Ein forskar ved NTNU er mistenkt for tvilsam forskingspraksis. Han er framleis tilsett ved NTNU. Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm

28 artiklar av NTNU-forskar trekt tilbake

Forskingsetikk. Plagiat, duplisering og forfalska fagfellevurdering. Dette er skuldingane mot ein ung NTNU-forskar.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå 2014 til 2016 publiserte ein ung forskar så mykje at det truleg er for godt til å vera sant. 400 dokument er han registrert med i publiseringsdatabasen Scopus.

— Dette heng ikkje på greip. Det får ikkje an å publisera så mykje på så få år og samstundes følgja Vancouver-reglane om forskingsetikk.

Fakta

Dette er forskingsfusk

FFP:

  • Fabrikkering
  • Forfalsking
  • Plagiering

Tvilsom praksis (QPR):

  • Gåveforfattarskap
  • Å nekta eller utelata forfattarskap
  • Unnlata å informera om avgrensingar eller usikkerheit i datagrunnlag, analyse og /eller konklusjon
  • Å endra design, metode etter press frå interessentar eller finansieringskjelder,
  • Å ikkje varsla om brot på forskingsetiske retningslinjer
  • Å kopiera andre sine kjelder
  • Å inkludera irrelevante referansar for å auka siteringa for ein kollega eller forskingsmiljø
  • Å bruka omstridde data.

Kjelde: Rino-undersøkinga

Det seier Per Henrik Zahl til Forskerforum.

Vancouver-reglane er sektoren sine etiske retningslinjer, og seier mellom anna noko om krav til forfattarskap og om fagfellevurdering.

Kom frå utlandet

Forskerforum skriv om saka der ein NTNU-forskar har fått trekt attende 28 artiklar. Det handlar om plagiat eller duplisering, og det skal òg vera funne tilfelle av forfalsk fagfellevurdering. Dette viser data Forskerforum har henta frå Retraction Watch, som er ein idealistisk driven blogg som rapporterer om tilbaketrekking av vitskapelege artiklar.

Forskaren kom frå utlandet til NTNU som postdoktor i 2017. Då hadde han allereie publisert svært mange artiklar. Han leverte doktorgrad i 2014. Fleire av artiklane vart skrivne saman med ein annan forskar, som NTNU-forskaren sin rettleiar tilrådde han å samarbeida med. NTNU-forskaren meiner at det er denne forskaren som har gjort noko gale. Til Forskerforum skriv han at han hadde funne ut at det andre forskaren stod bak ein vitskapeleg tvilsom praksis i hans namn.

Som ein salami

Noko av det NTNU-forskaren er skulda for, er såkalla salamisering. Det står ikkje på lista over vitskapeleg uredeligheit, men det er med i sekkeposten som vert kalla diskutabel praksis. Her finn ein mellom anna sjølvplagiering, gåveforfattarskap og å kopiera andre sine kjeldelister.

Salamisering vil seia at ein deler forskingsresultata opp i mindre bitar, og publiserer det ein kanskje kunne gjort i ein artikkel i fleire.

Matthias Kaiser leia Rino-prosjektet, som handlar om forskingsetikk. Foto: Hilde Kristin Strand

— Argumentet for å gjera dette kan vera at «eg lyg jo ikkje!». Men samstundes gir ein inadekvat informasjon og fjernar kontekst.

Det sa Matthias Kaiser då redeligheitsutvalet ved Universitetet i Bergen hadde frukostmøte i 2018. Kaiser leia det store forskingsprosjektet om forskingintegritet i Noreg.

Kaiser sa òg, til På Høyden, at sjølvplagiering ikkje alltid er gale, ein kan til dømes bruka frå ei innleiing i ein annan samanheng.

— Men ein kan ikkje publisera det same i to temmeleg like tidsskrift. Då får ein fleire publiseringar, og i neste runde kanskje fleire pengar – utan å ha nye resultat å visa til, sa Kaiser.

UiA fekk kritikk

For nokre år sidan var det ein forskar ved Universitetet i Agder som vart granska fordi ein meinte ein hadde publisert unormalt mykje. Det nasjonale ganskingsutvalet kunne ikkje påvisa at forskaren hadde gjort noko gale, men institusjonen fekk kritikk for si handtering av saka. Kritikken handla mellom anna om manglande rutinar for å handsama spørsmål om forskingsetikk.

Også ved NTNU har det vorte endringar. Det seier instituttleiar John Krogstie til Forskerforum. Han seier òg at NTNU har tatt opp problema med forskaren i fleire samtalar, og at forskaren har beklaga det som hadde skjedd ved universitetet der han jobba tidlegare.

— Me har skjerpa krava til bakgrunnssjekk ved tilsetjingar. Tidlegare har me gått gjennom søkjarane sin dokumentasjon og SV og sjølvsagt intervjua dei, men ikkje eksplisitt granska reaksjonar på publikasjonane deira.

Også Universitetsavisa har skrive om saka. Til dei seier Ingrid Schjølberg, som er dekan ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk at ho er kjent med saka. Men ho er ganske fersk som dekan ved fakultetet, og var ikkje med på å tilsetja forskaren.

— Men eg kan seia at med dei rutinane me har i dag for å gjennomgå den faglege bakgrunnen til jobbkandidatar, ville me nok sikkert ha oppdaga forholda som no vert omtala, seier Schjølberg.

Publiserer framleis

NTNU-forskaren er òg tilsett ved eit universitet i Vietnam, og held ifølgje Forskerforum fram med publisering knytt til den stillinga. Han skal så langt berre ha publisert tre artiklar som NTNU-forskar, men har alleriee i 2020 fått publisert fleire artiklar knytt til den andre stillinga si. Han skal òg ha fått ei tilbaketrekking. Forskaren skriv til Forskerforum at han har vorte meir forsiktig med å ta imot tilbod om samarbeid.

— Når erfarne forskarar ser på arbeidet mitt, vil dei forstå at eg ikkje hadde behov for eller motivasjon til å driva forskingsetisk tvilsomt, skriv han.

Powered by Labrador CMS