Høgskulen i Volda

Ønskjer seg sjukepleie, men er redd det går for fort

Høgskulen i Volda ønskjer seg både sjukepleie- og vernepleieutdanning. Spørsmålet styret må ta stilling til er korleis ein skal få studieplassar og når ein kan satsa på oppstart.

Det er mykje som må på plass før Høgskulen i Volda kan tilby sjukepleieutdanning, mellom anna avtalar om praksisplassar for studentane.
Publisert Sist oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) ønskjer seg både sjukepleie- og vernepleieutdanning.

For eit år sidan sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim at dette var noko mellom anna helsemiljøa i nærområdet og lokalpolitikarar har teke opp med høgskulen. Med sjukehus i Volda og sjukehus på Nordfjordeid, som ligg om lag ein time unna, meiner Tonheim det ligg til rette for ei deltidsutdanning.

Då styret handsama sak om studieporteføljen i juni, var vurderinga at det kunne vera mogleg å starta opp med begge desse utdanningane allereie frå 2025.

Når styret no får ei sak på bordet, er både rektor og høgskuledirektør skeptiske til om dette vil lata seg gjera.

Styremøtet startar klokka 9, og du kan sjå det direkte her.

Kven skal gi?

I saksframstillinga kjem det fram at oppstart av sjukepleie- og vernepleieutdanning har vore på ei intern høyring ved høgskulen. Dei fire avdelingane er alle skeptiske til korleis ein skal gjera dette i praksis.

Eit av forslaga er 25 prosent inntrykk i midlane frå kvar av dei fire avdelingane, eit anna er trekk knytt til studenttal.

— Nedbemanning og nedbygging av fagmiljøa og redusert kvalitet i utdanningane vil kunne verta ein konsekvens, er ei av tilbakemeldingane som er komne, og det vert føreslege å gi Avdeling for samfunnsfag og historie satsingsmidlar for å koma i gang med dei nye utdanningane.

Det meiner høgskuleleiinga er eit godt forslag.

Mykje som må på plass

Men det som uroar både høgskuledirektør og rektor, er om prosessen går for fort. Målet er sjukepleiarutdanning i 2025 og vernepleieutdanning i 2026.

Flytting av studieplassar vil få dels store konsekvensar, og rektor er usikker på om det er mogleg å starta opp sjukepleiarutdanning utan å flytta på studieplassar.

Volda-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim fryktar nedbemanning som konsekvens dersom studieplassar vert flytta på.

«Basert på dette er rektor bekymra for at ein oppstart i 2025 er for raskt, gitt at vi i praksis ikkje har nok oversikt over dei reelle konsekvensane av flytting av studieplassar, som i ytste konsekvens kan føre til nedbemanning på nokre av avdelingane. Det treng organisasjonen meir tid til å arbeide gjennom», heiter det i saksframstillinga.

Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem peikar òg på tidsaspektet i si vurdering. Ho skriv at studieadministrasjonen er usikre på om det er nok tid til å gjennomføra ein forsvarleg akkrediteringsprosess i tide til å rekka oppstart av sjukepleie hausten 2025.

Emblem skriv at akkreditering av sjukepleiarutdanning inneber etablering av eit nytt fagområde ved Høgskulen i Volda, og fleire faktorar må vera på plass for at forskrifter og retningslinjer skal vera dekka. Ho peikar på praksisavtalar, innkjøp i biblioteket, avtalar knytt til øvingslab og anna undervisningslokale, avtalar om internasjonalisering, dokumentert relevant forsking og tilsettingar som sikrar at samansetjinga av fagmiljøet er i tråd med krava. 

Akkrediteringa kan koma på plass i slutten av januar 2025, noko som gjer at tida til marknadsføring før Samordna opptak sin søknadsfrist, vert kort. 

«Det er elles ikkje inngått avtalar som forpliktar helseføretaket og kommunane i regionen til å legge til rette for at tilsette kan søke og gjennomføre sjukepleiarutdanning ved HVO», skriv Emblem.

Hennar tilråding er at saka vert handsama på nytt i juni 2025, og at ein satsar på oppstart for sjukepleiarutdanning i 2026. 

«Direktør vil elles tilrå at utvikling, akkreditering og etablering av vernepleieutdanning følgjer ordinær saksgang for nye studietilbod ved HVO».

Skal drøfta sjukefråvær

Høgskulen i Volda har hatt svært mange styremøte i 2024. Dette er det siste til no planlagde møtet, og sakslista er lang. Sjukefråvær, akkreditering av medieutdanning og Ark-undersøking er blant andre saker på sakskartet.

  • 125/24 — Godkjenning av innkalling og sakliste
  • 126/24 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret — 24.10.2024 — 29.10.2024 — 20.11.2024
  • 127/24 — Orientering frå rektor
  • 128/24 — Planar 2025
  • 129/24 — Budsjett 2025
  • 130/24 — Langtidsbudsjett 2026—2030
  • 131/24 — Vurdering av konsekvensar ved oppstart av sjukepleie hausten 2025 og vernepleie hausten 2026
  • 132/24 — Aasen-kvartalet og NIAS — status og vidare framdrift
  • 133/24 — Reakkreditering av journalistikk — bachelor
  • 134/24 — Studieportefølje og opptaksrammer for studieåret 2025—2026
  • 135/24 — Studentrekruttering haust 2025
  • 136/24 — Lokale lønsforhandlingar etter 2.5.1 og 2.5.2 2024
  • 137/24 — Sjukefråvær
  • 138/24 — Forskrift for opptak, studiar og eksamen ved Høgskulen i Volda
  • 139/24 — Forslag til nytt eksternt styremedlem
  • 140/24 — Høgskulestyret — møteplan 2025/26
  • 141/24 — ARK 2024
  • 142/24 — Orientering
  • 143/24 — Oppsummering av møtet med Kunnskapsdepartementet — vegen vidare
  • 144/24 — Pris for kvalitet i utdanninga 2024
  • 145/24 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
  • 146/24 — Ymse
Powered by Labrador CMS