Pandemiforsking
Vil ikkje be Norsk Tipping dele data med forskarar
Det er behov for meir kunnskap, meiner kulturministeren. Ho vil likevel ikkje forlange at Norsk Tipping deler data med forskarar.
Ifølgje stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Silje Hjemdal, er det «problematisk at aktører som har monopol på spill i Norge har en så arrogant holdning i en sak der samfunnet har behov for mer kunnskap». I Stortinget har ho spurt regjeringa om den vil be Norsk Tipping gjere om avgjersla om å trekke seg frå eit forskingsprosjekt om spelevanar under pandemien.
Det vil regjeringa ikkje, ifølgje kulturminister Anette Trettebergstuen, som svarte i Stortinget denne veka.
I utgangspunktet var planen at Norsk Tipping og Rikstoto skulle bidra i eit større nordisk forskingssamarbeid, som skulle kartlegge korleis spelevanar har endra seg under pandemien. Prosjektet skulle leiast av Spillforsk (Nasjonalt kompetansesenter for spillforsking) ved Universitetet i Bergen.
Behov for kunnskap
«Jeg er enig med representanten i at samfunnet kan ha behov for mer kunnskap om spillevaner under pandemien. Kunnskap gjør at vi kan rette inn tiltakene våre på best mulig måte for å beskytte de sårbare spillerne», svarte Trettebergstuen i Stortinget.
Ho meinte likevel at Norsk Tipping gjennom andre forskingsprosjekt sikrar dette omsynet, blant anna i ein rammeavtale om oppdragsforsking med Nottingham Trent University.
Etter at Norsk Tipping og Rikstoto ombestemte seg, og likevel ikkje ville dele data og statistikk om nordmenns spelevanar under panedmien, vart styringa av prosjektet flytta til Helsingfors. Saka er tidlegare omtalt i Bergens Tidende og Khrono.
Grunngivinga frå Norsk Tipping og Rikstoto, som begge er statseigde og har monopol i Noreg, var at prosjektet får data frå selskap som er ulovlege i Noreg. Dei selskapa ønskjer ikkje Norsk Tipping å bidra til å legitimere gjennom å sjølv delta.
«Utfordrende» samarbeid
Professor og leiar for Spillforsk i Bergen, Ståle Pallesen, har vist til at ei rekke andre spelselskap i Norden bidrar, blant dei det statlege finske spelselskapet. Han har bede Lotteritilsynet gripe inn for å få Norsk Tipping til å snu i saka.
I brev til tilsynet skriv han at han i fleire samanhengar har «opplevd samarbeidet med Norsk Tipping» som utfordrende». Han kritiserer «en viktig samfunnsaktør» for ikkje å vise «større samarbeidsvilje overfor sentrale norske forskningsmiljø».
Norsk Tipping har tidlegare vist til at dei bidrar mykje til forsking, og har levert data til 24 studiar siste 8 åra, blant dei 8 studiar knytt til Spillforsk i Bergen. Selskapet er organisert som eit statleg aksjelskap under Kulturdepartementet.