Storbritannia

Dei betalar 400.000 for ei grad

Norske studentar i Oxford betalar dyrt for å få ei grad. Men dei meiner det er verd det.

Sigurd Meklenborg-Salvesen, Rasmus Bakken, Simon Foldvik og Nikoline Landheim er alle studentar i Oxford - med støtte frå Aker. — Me må ikkje gjera noko spesielt for Aker etterpå, men det er forventa at me gjer noko som er nyttig for samfunnet, seier Meklenborg-Salvesen.
Publisert Sist oppdatert

Oxford (Khrono): — Det er eigentleg ein fulltidsjobb å velja kva føredrag ein vil gå på, seier Simon Foldvik.

FAKTA

Universitetet i Oxford

  • Har røter heilt tilbake til 1096
  • Er eit kollegieuniversitet, som består av 44 colleges. Desse er autonome einingar og er spreidd rundt i byen
  • Universitetet er rangert som nummer ein på Times Higher Education si liste
  • Dei tre eldste college er University College (1249), Ballion College (1263) og Merton College (1264)
  • Universitetet er styrt av ein chancellor og ein vise-chancellor. Sistnemnde er professor og kan samanliknast med rektor i det norske systemet. Dei ulike colleges har ein såkalla Head of house
  • Både kong Olav V og kong Harald V var studentar ved Balliol. Kong Harald er æresdoktor ved Universitetet i Oxford
  • Kjelder: Wikipedia, Store norske leksikon, Khrono

Han beklagar at han kjem nokre minutt for seint — personen som sat ytst på stolrekkja under kveldens føredrag begynte å stilla spørsmål då tida eigentleg var ute.

Foldvik studerer ved Balliol college, eit av om lag 40 college som utgjer Universitetet i Oxford. Balliol vart stifta i 1263, og har fleire britiske statsministrar — og to norske kongar — på lista over tidlegare studentar. 

På Balliol, og i Oxford, skjer det noko heile tida.

— Skal de på Balliol-ballet, spør Sigurd Meklenborg-Salvesen, og fortel at årets billettar snart vert lagde ut for sal.

Etter å ha tatt fire bachelorgrader i løpet av tre år ved Universitetet i Bergen, rett nok ved å kunne bruka nokre av faga i fleire av gradene, tek han no ein eittårig master i moderne, europeisk historie. Etter det er målet doktorgrad.

Forhandla ned prisen

Dei fire studentane og stipendiatane som Khrono møter, har alle fått stipend frå Aker scholarship. Her får dei støtte til skulepengar, men dei får òg dekt levekostnader.

— Eit stort privilegium, seier Foldvik. 

Eit år i Oxford kostar mellom 30.000 og 40.000 pund i skulepengar for ein student som kjem frå utlandet — mellom 400.000 og 500.000 norske kroner.

Foldvik har ei mastergrad i matematikk frå før, no tek han ein ny master same fag.

Rasmus Bakken og Nikoline Landheim tek doktorgrad, Bakken i filosofi og Landheim i internasjonale relasjonar.

— Eg har ei grad frå Edinburgh frå før, i matematikk og filosofi. Sidan eg har studert fleire år i Storbritannia har eg klart å få betala det same som britiske studentar, seier Bakken.

Då er prisen «berre» 12.000 pund, Landheim må betala vel 30.000.

Må få ei tilråding

Men korleis hamna desse fire, og nokre, men ikkje veldig mange, andre norske studentar i den engelske universitetsbyen?

— Eg har alltid vore interessert i matematikk, så det var aldri eit spørsmål om kva eg skulle studera. Eg fekk så ein tanke om å reisa til eit toppuniversitet for å sjå kva som går føre seg der, seier Simon Foldvik.

— Men det er vel ikkje berre å reisa?

— Nei, ein må mellom anna ha tilrådingsbrev og ein må skriva ein søknad der ein seier noko om kva ein har gjort og kva ein er interessert i. Neste steg for mange er videointervju. Det er mange søkjarar, så universitetet kan berre plukka.

Han har som sagt allereie ei mastergrad, og fast jobb som programmerar i Oslo. Nikoline Landheim har jobba både i FN og vore praktikant i Utanriksdepartementet. Ho har òg to mastergrader med seg til Oxford.

— Er det jobb i akademia som er målet?

— Å få ei doktorgrad her tek mellom tre og fire år. Så eg gjer det først — og så tek eg det derifrå, seier 27-åringen.

Det er tre terminar ved universitetet, kvar på åtte veker. I tillegg er det ein del arbeidskrav som må gjennomførast i periodane mellom undervisningsterminane. Dei fire studentane fortel at det er mykje som skal lesast, gjerne tusen sider pensum i veka i nokre fag.

Ei eiga verd

Utanfor universitetsbygningen står syklane tett i tett, og like over vegen ligg studentheimen der tre av dei fire bur. Lunsj og middag kan dei eta på universitetet om dei vil, for ein rimeleg penge. Livet går med andre ord føre seg først og fremst på Balliol, eller mellom dei ulike colleges.

— Oxford er verda i miniatyr, seier Meklenborg-Salvesen.

— Og alle som er her, vil noko.

Det er det som er kjekt, synest Bakken.

— Ein bur saman med, og møter, studentar som studerer heilt andre ting enn deg sjølv. Eg snakka nyleg med ein som studerer dødsstraff på 1500-talet. Folk er så nerd, seier han og humrar.

Nokre titals norske studentar

Dei fire som Khrono møter fortel at dei trur det totalt er mellom femti og seksti norske studentar i Oxford no.

— Dersom de skal tilbake til Noreg etterpå, betyr det noko å ha Oxford på CV-en sin?

— Eg heller meir mot «ja» enn mot «nei», seier Foldvik.

— Eg trur det å ha studert her vil kunna opna fleire dører.

Powered by Labrador CMS