jussutdanning

Han reformerte politietaten. No bør det vera jussen sin tur, meiner Asbjørn Rachlew

Påtalemakta må få sjanse til å granska seg sjølve, seier politioverbetjent og forskar Asbjørn Rachlew. Han vil ha øyremerkte doktorgradsstipend slik at juristar lettare kan seia stopp når ei etterforsking er på ville vegar.

Asbjørn Rachlew fryktar at det kan verta ein tøff haust. Fleire kjende kriminalsaker som ligg minst 20 år attende i tid er igjen på dagsorden.
Asbjørn Rachlew fryktar at det kan verta ein tøff haust. Fleire kjende kriminalsaker som ligg minst 20 år attende i tid er igjen på dagsorden.
Publisert Oppdatert

— Når me hadde ein mistenkt, var det min jobb å få han til å tilstå.

Dette har Asbjørn Rachlew sagt fleire gongar. No er han politioverbetjent, underviser ved Politihøgskolen og forskar ved Norsk senter for menneskerettigheter, men midt på 1990-talet var han etterforskar i Oslo. Dette var tida då ein hadde fleire kriminalsaker som framleis vert omtala: Bjugn-saka, drapet på Birgitte Tengs, saka med den fem år gamle jenta som vart funnen drepen i Trondheim, og deretter Baneheia-saka.

Særleg Tengs-saka vart viktig for både Rachlew og for norsk politi. Meir om det seinare. Men no meiner Rachlew at også juristane og påtalemakta må få ei fagleg oppdatering.

«Målet må være å utvikle en metodikk som hjelper juristene til å identifisere de straffesakene der politiets tanker har låst seg», skreiv han i ein kronikk i VG i førre veke.

Vart interessert i professorrapport

I 1995 vart Birgitte Tengs funnen drepen på Karmøy. Jenta var 17 år. Fetteren hennar tilstod, trekte tilståinga, vart dømd — og seinare frikjend. Dette var saka som gjorde at den unge Rachlew interesserte seg for avhøyr i straffesaker.

På denne tida var det ikkje noko opplæring i dette, eller noko fag ein tok som ein del av politiutdanninga, men ferskingane lærte av dei røynde. Den beste av dei beste var Stian Elle, som leia avhøyra av fetteren. Men det vart òg han som fekk kritikk etterpå, har Politiforum skildra.

Rachlew var ein slik fersking, og ville verta like god som nettopp Elle. Men Rachlew interesserte seg òg for den sakkunnige rapporten i Tengs-saka, skriven av professoren Gisli Gudjonsson. Her fekk politiarbeidet som var gjort sterk kritikk. Fetteren si tilståing var falsk, konkluderte professoren. Han har særleg jobba med avhøyrsmetodar for å unngå justismord, og med leiande spørsmål og dei fysiske og psykiske forholda når ein avhøyrer både mistenkte, vitne og sakkunnige.

Resten er eigentleg historie: Det vart mastergrad på Rachlew, eit kursopplegg om avhøyrsmetodikk som no er integrert for dei som tek politiutdanning, så doktorgrad og forskarstilling.

Meiner juristane må få tid

Men sjølv om politiet, dei som gjennomfører avhøyr av mistenkte og sikta personar, i dag har ein heilt annan inngangsvinkel enn ein hadde for 25 år sidan, har ikkje utviklinga vore den same for påtalemakta, altså juristane.

— Me opplever at påtalemakta ikkje innvilgar seg sjølve å satsa på endring og metodeutvikling. Eg trur juristane kvir seg, dei veit at saksbunkane er dobbelt så store når dei kjem att. Men eg synest dei bør få denne tida. Det er viktig for rettsstaten, seier Rachlew.

Han seier at i alvorlege straffesaker er politijuristane saman med polititenestemennene når ein mellom anna skal drøfta kva ein skal spørja den mistenkte om.

— Paradigmeskiftet me hadde, dreia seg konkret om avhøyr. Men den same tenkinga må prega heile etterforskinga. Det er òg juristane som skal vurdera om politiet sine bevis er gode nok, så det er tvingande naudsynt at dei har same innsikt i vitnepsykologi, seier Rachlew.

Han ville verta den beste politimannen og den beste til å gjennomføra avhøyr. I dag er Asbjørn Rachlew undervisar og forskar, med særleg fokus på nettopp avhøyr.
Han ville verta den beste politimannen og den beste til å gjennomføra avhøyr. I dag er Asbjørn Rachlew undervisar og forskar, med særleg fokus på nettopp avhøyr.

Vil ha øyremerkte stipend

Per i dag er det ikkje noko fag for jusstudentar som ønskjer å læra noko om avhøyr og bevisvurdering.

— Det er tilbod om eit par valfag, både i rettspsykologi og i bevisvurdering. Men det er inga grunnleggande forsking på korleis juristane går fram når dei vurderer bevis. Før ein har fått på plass ein felles metode vil det heller ikkje kunne verta eit reelt fag. Ein manglar forsking, seier Rachlew.

I kronikken i VG oppmodar han justisministeren til å oppretta eit doktorgradsstipend.

— Ein må ha grunnforsking òg. Her er det gjort noko, mellom anna på avhøyr av barn, men det er ingen som har gått ned i påtalemakta sitt arbeid.

— Det er politiet som gjennomfører avhøyr. Kvifor må juristane då kunne noko om dette?

— Samfunnet generelt tenkjer at det er politiet som har feila når ein ser på nokre av dei omtala sakene. Men politiet er eitt av fleire ledd, påtalemakta er òg eit ledd i ei kjede. Dei må få høve til å granska seg sjølve, seier Rachlew, og legg til:

— Dei beste endringane kjem frå innsida.

Juristar som kan menneskerettar

Noreg har fått kritikk frå Den europeiske menneskerettsdomstolen fordi sikta vert sitjande for lenge i isolasjon før dei vert fengsla. Òg lengda på varetektsfengsling kan ein stilla spørsmål ved, meiner Rachlew.

— Før kalla ein det brev og besøksforbod. Men ein kan kalla det det det er: Full isolasjon, seier Rachlew i ein fersk episode av VG sin Krimpodden.

Fleire av dei sikta i dei mykje omtala sakene frå 1990-talet, mellom andre Stein Inge Johannessen, som Rachlew skreiv om i avhandlinga si, sat lenge slik.

— No byrja eg å grina, seier Rachlew i same podkastepisode.

Han vert stille før han fortel om Johannessen, som tilstod eit drap han ikkje hadde gjort, etter å ha site seks månader i isolasjon. Han vart redda då drapsmannen sjølv tilstod, like før saka mot Johannessen skulle opp i retten.

Etter at Johannessen vart rusfri reiste han rundt saman med Rachlew og fortalde om kor gale det kan gå, og om kor viktig det er å ikkje legga meiningar og det ein trur inn i spørsmåla.

Dei siste åra har Noreg kome langt når det gjeld menneskerettar, seier Rachlew.

— Men avgjerdslene frå Den europeiske menneskerettsdomstolen er så viktig at påtalemakta ikkje kan skriva ei einaste sak utan at dei har eit klart bilete av kva gjeldande rett er.

Difor bør det tilsetjast fleire juristar som har nettopp menneskerettar som spesialfelt, meiner han.

Kompleksiteten

Ei av dei siste sakene Rachlew har gått inn i, er saka som i NRK sin dokumentar fekk namnet Drapet i akebakken. Tre gutar på fire, fem og seks år tilstod.

— Tilståinga er ikkje verd papiret ho er skrive på, har Rachlew sagt fleire gongar.

Han har òg sagt at han håpar at frekvensen på saker der politiet sine tankar har låst seg vil vera lågare framover - sjølv om det truleg vil skje igjen.

Viggo Kristiansen har fått saka si opp på nytt, og statsadvokaten har kome med si, førebels hemmelege, innstilling. Også saka i Trondheim, der Silje Marie Redergård vart drepen, skal etterforskast på nytt. I Tengs-saka sikta politiet i fjor ein mann for drap, og i år vart same mann sikta for det uoppklarte drapet på Tina Jørgensen i 2000.

— Kan ein seia noko overordna om kva som gjekk gale i desse sakene?

— Det handlar om manglande kritisk forsking, om at ein ikkje har fått noko opplæring og om psykologi. Det handlar òg om manglande forståing av kompleksiteten. Ein ville ikkje sendt ein kirurg inn for å operera utan av vedkomande var utdanna både lege og deretter spesialist, men ein har teke for gitt av politi og påtalemakta kan jobben sin, seier Rachlew til Khrono.

Han er òg oppteken av hemmeleghald og av at det lenge ikkje vart teke opptak av avhøyr. Dette gjer at det ikkje er mogleg å få innsyn i kva som faktisk har gått føre seg.

— Lova seier at politiet skal gå ut og finna gjerningspersonen. Å etterforska med objektivitet er umogleg, ein klarar ikkje å lata som at ein trur at den som er sikta ikkje har gjort det, seier Rachlew.

Han meiner kritisk forsking er nøkkelen.

— Då vert faget anerkjent. Elles vert det berre som eit handverk.

Powered by Labrador CMS