israel/palestina
Vil stanse partnarskap med israelske universitet
Norce får kritikk for forskingssamarbeid med to israelske utdanningsinstitusjonar. Begge har campusar i ulovlege busetjingar.

13. januar 2024 feira forskingsinstituttet Norce og Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (UiB) oppstart av det såkalla Falco-prosjektet.
No rettar ei gruppe tilsette ved Universitetet i Bergen UiB) sterk kritikk mot Norce, som leiar prosjektet.
Grunnen er partnarskapet med det som i eit debattinnlegg i Khrono blir omtalt som «beryktede israelske universiteter». Bakteppet er den israelske krigføringa i Gaza, og overgrepa mot den palestinske befolkninga i dei ulovleg okkuperte områda.
Falco — som blir leia av Norce — er eit internasjonalt forskingsprosjekt om musikkterapi i rusbehandling, finansiert gjennom EUs forskingsprogram Horisont Europa. Norce er eit norsk forskingsinstitutt med UiB som største eigar.
— Vi har ikkje noko imot forskingsprosjektet. Men at ein har valt å samarbeide med særleg to israelske institusjonar som er så tvilsame, meiner vi er eit stort problem, seier Terje Einarsen, jussprofessor ved UiB, og ein av dei som står bak debattinnlegget.
Falco har 20 samarbeidspartnarar frå sju land. Problemet ifølgje kritikarane er eitt av desse landa — Israel — og dei to israelske lærestadene som er med i prosjektet:
Herzog College og Bar Ilan University.
— Etisk problem
«Herzog College har etablert akademiske institusjoner i de ulovlige busetjingane både i Alon Shvut og Migdal Oz, begge på den israelskokkuperte Vestbreidda. Det er ulovlig ifølge internasjonal rett. Bar IlanUniversity sto bak den ulovlige etableringen av Ariel University i folkerettsstridige bosettinger», heiter det mellom anna i debattinnlegget i Khrono.
Kritikarane peikar på at Bar Ilan-universitet skal ha tette band til den israelske etterretningstenesta og militærteknologiselskapet Elbit, som leverer våpen til det israelske militæret.
— Med tanke på internasjonal rett, er dette særleg alvorleg. Også med grunnlag i norsk straffelov går ein inn i ei folkerettsleg gråsone. Etisk er det i alle fall eit problem. Overordna veit vi at israelske universitet alltid har støtta den ulovlege okkupasjonen på ulike måtar, seier Einarsen.
Med sine campusar på den okkuperte Vestbreidda bidrar dei to israelske partnarane aktivt til dei ulovlege busetjingane, ifølgje Einarsen.
Ville ha boikott
Jussprofessoren var ei av dei sentrale stemmene som i 2024 tok til orde for at Universitetet i Bergen skulle boikotte samarbeid med Israel i kjølvatnet av den israelske krigføringa i Gaza.
Han støtta også forslaget frå stipendiatane på Det juridiske fakultetet som, etter ein heit debatt, førte til at fakultetsstyret skrinla utveksling med universitetet i Tel Aviv.
Torsdag kveld innleiar han på eit ope debattmøte på Litteraturhuset i Bergen i regi av Akademisk nettverk for Palestina (UiB), Aktivister for Palestina (studentar) og SAIH Bergen.
Begge laga som stiller til rektorvalet ved UiB stiller på møtet.
Einarsen seier det går på tilliten laus at det norske forskingsinstituttet held på samarbeidet med dei to israelske institusjonane. Han legg til at dette også rammar Universitetet i Bergen.
— UiB har sagt at dei ikkje har noko institusjonelt samarbeid i Israel. Så viser det seg at det har dei, gjennom dette prosjektet. Då blir det naturleg å spørje: Kvifor seier ein at ein ikkje har det — når ein faktisk har det?
UiB: «Ikke samarbeid»
UiB-leiinga meiner på si side at dette ikkje er snakk om noko institusjonelt samarbeid som involverer universitetet. I ein e-post til Khrono skriv rektor Margareth Hagen:

«UiB har ikke institusjonelt samarbeid med israelske institusjoner. Forøvrig viser jeg til universitetsstyrets behandling av disse spørsmålene de siste årene. Når det gjelder spørsmål om Norce, er det viktig å presisere at Norce er et uavhengig forskningsinstitutt.»
Universitetet i Stavanger trekte seg ut av Falco etter at universitetet avslutta alt samarbeid med israelske institusjonar i juni i fjor.
Trekte seg gjorde også Tyrilistfitelsen, ein av dei største tilbydarar av rusbehandling i Noreg.
«Hvilke etiske juridiske og samfunnsmessige vurderinger (har) Norce og partnerne i Falco egentlig gjennomført»? spør Einarsen og dei andre som har signert debattinnlegget.
Dei peikar på at den norske regjeringa i oktober 2024 gjekk ut med ei skjerpa åtvaring om å unngå samhandling som bidrar til å oppretthalde den israelske okkupasjonen av Palestina.
— Har vurdert risiko
Norce viser til at dei gjorde grundige risikovurderingar då dei vart tildelt prosjektet frå EUs Horisont-program.
— Alle partnarane er godkjende av EU-kommisjonen og kan dermed delta. EU-prosjekta i Horisont-programmet har retningslinjer for støtte til israelske institusjonar. Målet med desse er å sjå til at dei respekterer internasjonal rett, seier konsernsjef Jon Harald Kaspersen.

Han svarer, på spørsmål frå Khrono, at Norce i tillegg gjennomførte si eiga risikovurdering då dei vart tildelt prosjektet.
— Vi henta ut informasjon om dei ulike partnarane og andre forhold både då vi søkte om prosjektet og då kontraktene skulle signerast. Vi har laga ei sjekkliste som vi følgjer, og vi følgjer ei fullmaktsmatrise. Eit stort prosjekt som har høg verdi og høgt budsjett må godkjennast lenger oppe i systemet enn mindre prosjekt.
— Har leiinga gjennomført ei risikovurdering av Falco?
— Ja, det har vi. Eg tok sjølv ansvaret for dette, og gjekk gjennom risikovurderinga med fleire andre personar, blant dei konsernsjefen i Norce. Dette er i tråd med Norce sin policy for internasjonalt kunnskapssamarbeid. Vi følgjer nøye med på situasjonen. Dersom styresmaktene endrar regelverket eller vi får ny informasjon, må vi vurdere på nytt, seier Kaspersen.
Han seier det er uaktuelt å stanse samarbeidet med dei israelske partnarane no.
— Norce legg til grunn norske styresmakters politikk, også når det gjeld eventuell stans av samarbeid. Dermed er det ikkje aktuelt med nokon stans no.
106 millionar
Falco har mottatt støtte tilsvarande om lag 106 millionar norske kroner, fordelt på prosjektpartnarane. 21 millionar går til Norce, 8 millionar til UiB.
Også Helse Stavanger HF og Sykehuset Innlandet HF er kopla på prosjektet, og får kring 9 og 10 millionar.
Israelske Herzog College og Bar Ilan University skal ha fått knappe 9 millionar frå potten.
Til saman 17 personar har skrive under debattinnlegget i Khrono, hovudsakleg akademisk tilsette, men også administrative og studentar. Fire av dei stiller til val til UiB-styret. I tillegg til Einarsen er det Trond Lødøen, Nawar Sayyad og Linnea Reitan Jensen.
Leiar for Falco, Norce-forskar Christian Gold, ønskjer ikkje å kommentere saka.
Nyeste artikler
Eksstatsråd vil bli direktør for restaurering av Nidarosdomen
Mye bra i systemmeldingen, men uklar på kvalitet og arbeidsdeling
Det blir omvalg i Ås — sittende rektor er ute
116 studenter felt for KI-fusk i fjor. Særlig én ting avslørte dem
Rektorval i full gang. — Ho har eg aldri høyrt om
Mest lest
Diesen vil bli australsk statsborger. — Eskalering av sverting og hets
20 akademikere hevder Helsingforskomiteen forfølger Glenn Diesen
Forfølgelsen av professor Glenn Diesen må opphøre
Han er 90 år og aktiv skøyteløper. Målet er å ta elleve verdensrekorder i år
Oppfordrer til kjøttfrie kantiner. — Vi må vise vei