dette.
— Sjølv om institusjonane har mykje handlingsrom, så forstår eg at dei har kome i den situasjonen at dei har lagt Nokut sine vurderingar til grunn når dei skal vurdere kandidater med utenlandsk utdanning. Og det kan ha fått nokre uheldige konsekvensar, seier Hovdhaugen.
Ikkje sak på UHR sitt bord
Universitets- og høgskulerådet (UHR) har utarbeida rettleiarar og retningslinjer som dei ulike institusjonane kan nytte seg av når dei skal forme sine eigne reglar for opptak til doktorgrad.
Khrono har spurt generalsekretær Alf Rasmussen om endringa Nokut no har gjort i sine vurderingskriterium for godkjenning av utanlandsk utdanning, vil skape endringar også hjå UHR.
Rasmussen seier at han ikkje har høyrt om Nokut sine endringar og at det heller ikkje ligg oppe som sak i nokon av UHR sine einingar per no.