politi

Vil gjerne undervisa jusstudentar i bevisvurdering

Det er ikkje slik at det har vore ei reform i politietaten og at jussfeltet har stått stille, seier professor Eivind Kolflaath.

Jussutdanninga er stort sett rettsvitskap, seier professor Gert Johan Kjelsby. Han har sjølv vore statsadvokat.

Det er på tide med ei utvikling av påtalemakta, sa forskar og politioverbetjent Asbjørn Rachlew til Khrono.

Rachlew har gjort eit stort arbeid med å endra avhøyrsmetodikk for politietaten. No bør juristane følgja etter, meiner han, og etterlyste i Khrono forsking på bevisvurdering. Når dette er på plass, kan det òg skje noko med jussutdanninga, sa Rachlew. Han viste til at det i dag finst nokre valfag i rettspsykologi og bevisvurdering.

— Dersom det vert etterlate eit inntrykk av at det har vore ei reform hos politiet medan jussfeltet har stått stille, så stemmer ikkje det. Påtalemakta har ikkje vore uberørt av dei aktuelle sakene der det har gått gale, seier Eivind Kolflaath.

Han er professor i filosofi, og tilsett ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB). Dei sakene han snakkar om, er mellom anna Fritz Moen-saka og to av sakene som har vore mykje omtalt i meir enn tjue år: Baneheia-saka og Tengs-saka. Begge desse er aktuelle denne hausten; Viggo Kristiansen skal få opp saka si på nytt, og ein person er sikta i Tengs-saka.

— Både vurdering av bevis og vitnepsykologi har eit heilt anna fokus no, òg hos juristar.

Tidlegare statsadvokat: Mange gode avhøyr

Kolflaath føreles jamleg på kurs for nytilsette politiadvokatar, dommarar og dommarfullmektigar. Tema: Vurdering av bevis. Desse kursa er obligatoriske.

— Rachlew har treft ein nerve og har gjort mykje godt arbeid når det handlar om avhøyr. Men eg synest han malar med litt for brei pensel når han nyttar enkeltsaker til å visa at alt har vore vondt og vanskeleg tidlegare. Det blei sjølvsagt gjennomført mange gode avhøyr, òg for tjue år sidan, seier Gert Johan Kjelby.

Han er professor ved Det juridiske fakultetet ved UiB, men var fram til 2015 statsadvokat.

— Eg opplever at det i dag er – og over tid har vore –høg grad av medvit i påtalemakta både om korleis og på kva måte ein best kan sikra truverdig informasjon, og at ein i etterforskinga og i bevisvurderingar må vere vaken for ulike feilkjelder. Riksadvokaten har òg i rundskriv gitt klare instruksar og direktiv, mellom anna om at det er ei forventing om at politijuristane held seg oppdaterte om forsking om justisfeil, seier Kjelby.

— Rachlew si doktoravhandling har så vidt eg veit vore pensum på kurs på Politihøgskolen, og litteratur om vitnepsykologiske forskingsfunn er pensum på opplæring for nye politijuristar.

Han understrekar at han elles ikkje er særleg usamd med Rachlew.

— Rachlew har eit viktig poeng om at påtalejuristar må ha same kunnskap som dei som gjer avhøyr. Særleg vitnepsykologi er noko juristar må vera medvitne om når innhenta bevis skal verta vurderte, ikkje minst når det gjeld avhøyr av sårbare og av barn og unge, seier Kjelby.

Saka i Trondheim, der ei fem år gamal jente vart funnen død, og tre jamgamle gutar fekk skulda, har vore mykje omtalt. Dette skjedde for meir enn tjue år sidan. Men også avhøyra og handsaminga av den 15 år gamle guten, som drap to menneske i Kristiansand i 2016, har fått kritikk. VG har den siste tida skrive mykje om denne saka.

— Begge sakene viser at politiet og påtalemakta må vere pinleg nøyaktig med å sikra den avhøyrde sin grunnleggande rett til forsvarer. De syner òg at ein ikkje kan sleppe laus kva som helst politibetjent på avhøyr av barn. Ein har særlege reglar og metodar, og er meir medviten enn før når det handlar om avhøyr av barn som er vitne eller fornærma. Men som Rachlew har påpeika, mistenkte barn har vore forsømt, seier Kjelby.

Generalistutdanning

I ein kronikk i VG vende Rachlew seg til justisministeren og bad om eit øyremerka doktorgradsstipend som kan brukast til å sjå på metode for påtalemakta. Eivind Kolflaath er ikkje utan vidare usamd i dette. Men:

— Då må denne personen verta ein ressursperson etterpå. Det vil ha liten verdi dersom vedkomande skal tilbake til ordinær stilling.

I ein artikkel i «Rett i vest», festskriftet som vart gitt ut då jussutdanninga i Bergen feira femti år, tek Kolflaath og professorkollega Ragna Aarli til orde for at det no er på tide å gi forskingsbasert undervisning om fastsetting av faktum.

«De fleste ferdigutdannede jurister vil arbeide med konkrete saker hvor faktum ikke er gitt. Som dommer eller forvaltningsjurist skal man henholdsvis avsi dom eller fatte enkeltvedtak i saker hvor man selv avgjør hvilket faktum som skal legges til grunn. Også advokater må forholde seg til situasjoner hvor faktum ikke er gitt», skriv dei.

Kolflaath seier at det i dag manglar noko om vurdering av bevis i jussutdanninga.

— I det store fleirtalet av rettssaker er det faktum og ikkje jussen som er utfordringa, seier han.

Men spørsmålet er kva ein har plass til.

— Det kunne vore ein fordel å få inn noko om desse temaa. Men då må noko anna ut. Jussutdanninga er ei generalistutdanning, og dei som er nyutdanna skal kunne gå inn i kva som helst rolle.

Det seier Kristine Helen Korsnes, prodekan for utdanning ved Det juridiske fakultetet ved UiT Noregs arktiske universitet.

Professor Eivind Kolflaath hadde for vel ti år sidan eit forskingsprosjekt der han såg på korleis bevisvurdering i norske straffesaker går føre seg.

Kven har ansvar?

Ragnhild Hennum, dekan for jussutdanninga ved Universitetet i Oslo (UiO), seier at det er obligatorisk undervisning i både strafferett og straffeprosess. I tillegg tilbyr UiO mellom anna valfag i vitnepsykologi.

— Eg er samd med Rachlew; eg vil gjerne ha meir forsking. Me lyser ut opne stipendiatstillingar, så dersom nokon har eit godt prosjekt innanfor det Rachlew etterlyser, tek me gjerne imot det, seier ho.

Hennum viser til at jusstudentar frå UiO går rett inn i mellom anna politiadvokatstillingar. Og kven skal då ta ansvar for vidareutdanning av desse? Det er ikkje sjølvsagt at det er utdanningsinstitusjonane, meiner Korsnes.

— Det er ikkje vanskeleg å argumentera for at fleire tema burde gå inn i jussutdanninga. Men når det gjeld å gi ein spisskompetanse meiner eg at det er noko arbeidsgivar må ta eit ansvar for, eventuelt med å legga til rette for at tilsette kan etter- eller vidareutdanna seg.

Powered by Labrador CMS