— Man kan si det har vært et vanvittig trøkk.

Ein statsråd og ei plagiatsak snudde opp ned på arbeidskvardagen til Nord universitets kommunikasjonssjef Andreas Førde.

Kunsten å takle presse

Publisert Oppdatert

Bodø (Khrono): Mørketida var på hell, det gjekk mot lysare tider. Ein heilt vanleg laurdag ettermiddag, eigentleg, Andreas Førde og femåringen leika heime i huset i Bodø.

Så ringde telefonen. 

NRK og VG hadde funne 125 tekstlikskapar i helseminister Ingvild Kjerkols mastergrad. 

— Ja, så ville dei ha vår kommentar, då, mimrar Førde.

Sjølv hadde han ikkje den minste peiling på kva det var journalistane snakka om. Ein halv time seinare var saka publisert, og det verka som dette var det einaste Noreg hadde å snakke om.

Nisse, molbo, melkerampe?

— Når media stiller ein masse spørsmål, og ein sjølv ikkje anar nokon ting, kan det vere ganske krevjande. Ja, stressande, ein får køyrt seg. Men det er jobben min, seier Førde.

Smartklokka han har rundt handleddet har lenge registrert ein høgare puls enn normalt. Mobiltelefonen må snart få skifta batteri. Forbruket av Skruf nummer 25 har halde seg stabilt høgt sidan den laurdagen, 20. januar.

Andreas Førde, Nord universitets kommunikasjonssjef, var i tvil om han skulle takke ja til dette intervjuet med Khrono. For strengt tatt kan han ikkje snakke om saka, Kjerkol-saka, den no berømte plagiatsaka, eventuelt fuskesaka, eventuelt ikkje fuskesaka, som har ført til statsrådens fall. Heile greia er i realiteten hemmeleg, på fagspråket «unntatt offentlegheit».

Det tok lang tid før media forstod saka

Andreas Førde, kommunikasjonssjef

— Vi kan ikkje seie noko, og samstundes blir vi tatt på ting som vi ikkje kan seie noko om. Det er til tider frustrerande, seier Førde.

Interessa for kva nemnda for studentsaker, som skulle gå gjennom Kjerkols mastergrad, skulle kome fram til, var total. Diskusjonane om universitetet der ho tok denne graden har gått høgt: 

Korleis var det mogleg, liksom, først sleppe dette gjennom? Men vent, var dette så ille, eigentleg? Kva med andre oppgåver som har fått toppkarakter, og som no ville fått lågaste karakter? Eller, har Kjerkol rett, har ho ikkje gjort noko gale?

Og kven var det som lak, slik at TV2 kunne sleppe konklusjonen til nemnda, før nemnda?

«Melkerampeuniversitet, nisseluniversitet, molbouniversitet». Karakteristikkane på sosiale media har vore kreative og kritikken på høgt volum.

Førde trommar fingrane lett over snusboksen.

Man kan si det har vært et vanvittig trøkk.

— Eg meiner vi har lukkast bra, vi har vore tru mot samfunnsoppdraget vårt. Og det er å sikre ei forsvarleg saksbehandling.

Orkan i kasta

Kommunikasjonsavdelinga ved Nord universitet var i realiteten ikkje skrudd saman for det som skulle kome. Vel er ikkje medietrykk og kontrovers nytt, dei har trass alt vore gjennom nokre år med strid om studiestaden på Nesna, som kjempa seg til å ikkje bli nedlagd likevel. 

Men om dét var ein bris, var dette orkan, i alle fall i kasta.

Andreas Førde meiner han og staben har fått verdfull erfaring gjennom Kjerkol-saka. — Det er veldig mange på eit universitet som bidrar inn i kommunikasjonsarbeidet, seier Førde.

— Primæraktiviteten vår ligg i studentrekruttering, forskingsformidling, arrangement. Men ja, vi jobbar også med krisekommunikasjon.

— Røyner det på?

— Ja …  Det hagla med telefonar, sms-ar, e-postar. Titals journalistar som sat og venta på svar. Men vi såg raskt at vi måtte rigge oss om. Vi såg at dette ikkje kunne gå. Så vi har oppretta ei presseteneste, og rullering, slik at vi heile tida har eit kontaktpunkt.

Prinsipp og reglar for vurdering av eksamensoppgåver, med alt sitt intrikate regelverk, er i utgangspunktet ikkje det minste skreddarsydd for tabloide overskrifter.

— Det tok lang tid før media forstod saka. Mykje av arbeidet vidare gjekk ut på å gi informasjon om korleis slike saker fungerer. Mykje tid gjekk med til å engasjere folk i ein masse ulike avdelingar som sit på spesialkunnskap om slike saker, destillere denne informasjonen og gjere den tilgjengeleg.

Omdømmedommen

Er all PR god PR, som i det gamle mantraet? I så fall ligg Nord universitet godt an, berre åtte år etter at ein turbulent fusjon mellom Universitetet i Nordland og Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag. Svaret er ikkje gitt.

«Omdømmeekspertene strides», står det i Khrono.

Ei av dei kritiske røystene var ein kommentator i Bodø, Stein Sneve i Avisa Nordland. «Merkelig vag og passiv», skreiv han om kommunikasjonsstrategien på universitetet. 

Svar:

«Alle studentsaker som behandles for fusk er etter lovverket unntatt offentlighet».

I svarinnlegget, med den ikkje utprega sexy tittelen «Kommunikasjon i offentlig forvaltning», understreka kommunikasjonssjefen vidare at dei ikkje driv med «saksbehandling annet enn der hvor det skal skje. Altså ikke i media».

Du får ikkje saftige spissformuleringar frå Andreas Førde, i alle fall ikkje på jobb. Mykje tyder på at rektor får råd om å halde seg til den same linja.

— Primæroppgåva vår er å sikre ei god sakshandsaming. Vi er sett til å forvalte saka, og det finst reglar for dette. Dei må vi følgje, og det må ein kunne ha tillit til at vi gjer. Vi skal også ta vare på studentane som er involvert i dette. Når saka samstundes er unntatt offentlegheit, og diskusjonen går så høgt i media, er det klart det blir krevjande for oss. Mange meiner det eine og det andre, og forventar at vi skal meine tilbake. Men det kan vi ikkje. Heller ikkje om vi får kritikk, seier Førde.

— Blir journalistane frustrerte då?

— Tja. Dei er i alle fall kreative når det gjeld måtar å finne ut ting på. Vi har berre vore tru mot oppdraget vårt. Nokre gonger forventar journalistane svar innan ein halvtime, på spørsmål som i realiteten treng ei utgreiing.

Å tette ein lekkasje

Førde innrømmer at det er slitsamt å ikkje kunne ha kontroll på alt som kjem ut, og som ikkje er slik dei ønsker, og som i verste fall kan vere feil eller misvisande.

Pulsklokka gjekk mot raud sone då TV2 og NRK «kunne avsløre» kva det var nemnda for studentsaker hadde bestemt seg for. 

— Korleis er stemninga når media plutseleg avslører det som ikkje skal ut, når det har oppstått ein lekkasje?

— Nei, hva skal man si? Vi må handtere det som alt anna, seier Førde.

Han seier det på på nordnorsk bymål. Førde har, som namnet indikerer, opphav i Førde-traktene. Men det er eit par hundre år sidan slekta utvandra og trekte nordover.

— Går det ikkje ein faen i deg?

— Jo, vi er jo menneske. Så det er klart vi kan bli frustrerte. Samstundes er det viktig å seie at det ikkje er vi i kommunikasjonsavdelinga som er ofra her. Men, ja, lekkasjar øydelegg for jobben vi skal gjere.

— Har de funne kjelda eller kjeldene til lekkasjen?

— Nei, vi veit ikkje kven som er lekkasjen i denne saka. Vi har gjort undersøkingar.

— Korleis undersøker ein det?

— Primært er det å gå gjennom rutinar. Sjekke om nokon har hatt tilgang til saka, om det har vore datainnbrot, slike ting.

Førde dreg forsiktig på det profesjonelle smilebandet.

— Journalistar vil jo gjerne ha bakgrunnssamtalar, for å finne ut ting og få informasjon som ikkje nødvendigvis skal på trykk. I denne saka skulle eg gjerne hatt ein bakgrunnssamtale og litt informasjon frå journalisten som publiserte lekkasjen. Men eg innser at det får eg ikkje.

Nasjonal presse og omgangssjuke

Ei ulykke kjem sjeldan åleine, er det noko som heiter.

Same dag som nemnda for studentsaker skulle legge fram sin rapport, og det meste som omkransa kommunikasjonssjef Førde var på brestepunktet, vart ein nederlandsk student ved Nord universitet meldt sakna etter ein fjelltur (studenten vart seinare funnen omkomen etter ein lengre leiteaksjon). Det vart sett krisestab. Derifrå måtte kommunikasjonsavdelinga klare seg utan sjefen. 

Han vart sett ut av spel med omgangssjuke. 

Som i dei fleste jobbar, skjer det mykje som ikkje er synleg for dei som er tilskodarar til resultatet. Frå kontoret i Bodø måtte medarbeidarane handtere spørsmål om den sakna studenten frå lokalmedia. Resten av presseflokken var opptatt av ei ein tidlegare student, Kjerkol, og mastergraden hennar.

Seniorrådgivar Ellisiv Flatval er Andreas Førdes næraste allierte i arbeidet med Kjerkol-saka. Førespurnadene frå media har eksplodert og sett avdelinga under tungt press.

Noregs viktigaste sak og ei samla nasjonal presse stod på døra — ein student var sakna i fjellet. Kva blir viktig då? Korleis skal ein prioritere og fordele?

— Verda er som ho er, det som skjer det skjer. Det må vi berre handtere. Når ting skjer, er det dessutan mange som er involvert. Det er veldig mange på eit universitet som bidrar inn i kommunikasjonsarbeidet, seier Førde.

Adrenalin og meining

Evalueringa har det ikkje heilt blitt tid til enno. Men Førde kan seie såpass at han er ganske fornøgd med, kva skal vi kalle det, opplysningsarbeidet. Ei eiga nettside er etablert der relevant informasjon er tilgjengeleg, omsett frå akademisk til forståeleg norsk — og ei eiga presseteneste

Mange har lært mykje om korleis ting fungerer på eit universitet, det er då noko.

Så får heller andre mase om omdømmekrise og rope på kommentarar om ting som ikkje kan kommenterast, meiner Førde.

— Har det vore litt gøy også?

— Nja, det kjem an på definisjonen av gøy. Du får adrenalin, seier Førde og tenker seg om.

Pulsklokka hans har begynt å gi frå seg eit svakt lys.

Er 100 medieførespurnader på 14 dagar pluss ein eskalerande bunke innsynskrav gøy? Nei, kanskje ikkje, i seg sjølv, gøy.

— Men det er jo meiningsfullt. Eg opplever det som at vi har viktige oppgåver. Å handtere dei situasjonane vi gjer er viktig for universitet, det er viktig for dei som er involverte og påverka. Eg tenker ikkje akkurat at vi er heldige. Men det kjem forhåpentleg læring ut av det, ikkje berre for oss, men heile sektoren

Andreas Førde, kommunikasjonssjef ved Nord universitet. — Vi er menneske, stadfestar han.

Eit rykk i smilemuskelen igjen. Snart på tide med ein snus.

— Og så er vi jo gjennom denne saka blitt kommunikasjonscase for heile Noreg. Men eg blir nok gladare av å leike med femåringen.

Powered by Labrador CMS