Suksess

Volda-studentar med einaste norske bidrag under anerkjent filmfestival

Det handteikna bachelorprosjektet haustar no internasjonale prisar og nominasjonar.

Konrad Hjemli og Jakob Eiring sin animasjonsfilm "Pandiculation".

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein enorm gjesp ved frukostbordet på hybelen i Volda.

Slik starta animasjonsfilmeventyret til studentane Konrad Hjemli (22) og Jakob Eiring (24).

Ideen utvikla seg til ein animasjonsfilm som no haustar prisar og nominasjonar på dei største internasjonale animasjonsfilmfestivalane i verda.

Siste på lista er ein av «dei fire store», Animafest i Zagreb, som går av stabelen i juni.

— Eg trudde først at det var ein heilt vanleg festival, men så viser det seg å vere ein ganske «big deal», for plutseleg var det fleire medstudentar som starta å gratulere oss, seier Eiring.

Fakta

Dei «fire store» animasjonsfilmfestivalane

Dei fire store animasjonsfilmfestivalane i verda er:

Sistnemnde står det no skrive om at er i ferd med å bli avvikla, ifølgje Cartoonbrew.

— Dette er veldig stas

Filmen deira, som har fått det noko uvanlege namnet «Pandiculation», står dermed som ein av 45 nominerte i kategorien beste studentfilm under festivalen i Zagreb. I tillegg er det det einaste norske bidraget på lerretet.

Dei har med det sjans til å gå i fotspora til ein anna Volda-student, Margrethe Danielsen, som i fjor fekk heiderleg omtale for sin film «Pearl Diver» på akkurat same festival.

Det er eit trangt nålauge å bli vald ut, ifølge Arna Marie Bersaas ved Norsk filminstitutt.

— Så dette er veldig stas. Animafest i Zagreb er ein av topp-festivalane for animert film og den nest eldste animasjonsfilmfestivalen i verda, etablert i 1972, skriv Bersaas i ein e-post og legg til:

— Festivalen har sterkt fokus på og lidenskap for animasjonskunsten, og er ein festival for filmskaparane. Veldig bra stad å bli vald ut for desse unge filmskaparane, så gratulerer så mykje!

For litt sidan vann «Pandiculation» juryen sin spesialpris under Big Cartoon Festival i Moskva og fekk pris for beste norske animasjonsfilm på Bergen International Animation Festival. Det har NRK tidlegare skrive om.

I vurderinga skreiv juryen i Bergen at innhaldet i filmen var «utruleg relaterbart» (sjå filmen øvst i saka for å forstå kvifor).

Studiekameratane Konrad Hjemli (t.v.) og Jakob Eiring haustar no prisar og nominasjonar for sitt bachelorprosjekt i animasjonsfilm.

Frå Bodø og Sarpsborg til Zagreb

Men korleis vart ein gjesp ved eit frukostbord i Volda og eit budsjett på 700 pantekroner til ein prisbelønt og massenominert animasjonsfilm, som tilfeldigvis også har ei svært relaterbar handling i desse dagar?

Dei to kreative hovuda Jakob og Konrad kom til Volda for å studere bachelor i animasjon frå kvar sin del av landet, høvesvis Bodø og Sarpsborg.

Begge var heilt nye i den vesle bygda og endte tilfeldigvis opp med å bu på hybel på studentbyen Heltne saman, kor dei hadde rom ved sidan av kvarandre.

Då tredje året på bachelorstudiet kom, var det naturleg at dei to kameratane og medstudentane valte å samarbeide på det store bachelorprosjektet på studiet.

Det er august 2019.

— Vi hadde så vidt starta etter sommaren og alle medstudentane gjekk rundt og spurte kvarandre «kva er ideen din?». Vi måtte jo finne på eit eller anna og tenkte hardt heile tida. Så ein morgon så ser eg gjespe noko voldsomt og strekke seg bakover i stolen ved frukostbordet, fortel Hjemli.

Eiring skyt inn:

— Det var jo ein konsekvens av sommarferie og det å nettopp ha starta på studiet igjen. På det tidspunktet hadde vi ingenting å møte opp til, så vi endte jo opp med å sove til 13-14 på dagen. Det var liksom den «viben» der. Når ein er ute av rytmen, det er då desse sinnsjuke gjespa og brøla oppstod, seier Eiring med ei smil.

Dette måtte det bli animasjonsfilm av, konkluderte dei to tidlegare bachelorstudentane.

2000 timar

Etter å ha brukt omtrent ein time per kvar enkelt bilde, eller «frame», i filmen, med planlegging av timing, dialog, kameravinkel og animering, stod dei etter til saman omtrent 2000 timar på åtte månader klare med resultatet.

Alt er teikna for hand.

Kasta inn i miksen kom også koronastenging og mykje arbeid heimefrå heilt i innspurten våren 2020.

Kvart einaste av dei 1000 bilda, eller frames, i filmen, har dei Eiring og Hjemli teikna for hand. Her midt i prosessen i animasjonstudioet ved Høgskulen i Volda.

— Det har vore ein del «ups and downs». Det at vi måtte jobbe heimefrå hjalp ikkje akkurat det heller, men sånn er det. Det var aldri så ille at vi stoppa opp. For meg personleg, og eg er jo ein sånn typisk nerd, så synst eg det var så gøy å halde på med. Eg hadde til og med eit sideprosjekt, ein annan animasjonsfilm, for å få hjerna over på noko anna. Eg måtte ha noko anna å tenke på enn berre den eine filmen, seier Hjemli.

Det er enormt mykje tanke og tid i kvar minste detalj i filmen, fortel dei to som både budde og arbeidde saman gjennom heile perioden.

— Når du skal bruke nesten eitt år på eit par minutt film er kvar minste ting planlagt til næraste detalj. Det er ein ganske seig prosess kor ein kastar inn mange idear undervegs. Mot slutten av planleggingsfasen så var vi ganske lei. Men sidan vi kjenner kvarandre godt og har god kommunikasjon, så vi forsto kvarandre godt, seier Eiring.

Hjemli og Eiring har dokumentert arbeidet med filmen og heile tålmodsprøva på Instagram.

Gjespe-strekk

Filmen får namnet «Pandiculation», i staden for det mindre originale namnet «Yawn», altså gjesp.

Pandiculation er nemlig det engelske omgrepet for komboen gjespe-strekking.

Hjemli er lyddesigner, men røysta til hovudperson i filmen, Jan, er det Eiring sin kompis Georg Aune, som studerer ved Høyskolen Kristinia i Oslo, som har.

Alle gjespelydane er altså spelte inn der.

Hovudperson Jan i filmen i pandiculation-aksjon.

Medan røystene til dei andre møtedeltakarane i filmen, som snakkar såkalla «corporate talk», er spelte inn av profesjonelle skodespelarar, til ein sum på 700 pantekroner frå hybelen i Volda.

«Utruleg relaterbart» var dommen frå juryen i Bergen International Animation Festival.

— Det er utvilsamt mange som kjenner seg igjen i handlinga i filmen, med mykje som skjer på ein skjerm no med koronapandemien og trøttheit knytt til det. Var dette planlagt?

— Vi har visst treft noko der ja, men det er litt tilfeldig. For ideen kom jo til før pandemien slo innover landet. Men vi hadde hatt nokre forelesningar med gjesteforelesarar i same type setting. At dei var på skjerm medan vi studentar sat i klasserommet fysisk. Så det er nok den type setting vi har tatt inspirasjon frå, seier Hjemli.

Berre godord til miljøet ved høgskulen

Hjemli har no gått vidare på ein mastergrad i Media Practices ved Høgskulen i Volda.

Eiring bur framleis i Volda han også, men jobbar no frilans i bransjen.

Dei to er imponert over animasjonsfilm-miljøet ved høgskulen og korleis skulen i den vesle bygda klarer å tiltrekke seg så mange flinke og kreative hovud.

— Skulen er ekstremt god på å samle folk som alle er skikkeleg lidenskapleg opptekne av dette, alle er lika gira på animasjon. Det er innmari inspirerande, å vere rundt så mange folk som er såpass «obsessed» med det dei held på med. Studiet er også klart lagt opp for at ein skal finne seg sjølv som kunstnar, ein får prøve ut alle teknikkane og det er ei veldig fin plattform for kunstnerisk eksperimentering, seier Hjemli.

— Animasjon som eit medium er så opent, det er rom for kven som helst. Difor er alderen i klassene ofte alt frå 19 til 35 år. Så det er veldig mange ulike personlegheiter som gjer at ein får ein gjeng «weirdoes», men vi har alle denne lidenskapen til felles. Vi er rare og kreative, men veit ikkje heilt kva ein skal gjere med det. Difor har det vore veldig viktig å kunne samlast her i Volda, seier Eiring.

— Det er veldig mange ulike personlegheiter som gjer at ein får ein gjeng «weirdoes», men vi har alle denne lidenskapen til felles. Vi er rare og kreative, men veit ikkje heilt kva ein skal gjere med det, seier Eiring (t.v.) om studiemiljøet ved animasjonsfilm i Volda.

No er dei to spente på kor «Pandiculation» kan ta dei vidare i arbeidslivet. Nominasjonar og prisar er viktig i denne bransjen.

— Du får ein god idé, så startar du å jobbe med det og tenker kanskje at her er det potensiale. Så dykker du inn og blir ganske blind på det etterkvart. Vi var begge fornøgde med «Pandiculation», men det å sjå at den blir så godt motteke, er innmari kult, seier Eiring.

Dei har sendt inn filmen til to av dei andre fire store animasjonsfilmfestivalane også.

Denne veka fekk dei beskjed om at dei ikkje er blant dei nominerte i franske Annecy. Festivalen vil likevel vise filmen deira i eit «out-of-competition»-program, og dermed blir den å sjå på lerretet der.

Det er framleis knytt stor spenning til om dei blir valde ut blant dei nominerte i Ottawa.

— Om vi blir nominerte også ved Ottawa — det hadde vore ganske «insane», seier Hjemli.

Svaret på om dei blir nominerte til festivalen i Ottawa i Canada får dei i slutten av juli.

Powered by Labrador CMS