styremøte
Volda: Ber om å få tilbake 400.000 kroner
Fleire av prosjekta knytt til den omstridde samarbeidsavtalen mellom Høgskulen i Volda og den lokale næringshagen er no avslutta. Sjå styremøte direkte her.
I juni bad styret ved Høgskulen i Volda om at samarbeidsavtalen mellom høgskulen og Sunnmøre kulturnæringshage vart avslutta. No er dette i ferd med å skje, kjem det fram i sakspapira til styremøtet 5. september.
Styremøtet startar klokka 10, og du kan sjå det direkte her.
Kritiske spørsmål
Som Khrono har skrive det siste halve året, har det vore mange kritiske røyster knytt til samarbeidsavtalen mellom kulturnæringshagen på den eine sida og høgskulen, særleg ved Avdeling for kulturfag, på den andre sida. Det har vore stilt spørsmål ved pengeoverføringar og ved om samarbeidsprosjekta er innanfor det ein høgskule skal driva med.
— Det er for så vidt positivt at høgskulen spelar på lag med samfunnet rundt og driv med kulturvern og anna. Men kva er det rett at våre midlar vert brukte til, spurde styremedlem Per Halse i førre styremøte.
Styret bad då om å få tilbakebetalt pengane som stod på konto hos kulturnæringshagen.
To prosjekt er avslutta
I saksframstillinga til dagens styremøte kjem det fram at to av prosjekta, Tonehimmel og Skjerven, er avslutta. Prosjektet med Bjørkedalsbåten skal halda fram til første kvartal 2025, men dette er eit reint BOA-prosjekt med pengar mellom anna frå Stiftelsen Kysten, heiter det.
Det er no vel 400.000 kroner som ikkje er disponerte, skreiv høgskulen i eit brev til kulturnæringshagen i august. Desse pengane ber høgskulen no om å få overført til seg.
Dette skal dei drøfta
Styret skal òg mellom anna handsama sak om eit stort utbyggingsprosjekt, med namnet Aasen-kvartalet. Dei får òg tilbakemelding frå Kunnskapsdepartementet knytt til etatstyring og forskingsmelding til handsaming.
- 74/24 — Godkjenning av innkalling og sakliste
- 75/24 — Godkjenning av møteprotokoll frå Høgskulestyret — 07.06.2024 — 20.06.2024 — 05.08.2024
- 76/24 — Orientering frå rektor
- 77/24 — Styrevedtak ved rektor i sommar
- 78/24 — Etatstyring 2024 — tilbakemelding frå Kunnskapsdepartementet
- 79/24 — Undervegsrapportering planar 2024
- 80/24 — Forskingsmelding 2023
- 81/24 — Seanse — framtidig organisering og drift
- 82/24 — Vurdering av behov for internrevisjon 2024
- 83/24 — SKNH — oppfølging av styrevedtak 20.6.2024
- 84/24 — Orientering om status NIAS og nytt Aasen-kvartal — oppdatering
- 85/24 — Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda
- 86/24 — Midlertidig forskrift om utvidet sensur — nasjonal deleksamen i rettsanvendelse for barnevernsfaglig arbeid
- 87/24 — Forlenga kalling Arne Krumsvik
- 88/24 — Styreevaluering 2024
- 89/24 — Revidert årshjul for Høgskulestyret
- 90/24 — Ymse
Her er dagsordenen: