adventskalender

Ynskjer seg universitetsstatus til jul

Den dagen VID vert universitet vil Noreg sjå eit universitet med større innovasjonskraft og omstillingsevne enn det me er vande med, trur avtroppande styreleiar Torger Reve.

Torger Reve er avtroppande styreleiar i VID.
Publisert Oppdatert

Torger Reve er avtroppande styreleiar i VID, og har tidlegare vore rektor ved BI. Han gøymde seg bak luke 17 i Khronos adventskalender.

Fakta

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Torger Reve er avtroppande styreleiar i VID, og har tidlegare vore rektor ved BI.

— Torger Reve, korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— 2022 var året då pandemien endeleg tok slutt, og studentane igjen kom tilbake til campus. Digital undervisning har sine avgrensingar, og det sosiale ved studia forsvinn nesten heilt. Eg vil rosa lærarstaben og studentane ved VID for korleis dei handterte dei digitale utfordringane, men på ein høgskule som underviser menneskefag, er det viktig å kunna møtast og skapa relasjonar. Elles var det nok den brutale og umenneskelege krigen i Ukraina som prega oss mest i 2022. Fredsgenerasjonen som eg høyrer til, fekk ein varig knekk. Då vert det enno viktigare å ikkje gje opp håpet om å kunna leva saman i fred med andre menneske på tvers av ulike kulturar, ulike ideologiar og ulike livssyn. Krig er aldri løysinga. Universiteta og høgskulane har ei viktig oppgåve i å skapa fred og relasjonar, ikkje minst gjennom internasjonal utveksling og forskingssamarbeidet me driv. Faren er at denne oppgåva vert svekt med reduserte løyvingar og auka skulepengar for studentar utanom EU-landa.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Det kjekkaste for meg som styreleiar ved VID i år var opninga av dei to nye campusane i Bergen og Stavanger, men fint besøk av fleire statsrådar. Statsrådar er alltid hjarteleg velkomne til VID, både for forstå betre kva ein uavhengig verdibasert universitetsinstitusjon står for, og korleis VID kan ha ei nøkkelrolle i å løysa utdanningsbehova samfunnet har for sjukepleiarar, vernepleiarar, barnevernsarbeidarar, sosialarbeidarar, diakonar og teologar. VID har på ein måte same rolla overfor velferdssamfunnet og sivilsamfunnet som BI har overfor næringslivet. Etter mange år som professor ved NHH og BI, og to periodar som rektor ved BI, er det fint å kunna arbeida med alle menneskefaga som VID tilbyr.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— Den største utfordringa for universiteta og høgskulane i 2022 har vore auka kostnader og reduserte løyvingar. Då vert svaret å kunna skaffa andre inntekter, mellom anna gjennom etterutdanning, forskingsoppdrag og regionale studietilbod. Utdanningssenteret til VID i Sandnessjøen er eit godt døme på nytenking. Samstundes er også forskingsbudsjetta vortne strammare, noko som trugar omstillinga til eit berekraftig kunnskapssamfunn. Her er forskingsbasert kunnskap sjølve berebjelken.

— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?

— Frå VID si side er juleynsket å få bli det første verdibaserte private universitetet i landet, med fokus på menneskeverd og berekraft og med basis i diakonale verdiar. Slik vil VID kunna verta eit viktig supplement til dei etablerte universiteta, fylla samfunnskritiske utdannings- og forskingsbehov, og tilby god undervisning med studenten i sentrum. Kan henda med noko større innovasjonskraft og omstillingsevne enn det som er vanleg elles i universitetssektoren.

— Kva skal du gjere i jula?

— I år vert det ei skikkeleg familiejul saman med born og barneborn heime hos oss. Eldste barnebarnet studerer jus ved Universitetet i Oslo, medan yngstemann berre er tre månader. Julaftan vert det julegraut, julegudsteneste, julesong og julemiddag, med pinnekjøt frå Evanger.

Powered by Labrador CMS