direkte
Tilsettingar og open forsking opp på styremøte i Stavanger
Det er eit innhaldsrikt sakskart styret ved Universitetet i Stavanger skal gjennom i dag. Følg styremøtet her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Følg styremøtet direkte nedst i saka)
Styret ved Universitetet i Stavanger skulle eigentleg ha møte den 12. mars, men det vart utsett i siste liten grunna koronapandemien som for alvor byrja å sette sitt preg på det norske samfunnet.
Den nye datoen for styremøtet vart sett til måndag 20. april og skal går føre seg på Zoom. Likevel var det nokre av sakene som ikkje lét vente på seg og som styret har behandla på sirkulasjon.
Styret har mellom anna vedteke årsrapporten for 2019-2020, dei har vedteke ei mellombels forskrift som gir fakulteta rett til å utsetje sensurfristen dersom helligdagar hamnar midt i sensurperioden og dei har også vedteke endring i forskrift om eksamen, som gir rektor rett til å gjere endringar i prøvingsform når det er naudsynt.
Det er likevel eit innhaldsrikt sakskart styret har på bordet under styremøtet måndag.
Blant sakene som skal opp er gjennomstrøymingstal frå doktorgradsutdanningane, dei skal orienterast om styrkinga av innovasjonsarbeidet til universitetet og dei skal vedta nye retningslinjer og handtering av open forsking.
Der tilrår rektor Klaus Mohn at styret blant anna vedtek at UiS skal skrive under på DORA-erklæringa.
Dei skal også tilsetje tre nye instituttleiarar ved Institutt for medie- og samfunnsfag, Institutt for kultur- og språkvitenskap og Norges hotellhøgskule.
Desse sakene står på sakskartet:
V–sak US 7/20 Godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 20.04.2020
V–sak US 8/20 Godkjenning av møtebok fra styremøte 06.02.2020 og møtebok for styresaker behandlet på sirkulasjon 12.03.2020
Organisasjon/ledelse:
V–sak US 9/20 Fullmakter og systemtilganger i virksomheten og revisjonsplan 2020
Virksomhetsstyring- og utvikling:
V–sak US 11/20 Strategi 2030
Forskning:
V–sak US 13/20 Åpen forskning på UiS
O–sak US 14/20 Disputaser og gjennomstrømning i doktorgradsutdanningen ved UiS i 2019
Utdanning:
O–sak US 15/20 Orientering om tilsynsrapport fra NOKUT om kvalitetssystemet ved UiS
V–sak US 16/20 Kvalitet i studieportefølje, gjennomgang og planlegging av studieplassene ved UiS 2021-2022
V–sak US 17/20 Erasmus Policy Statement
V–sak US 19/20 Utdannings- og læringsmiljøprisen
V-sak US 20/20 Midlertidig forskrift om tillegg til forskrift om studier og eksamen ved Universitetet i Stavanger
Innovasjon:
O–sak US 21/20 Styrking av innovasjonsarbeidet ved UiS
HR:
V–sak US 22/20 Ansettelsesmyndighet for undervisnings- og forskerstillinger ved UniPed
V-sak US 24/20 Ansettelse i åremålsstilling som instituttleder ved Institutt for medie- og samfunnsfag (U.off.)
V–sak US 25/20 Tiltaksplan for å redusere andel midlertidig ansatte
V-sak US 26/20 Ansettelse i åremålsstilling som instituttleder ved Norsk hotellhøgskole (U.off.)
V-sak US 27/20 Ansettelse i åremålsstilling som instituttleder ved Institutt for kultur- og språkvitenskap (U.off.)
Diverse saker:
O-sak US 29/20 Fullmaktsaker til styremøte 20.04.2020
O-sak US 30/20 Orienteringssaker til styremøte 20.04.2020
Eventuelt