politi og juss

Vil ha øyremerkte midlar til forsking på påtalemakt

Både Justisdepartementet og Forskingsrådet bør koma på bana med pengar til eit forskingsprosjekt som kan sjå på påtalemakta si rolle, seier forskar Katrine Holter.

Det gir god meining at påtalemakta òg skal jobba med vurdering av bevis, seier riksadvokat Jørn Sigurd Maurud (t.h.) i forskar Katrine Holter sin podkast. Politiet, her representert ved politiinspektør Tommy Brøske (t.v), har jobba mykje med avhøyrsmetodikk og bevisvurdering dei siste tjue åra.

— Det er forska ein del på politiet sine etterforskingsmetodar, men altfor lite på juristane si vurdering av bevis. I dag finst det ikkje systematiske metodar for korleis påtalemakta vurderer bevis. Ein har ei arbeidsfordeling mellom politi og påtalemakt, der påtalemakta skal kontrollera politiet sitt arbeid, seier Katrine Holter til Khrono.

Ho er førsteamanuensis ved Politihøgskulen og strafferettsforskar. I tillegg har ho ein podkast: «Rett og slett». I siste episode av den har ho ein samtale med riksadvokat Jørn Sigurd Maurud.

Eitt av temaa er påtalemakt og bevisvurdering.

Riksadvokaten: Ikkje så veldig forskingsbasert

Riksadvokaten er samd i at dette er noko ein i dag ikkje har så mykje forsking på.

— Har me ei systematisk tilnærming til korleis ein vurderer bevis, spør Maurud i podkasten, og svarar sjølv:

— Det er nok mykje learning by doing, og ikkje så veldig forskingsbasert.

Bakteppet for temaet i podkasten er ein kronikk i VG der politioverbetjent og forskar Asbjørn Rachlew etterlyser meir forsking om påtalemakta si rolle.

Politiet har dei siste tjue åra gjort eit stort arbeid med å utvikla nye avhøyrsteknikkar. Men påtalemakta, som mellom anna skal vurdera politiet sitt arbeid, har ikkje hatt same høve til å utvikla ein eigen metodikk, sa Rachlew til Khrono tidlegare i haust.

Rachlew meiner det trengst øyremerkte forskingsmidlar, og sende ballen i retning justisministeren.

Forskar: Bør nytta høvet

Katrine Holter er strafferettsforskar. I dag finst det ikkje systematiske metodar for korleis påtalemakta vurderer bevis, seier ho.

Maurud seier i podkasten at riksadvokaten har snakka om det hadde vore mogleg at dei tok initiativ til å oppretta eit stipend som skulle gå til vurdering av bevis.

— Me må tenka litt på kva me er ute etter. Men det gir god meining at òg påtalemakta skal jobba med vurdering av bevis, seier Maurud i podkasten.

Katrine Holter er tydeleg: Ho meiner at både Forskingsrådet og Justisdepartementet no bør nytta høvet og visa at rettsstatsforsking er eit viktig felt å støtta oppunder.

— Det bør lysast ut eit forskingsprosjekt, noko som kan bygga miljø og løfta eit handverk til eit forskingsbasert fag for juristar.

Holter støttar Eivind Kolflaath, som er professor i filosofi og tilsett ved DPPet juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, sa nyleg til Khrono at det ikkje er nok med eit stipend. Ein må sikra at vedkomande vert ein ressursperson og kan læra opp andre.

Meiner påtalemakta har svikta

Denne hausten kjem fleire av sakene der det i utgangspunktet gjekk gale opp på nytt. I Tengs-saka er ein mann sikta, og Baneheia-saka ligg hos Riksadvokaten. Også akebakke-saka frå Trondheim skal granskast på nytt. Her er ny etterforsking snart ferdig, melder NRK.

— Det har vist seg at det var slett politiarbeid i alle desse sakene. Politiet har vorte mykje flinkare. Men kva har påtalemakta gjort? Dei har òg svikta i alle desse sakene, seier Holter.

— Det handlar om system. Men har påtalemakta fått på plass eit tilsvarande løft? I alle justismord har både påtalemakt og domstol svikta, legg ho til.

Når det gjeld Baneheia-saka vil media òg sjå på si rolle. VG er i dag kritiske til eiga dekning, skriv avisa sjølve.

SV: Vil ha forsking, men òg gransking

Andreas Sjalg Unneland sit i justiskomiteen på Stortinget. SV-politikaren er sjølv jurist, og vil gjerne ha meir forsking.

— Fleire av dei mykje omtalte sakene viser at det er behov for meir kunnskap. Eg meiner at å forska meir er naturleg. I tillegg er det fleire av sakene som kan gi grunnlag for at det vert ei gransking eller ei evaluering, seier Unneland.

— Bør Justisdepartementet finansiera slik forsking?

— Det ligg ein pott hos departementet som skal gå til relevant forsking. Det er naturleg at det òg går til forsking som er relevante for denne sektoren, seier Unneland.

Justisdepartementet si kommunikasjonseining skriv i ein e-post til Khrono at:

— Me registrerer at enkelte meiner at det er behov for forsking knytt til påtalemakta si vurdering av bevis. Dette tek me med oss i det vidare arbeidet vårt.

I e-posten heiter det òg at sektorprinsippet i norsk forskingspolitikk inneber at Justis- og beredskapsdepartementet har eit overordna ansvar for forsking i sin sektor og på sine ansvarsområde. Forsking vert finansiert på ulike måtar; gjennom Forskingsrådet, høgskulane innan sektoren og i tillegg gjennom nokre utvalde forskingsprosjekt der avgjerslene om kva forskingsprosjekt som skal setjast i gang vert tekne utifrå ei samla vurdering av behovet for forsking i sektoren.

Powered by Labrador CMS