Storbritannia

Vil ha mannsminister for å få gutar til å ta utdanning

44.000 færre menn enn kvinner starta på høgare utdanning i Storbritannia hausten 2024. No peikar ein ny rapport på at ein eigen mannsminister kan gjera ein skilnad.

Oxford, eit av prestisjeuniversiteta i Storbritannia. Men problemet på øygruppa er ikkje at unge gutar ikkje studerer her, dei studerer ikkje i det heile.

I 2024 søkte 85.536 kvinner og 56.880 menn opptak til grunnstudium ved universitet og høgskular i Noreg gjennom Samordna opptak. Dette utgjer ein kvinnedel på 60,1 prosent og ein mannsdel på 39,9 prosent, og nesten 30.000 færre mannlege søkjarar enn kvinnelege. Ser ein på dei som er komne inn på høgare utdanning, er kjønnsfordelinga også 60-40, viser tal frå HK-dir. Slik har det vore nokre år, faktisk er Noreg og Sverige blant dei landa i Europa med høgast del kvinnelege studentar.

I Storbritannia er skilnaden mellom og kvinner større. Der fekk 44.000 færre menn enn kvinner plass ved ein høgare utdanningsinstitusjon i 2024—25. Det viser ein rapport frå den uavhengige tenkjetanken Higher Education Policy Institute (Hepi), skriv Times Higher Education

Ser ein på ein lengre periode, er det fleire hundretusen færre menn enn kvinner som har starta på høgare utdanning i Storbritannia. Rapporten peikar også på at det er høgare fødselsrate for menn. Korrigerer ein for denne, skulle det vore om lag 55.000 fleire menn på universiteta kvart år — noko som inneber om lag ein halv million «manglande menn» dei siste ti åra.

Redd fleire gutar vil tapa

Spørsmålet er sjølvsagt kva ein kan gjera. Forslaget i rapporten er ein eigen minister for menn. I dag har dei ein minister for kvinner og likestilling i Storbritannia.

— Me treng ein tversgåande strategi frå regjeringa for å løysa problemet, og om naudsynt, ein ny minister for menn og gutar, som kan leia arbeidet, seier Nick Hillmann, direktør for Hepi og medforfattar av rapporten, til THE.

— Utan ei endring av denne storleiken, vil ein ny halv million unge menn — dei som i dag er skulegutar — tapa, akkurat slik som dei eldre brørne deira og fedrane deira allereie har gjort, seier han.

Trur ikkje det er skilnad

At ein treng ein eigen mannsminister grunngir Hillmann med at ein lenge har lagt vekt på skilnader i utdanning knytt til klasse og etnisitet, men at ein ikkje har lagt vekt på kjønn.

Dette må endrast dersom ein skal takla eit av dei mest påfallande problema som påverkar både utdanning og samfunnet generelt, meiner han.

Rapporten viser òg til forsking frå King’s College London, som viser at 88 prosent av befolkninga ikkje er klar over at færre menn enn kvinner går på universitetet. 77 prosent trur at tala er like.

Dette fører til at dei fleste universiteta ikkje anerkjenner menn som ei utsett gruppe når det gjeld opptak til høgare utdanning, heiter det i rapporten. Det vert peika på aktuelle tiltak, som målretta promotering retta mot gutar og foreldra deira på skular og i lokalsamfunn.

Tiltak har ein også peika på i Noreg. I 2024 kom Mannsutvalet sin rapport. Der er endring av opptaksreglar og endring i korleis ein reknar poeng i grunnskulen og vidaregåande skule to av tiltaka som vart føreslegne, saman med forslag om ei satsing for å få unge menn til å velja fleire av dei «mjuke» studia når dei vel høgare utdanning.

Får gratis mat, studerer ikkje

THE viser til at 96 prosent av dei som sit i britiske fengsel, er menn. Avisa skriv òg at det er store skilnader blant dei unge som har krav på gratis skulemat. Blant kvite, unge menn er det berre 15 prosent i denne gruppa som startar på høgare utdanning, medan talet er over førti prosent for asiatiske, mannlege 19-åringar.

Og problemet er ikkje nytt. Allereie i 2009 melde òg norske aviser at det er kvite, fattige gutar i Storbritannia som gjer det dårlegast på skulen. I tillegg er skulesystemet stadig under debatt, som Aftenposten viste i 2013.

Men biletet er ikkje heilsvart: Arbeidsløysa i Storbritannia er for tida låg, og har vore det i fleire år.

Powered by Labrador CMS