Høgskulen på Vestlandet

Yttri ønskjer seg fire nye rektorår. Få utfordrarar

Gunnar Yttri står på søkjarlista når Høgskulen på Vestlandet skal tilsetja rektor for dei fire neste åra. Eit rekrutteringsfirma jaktar fleier kandidatar.

— Godt og meiningsfullt arbeid står føre, seier Gunnar Yttri om ein eventuell ny periode som rektor ved Høgskulen på Vestlandet.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal tilsetja rektor for ein ny fireårsperiode. Søknadsfristen er 20. mai.

Då stillinga var lyst ut for snart fire år sidan, melde det seg sju søkjarar. Fire av dei var interne. Då hadde sitjande rektor Berit Rokne gitt beskjed om at ho ikkje ønska seg ein ny fireårsperiode.

Men det gjer noverande rektor Gunnar Yttri.

— Ja, eg søkjer. Eg søkjer fordi det er særs meiningsfullt å vera rektor for fellesskapen av tilsette og studentar som utgjer HVL, skriv han i ein sms til Khrono. 

Mål å verta universitet

— Med meg som leiar vil me bygga det nye universitetet. Me vil verta ein sterkare utdanningsinstitusjon, ein sterkare forskingsinstitusjon og samhandla betre med næringslivet, sa Yttri til Khrono før han starta rektorgjerninga i januar 2021.

Høgskulen har framleis ikkje sendt søknad om å få universitetsstatus. Men det er det klare målet.

— Snart er me Universitetet på Vestlandet. Men ingenting har kome eller vil koma av seg sjølv. Fornying og byggjande endringar må til. Godt og meiningsfullt arbeid står føre, skriv rektor Yttri.

Han seier at i kraft av sterke fag- og forskingsmiljø, viktige utdanningar og lokalisering på fem ulike campus, bidreg HVL til regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsutvikling og er ei sterk samfunnsutviklande kraft. 

— Dette vil eg gjerne leia og utvikla vidare. 

Prorektorane søkjer ikkje

Spørsmålet er om Yttri får konkurranse om jobben. 

Kjelder Khrono har snakka med meiner at det at Yttri har signalisert at han ønskjer seg ein ny periode gjer at det neppe kjem mange interne søkjarar. Samstundes vert det sagt at intern uro, knytt til omorganisering, kontorplassar og nedlegging av bokhandel gjer at det kan koma ein utfordrar.

Khrono har spurt alle prorektorar og dekanar om dei har tenkt å søkja.

— Eg kjem ikkje til å søkja jobben som rektor. Eg er veldig nøgd med arbeidsoppgåvene innan prorektor for utdanning sitt ansvarsområde, skriv Anne-Grethe Naustdal i ein sms til Khrono.

— Eg søkjer ikkje, skriv Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling.

— Eg er ny som prorektor frå 1. januar og søkjer difor ikkje stilling som rektor, skriv Christine Øye, prorektor for forsking.

— Førebels ingen planar

Khrono har vore i kontakt med dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap, og spurt kva han tenkjer om rektorstillinga.

— Det er ein spanande jobb i ein flott institusjon, men eg har førebels ingen planar om å søke stillinga, skriv Fosse i ein sms.

Dekan Randi Skår ved Fakultet for helse- og sosialvitskap skriv i ein sms at heller ikkje ho kjem til å søke på rektorstillinga.

Asle Holthe, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, har ikkje svara. Han var ein av fire interne søkjarar i førre runde.

Oppmoda for andre gong

For fire år sidan vart Oddrun Samdal, dåverande prorektor og seinare rektorkandidat ved Universitetet i Bergen, oppmoda om å søkja stillinga som rektor ved HVL. Ho søkte ikkje.

Oddrun Samdal, ved UiB er oppmoda om å søke rektorjoben ved HVL for andre gong.

— Eg er i same posisjon no. Men eg har ikkje tenkt å søkja, seier Samdal.

— Har du vorte kontakta?

— Det har eg.

— Men kvifor søkjer du ikkje? Det er openbert at du er ønska.

— No har eg gått aktivt inn att i forskinga, svarar Samdal.

Ei anna kvinne, Gro Anita Fonnes Flaten, var blant dei interne søkjarane sist. Ho var prorektor ved HVL, men gjekk i 2023 til ei leiarstilling i Rådgivende Biologer. 

Flaten har ikkje svara på om ho ønskjer seg tilbake til akademia.

Tidlegare rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda stilt i rektorvalkamp ved Høgskolen i Molde i fjor, og kunne vore ein aktuell søkjar til HVL-rektorjobben. Men Roppen seier på sms at han ikkje kjem til å søkje. 

Tilsetjing i september

I utlysingsteksten er nettopp overgangen til universitet trekt fram. I tillegg ønskjer HVL seg ein rektor med høg vitskapleg kompetanse, helst innanfor eitt av høgskulen sine fagområde, kunnskap om UH-sektoren og forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag og solid leiarerfaring frå kunnskapsorganisasjon.

Styreleiar ved Høgskulen på Vestlandet, Arvid Hallén, seier til Khrono at søknads- og tilsettingsprosessen er heilt ordinær.

Styreleiar ved HVL, Arvid Hallén

Han fortel også at HVL nyttar rekrutteringsbyrået Jefferson Wells når dei ser etter kandidatar til stillinga. 

— Jefferson Wells er inne i litt ulike deler av prosessen, seier Hallén.

Søknadsfrist måndag

Søknadsfristen for rektorstillinga går ut måndag andre pinsedag. Hallén seier at planen er at rektoren som skal leia HVL-skuta frå 2025 og ut 2028, skal tilsettast på styremøte i september.

— Me vil truleg trenga august på oss før me er klare til å tilsetta. Kan hende vil me ha kome langt i arbeidet allereie før sommaren, men me tek sikte på å gjere vedtak i september, seier styreleiaren.

Han kallar rektorstillinga ved HVL for ei krevjande leiarstilling, ettersom høgskulen er ein kompleks organisasjon i sterk utvikling.

På direkte spørsmål om han tykkjer Gunnar Yttri har gjort ein god jobb som rektor i sine fire år i leiarsetet, svarar Hallén dette:

— Ja, det har han.

Han vil ikkje seie noko om eller spekulere i kor store eller små sjansane for at Yttri held fram som rektor er.

 

Powered by Labrador CMS