nord universitet

Vil kutte i kommunikasjon. Tilsette skal bli «mer selvhjulpne»

Nord universitet må kutte store summar dei nærmaste åra. Kommunikasjons­avdelinga er gjort til pilotprosjekt.

Andreas Førde, kommunikasjonssjef ved Nord universitet får mindre pengar og strammare styring framover.

Mindre innhaldsproduksjon — meir «utvikling av verktøy, maler, retningslinjer slik at øvrige ansatte kan bli mer selvhjulpne».

Det er blant tiltaka som blir skissert i ein ny rapport på Nord universitetet. Rapporten, som skal opp på Nord-styrets møte onsdag, skal vere «del av beslutningsgrunnlaget i ny oppgave- og ansvarsdeling» i et delprosjekt i omstillingsarbeidet som dreier seg om effektivisering av administrasjon og infrastruktur.

— Eg har ikkje inntrykk av at det som står i rapporten er skrive i stein. Men eg innser at alle må bidra i den situasjonen vi er i. Det inneber at vi også på kommunikasjon må gjere ein del grep, seier kommunikasjonssjef Andreas Førde, som sjølv ikkje har vore del av arbeidsgruppa som har laga rapporten.

«Proaktiv» og «gjøre selv»

På fagområdet kommunikasjon bør målet, i følgje rapporten, vere å kutte 10 prosent av dei totale kostnadane slik dei såg ut i 2023. Det utgjer om lag 5 millionar kroner. I fjor vart det notert 37 årsverk på fagområdet kommunikasjon. Det utgjer 2,5 prosent av alle tilsette i administrasjonen.

For å effektivisere kommunikasjonsarbeidet blir det lagt vekt på nedprioritere oppgåver som andre tilsette i prinsippet kan utføre sjølv, slik rapporten skisserer det.

Under punktet med framlegg til «rolleavklaring» mellom kommunikasjonsfolk blir mellom anna tilsette oppmoda om å vere «proaktiv» og «dele viktig informasjon om sitt fagområde.

Som eit ledd i ei endra oppgåvefordeling peikar rapporten på at «Noe må ansatte og ledere gjøre selv. I de fleste stillingsutlysninger ved universitetet er «muntlig og skriftlig formidlingsevne» definert som et kompetansekrav».

— Fryktar du at dette blir oppfatta som nok ei oppgåve som no blir skubba over på dei vitskapeleg tilsette?

— Eg tenker at dette er veldig avhengig av konteksten. Det står ingenting om kva område der ein bør prioritere, eller ikkje prioritere, å gå inn med kommunikasjonsfagleg kompetanse. Dette skal vi finne ut i den vidare prosessen. I dag går for eksempel ein del av den interne informasjonen gjennom kommunikasjonsavdelinga. Mykje av dette er slikt tilsette enklare kan ordne sjølv, seier Førde.

Meir til marknadsføring

Universitetet skal, som tidlegare omtalt i Khrono, kutte 50 millionar kroner allereie på årets budsjett. Fram mot 2027 tilseier prognosane at opp mot 10 prosent av dagens totalbudsjett må barberast bort, eller at inntekter må hentast inn på andre måtar enn i dag. Det svarer til om lag 150 millionar kroner.

Kutta er ledd i eit langsiktig omstillingsprosjekt, som fører til omfattande endringar når det gjeld undervisning og forsking — men også i den administrative drifta. Ei tidlegare kartlegging har vist at Nord universitetet har ein høgare andel administrative årsverk enn gjennomsnittet i universitets- og høgskolesektoren.

Innspela til dei som har jobba fram rapporten for kommunikasjonsfeltet, peikar i retning av at ein større del av pengane til kommunikasjonsarbeidet bør flyttast til «aktiviteter innen markedsføring, profilering, web og kostnader forbundet med studie-/profilannonsering, studentambassadører, konsulentbistand og andre fremmede tjenester».

Har vore for ukritiske

Ifølgje rapporten har det langstrekte Nord universitet, med studiestader frå Levanger i sør til Stokmarknes i Nord, samstundes mangla god nok strategisk og samlande styring, sett opp mot rammene som er definerte i statens kommunikasjonspolitikk.

«Organisasjonen har historisk sett vært for ukritiske til hvorfor vi setter i gang ting, og om tiltakene har effekt for Nords overordnede mål», står det.

For å bøte på dette tilrår rapporten at det blir utarbeidd ein tydelegare kommunikasjonsstrategi for «hele Nord».

— Oppfattar du dette som kritikk av deg som kommunikasjonssjef, eller arbeidet til kommunikasjonsavdelinga?

— Nei, meir som ei påpeiking av ting som vi alt er klar over at vi må ta tak i. Ein del av dette bildet er at kommunikasjonsresursane er spreidde rundt på heile universitet, og vi ser eit behov for å koordinere betre. Fordelen eg ser med omstillingsprosjektet er at vi får eit helt annet trykk i forbetringsarbeidet i heile organisasjonen, seier Andreas Førde.

Powered by Labrador CMS